Linda Stuhaug

Annonse

13. september 2017

Verdens beste heimelaga tomatsuppe

Verdens beste heimelaga tomatsuppe
Riktig god onsdag!
Idag folkens – idag er det suppe på menyen! Forrige veke lagde eg nemlig verdens beste tomatsuppe – vertfall det beste tomatsuppa eg nokon gang har smakt. Sjølvskryt sa du? Tja…
Grunnen til at denne suppa blei så god ligger i krafta. Den beste suppa lager du med skikkelig heimekokt kraft! Eg har massevis av lammekraft i frysaren og det var berre fantatsisk godt til tomatsuppe. No er det jo lammesesong og en perfekt mulighet for å skaffe seg litt lammebein til kraftkoking 🙂
Utenom lammekraft har eg også kyllingkraft som er godt å bruke, men lammekraft satte virkelig prikken over i-en. Du kan sjølvsagt lage suppa med buljong dersom du ikkje har kraft, men som sagt: den beste suppa lager du med ekte kraft!
Tomatsuppe, til 3-4 personer 1 stor løk, hakka 2 fedd kvitløk, finhakka 1-2 ss smør 2 ss tomatpurè 8 dl lammekraft (evt. anna kraft/buljong) 2 gulerøtter, i små terninger 1/2 squash (kan sløyfes) 2 store kartonger hakkede tomater (tilsammen 1000 g) * 1/2 potte frisk basilikum, finhakka 150 g creme fraiche * evt. salt, pepper og 1-2 ts honning/sukrin/sukker (for å runde av smaken)
Slik gjer du: 1. Steik løk og kvitløk i smør til løken er blank. Tilsett tomatpurè og la det surre 1-2 minutt til.
2. Ha i lammekraft, gulerøtter og squash. La det koke opp og småkoke i 10 minutter.
3. Tilsett hakkede tomater og la suppa småkoke i 10-15 minutter til, eller til gulerøttene er møre. Kjør suppa glatt med en stavmiksar.
4. Rør inn basilikum og creme fraiche. Smak eventuelt til med salt, pepper og honning. Det er ikkje sikkert dette er nødvendig då krafta gir frå seg mykje smak og gulerøttene gir litt sødme til suppa. La det få eit lite oppkok før servering og nyt med det tilbehøret du liker best!
Tips og alternativer! ♦ Du kan og bruke tomater som du hakker sjølv, ca. 1 kg. Då må tomatene koke med frå starten av.
♦ Bruk kokosmelk istedenfor creme fraiche for melkefri suppe.
♦ Bruk grønnsakskraft/buljong for vegetarsuppe.
♦ Server med akkurat det du liker best! Eg hadde kokte egg første dagen, men suppa var faktisk så god i seg sjølv at eg droppa garnityr når eg hadde restesuppe eit par dager etterpå.
PS! Suppa er smakfull, men ikkje sterk. Super middag for barnefamiliane 🙂
Eg er i skikkelig suppehumør for tida, og lagde suppe til middag igjen seinast i går som blir neste vekers kjøttfri mandagsoppskrift 🙂 Det er noko spesielt med supper (og gryter forsåvidt) på denne årstida – det er liksom då det smaker aller best ♥
Gleder meg til fleire supper framover! Har du ønsker om ei spesiell suppe du vil eg skal lage? Skrik ut 😀
Nyt lillelørdagen!

Riktig god onsdag!

Idag folkens – idag er det suppe på menyen! Forrige veke lagde eg nemlig verdens beste tomatsuppe – vertfall det beste tomatsuppa eg nokon gang har smakt. Sjølvskryt sa du? Tja…

Grunnen til at denne suppa blei så god ligger i krafta. Den beste suppa lager du med skikkelig heimekokt kraft! Eg har massevis av lammekraft i frysaren og det var berre fantatsisk godt til tomatsuppe. No er det jo lammesesong og en perfekt mulighet for å skaffe seg litt lammebein til kraftkoking 🙂

Utenom lammekraft har eg også kyllingkraft som er godt å bruke, men lammekraft satte virkelig prikken over i-en. Du kan sjølvsagt lage suppa med buljong dersom du ikkje har kraft, men som sagt: den beste suppa lager du med ekte kraft!

Tomatsuppe, til 3-4 personer
1 stor løk, hakka
2 fedd kvitløk, finhakka
1-2 ss smør
2 ss tomatpurè
8 dl lammekraft (evt. anna kraft/buljong)
2 gulerøtter, i små terninger
1/2 squash (kan sløyfes)
2 store kartonger hakkede tomater (tilsammen 1000 g) *
1/2 potte frisk basilikum, finhakka
150 g creme fraiche *
evt. salt, pepper og 1-2 ts honning/sukrin/sukker (for å runde av smaken)

Slik gjer du:
1. Steik løk og kvitløk i smør til løken er blank. Tilsett tomatpurè og la det surre 1-2 minutt til.

