Kva er egentlig forskjellen mellom dei ulike sukrin-variantane? Her har du min guide!

Hei alle sammen!

Både på spørsmålsrunden min og generelt har det dukka opp mange spørsmål angåande dei ulike sukrinvariantane. Kva er egentlig forskjellen? Kvifor anbefaler eg ikkje vanlig sukrin? Er det naturleg? Er det kunstig?

I dag deler eg defor en fullstendig guide eg håper er litt oppklarande for alle de som lurer. Eg har og tatt med Fibersirup og Vaniljepulver for å dekke alle dei alternative søtingane/helsekostprodukta eg bruker i mine oppskrifter, både her på bloggen og i mi kommande bok som du kan lese meir om og forhåndsbestille HER. 

PS! Dette passa faktisk midt i blinken, for i går starta BAKEVEKE hos x-life med 25% rabatt på alle bakevarer!

De som følger meg veit at x-life er min hovedsponsor og står for mine alternative ingredienser. Eg har linka til alle ingrediensane som du eventuelt kan plassere direkte handlekurven og få heim i posten. Ingrediensane får du også på helsekostbutikker og nokon dagligvarebutikker (spesielt dei med godt utvalg).

Først og fremst: sukrin(variantane) fungerer som erstatning for sukker i søte oppskrifter. Dei passer like godt til dei med diabetes, dei som ikkje tåler sukker, dei som vil kutte ned på sukker eller berre ønsker å lage sukkerfri og sunnare alterntiv til det søte 🙂

SUKRIN – kjøp her.
Sukrin er ei kalorifri sukkererstatning basert på sukkeralkoholen erytritol. Det er 100 prosent naturleg og finst blant anna i sopp og pærer. Sukrin blir framstilt ved at druesukker først blir fermentert, deretter reinsa, varma opp og filtrert slik at det ikkje er spor av gjær igjen. Sukrin inneheld ingen kaloriar, påverkar ikkje blodsukkeret, blir ikkje brukt som energi av kroppen og skillast ubrukt ut med urinen (dette gjelder også dei andre sukrinvariantane).

Ved bruk av sukrin er det mange som opplever en kjølande/metallisk smak. Dette er en av grunnane til at eg aldri bruker vanlig sukrin. Eg klarer ikkje denne ettersmaken i munnen! I tillegg merker eg at sukrin tynger baksten, som gjærbakst og kaker. Resultatet blir altså ikkje like luftig og godt. En siste grunn til at eg ikkje bruker sukrin, er at eg merker at vanlig sukrin er spesielt god på å suge saftighet ut av oppskrifter. Resultatet blir altså fort tørt.

Eg håper det gir god nok forklaring på kvifor eg ikkje anbefaler sukrin for optimalt resultat. Vil du absolutt bruke det, skal eg ikkje nekte deg, men resultatet blir ikkje det samme. Du må og vere obs på at du må bruke meir, på grunn av søtningsgraden i forhold til dei andre.

Søtingsgrad: ca. 70 % av sukker.

Bruksområde: Strøsukker og der ein elles ville brukt sukker.

SUKRIN PLUSS – kjøp her
Sukrin+ er sukrin som er smelta saman med stevia. Sukrin fjernar den bitre bismaken frå stevia, og stevia fjernar den kjølande ettersmaken frå sukrin. Dette er ein unik kombinasjon og definitivt min favoritt blant dei ulike alternative søtingsmidla. Sukrin+ er 100 prosent naturleg, inneheld ingen kaloriar, påverkar ikkje blodsukkeret og har litt finare konsistens enn strøsukker.

Søtingsgrad: dobbelt så søtt som sukker.

Bruksområde: Sukrin+ er det søtingsmiddelet eg synast fungerer best som strøsukker. Kan elles brukast til dessertar, kaker og bakst. Det beste er ein kombinasjon av Sukrin+ og Sukrin Gold.

SUKRIN GOLD – kjøp her
Sukrin Gold er eit gyllent sukrin som er samansett av fleire naturlege søtstoff som gir ein søt, rund og fyldig smak. Inneheld 8 kaloriar pr. 100 gram, og har ein glykemisk indeks på 1. Sukrin Gold er ein erstattar for brunt sukker, men kan òg brukast i staden for kvitt sukker.

Søtingsgrad: samme som sukker/brunt sukker.

Bruksområde: Kan brukast der ein vanlegvis ville brukt kvitt eller brunt sukker. Deriblant varme drikker, dessertar og bakst. Ideell som strøsukker. Brukast det over for eksempel varm havregraut, vil det smelte og karamellisere seg på toppen. Som nevnt, det beste er å kombinere Sukrin Gold med Sukrin+ i dessertar og bakst.

SUKRINMELIS – kjøp her
Sukrinmelis består av finmalt sukrin tilsett ei lita mengde stevia. Det gir samme effekt som Sukrin+. Sukrinmelis er 100 prosent naturleg, inneheld ingen kaloriar, påverkar ikkje blodsukkeret og har konsistens som melis.

Søtingsgrad: samme som sukker/melis.

Bruksområde: Løyser seg lett opp og er derfor ideelt å bruke i mat og drikker som ikkje skal varmast, deriblant yoghurt, smoothie, kremar, glasurar, konfekt og liknande.

FIBERSIRUP CLEAR – kjøp her
Fibersirup er ein søt sirup av nyttige prebiotiske plantefibrar som smaker søtt og fungerer som mat for dei gode bakteriane i fordøyelsessystemet. Inneheld 5 % sukkerartar og 70 % fiber. Fibersirup Clear er ein allsidig ingrediens i baking og matlaging og bidrar både