2. Ha i lammekraft, gulerøtter og squash. La det koke opp og småkoke i 10 minutter.

3. Tilsett hakkede tomater og la suppa småkoke i 10-15 minutter til, eller til gulerøttene er møre. Kjør suppa glatt med en stavmiksar.

4. Rør inn basilikum og creme fraiche. Smak eventuelt til med salt, pepper og honning. Det er ikkje sikkert dette er nødvendig då krafta gir frå seg mykje smak og gulerøttene gir litt sødme til suppa. La det få eit lite oppkok før servering og nyt med det tilbehøret du liker best!

Tips og alternativer!
♦ Du kan og bruke tomater som du hakker sjølv, ca. 1 kg. Då må tomatene koke med frå starten av.

♦ Bruk kokosmelk istedenfor creme fraiche for melkefri suppe.

♦ Bruk grønnsakskraft/buljong for vegetarsuppe.

♦ Server med akkurat det du liker best! Eg hadde kokte egg første dagen, men suppa var faktisk så god i seg sjølv at eg droppa garnityr når eg hadde restesuppe eit par dager etterpå.

PS! Suppa er smakfull, men ikkje sterk. Super middag for barnefamiliane 🙂

Eg er i skikkelig suppehumør for tida, og lagde suppe til middag igjen seinast i går som blir neste vekers kjøttfri mandagsoppskrift 🙂 Det er noko spesielt med supper (og gryter forsåvidt) på denne årstida – det er liksom då det smaker aller best ♥

Gleder meg til fleire supper framover! Har du ønsker om ei spesiell suppe du vil eg skal lage? Skrik ut 😀

Nyt lillelørdagen!

Annonse

6 Kommentarer

C

Carolina

8. oktober 2018

Kjære Linda, eg er stor tilhengar av bloggen din, og syntes du gjer ein heilt fantastisk jobb. Det er så viktig med riktig fokus på sunn og næringsrik mat, men samtidig å lage seg rutiner som faktisk er moglege å gjennomføre- dette hjelper du så uendelig mange med å klare! Eg har i mange år slite med urein hud, og opplever ei endring då eg et «rein mat». Eg har gått til hudterapeut der eg fekk ei lang liste over mat eg skulle halde meg unna: type linse, bønner, erter, all form for karbohydrater og fett, havregryn, ete lite laks, spirer, all form for melk og meieriprodukter, sukker etc. Lista var lang. mat som eg derimot skulle ete var: grønnkål, spinat og torsk. Dermed sitt eg igjen med meir spørsmål enn svar.. Eg har lese historia di at du gjekk i frå å vere ein tenåring med vektproblemer og urein hud, til å komme dit du er i dag. Eg lurer på om du kunne skrive eit innlegg vedrørande «hudvennleg mat». Eg er sjølv utdanna innen helsevesenet og blir regelrett bekymra når hudterapeutar går ut med slike råd, eg tenkjer at risikoen for underernæring og mangelsjukdommar er stor dersom desse råda blir følgt..

Linda Stuhaug

9. oktober 2018

Hei Carolina! Veit du kva, no fekk eg skikkelig bakoversveis av tilbakemeldinga du har fått fra hudterapeuten. Du kan da ikkje holde deg unna alle desse matvarane?! Det er no vertfall tull og fjas, og risikoen for å bli underernært er svært stor som du skriver! Eg veit ikkje eingang kor eg skal starte, men mitt første råd til deg er å oppsøke ein anna terapeut…. Man kan ikkje leve på grønnkål, spinat og torsk – då skal eg love at gløden i huda forsvinner, du vil miste hår og ikkje minst miste deg sjølv… Etter mi erfaring og mine venners erfaring så er det to utfordringer med kosten som har gitt meg og oss urein hud: 1) sukker og sukkerholdige matvarer 2) for mykje melk og meieriprodukt. Kanskje det er verdt å sjå om det er ein rød tråd i desse matvarene og utvikling i huda di? <3

C

Carolina

9. oktober 2018

Tusen takk for svar! Ja, eg blei skremt over desse råda, og kan ikkje ein gong forstå at det er mulig å gjennomføre dette.. Eg skal prøve råda du gav meg! <3

Linda Stuhaug

10. oktober 2018

<3 så bra! Hugs og at dette er veldig individuelt. Masse lykke til iallefall 🙂

A

ALouise

15. november 2019

Hei Linda. Tenker og bruke havrefløte i stede for crème fraiche. Hvor mye anbefaler du jeg bruker av fløten?

Linda Stuhaug

17. november 2019

Hei! Det er berre å bruke samme mengden 🙂

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg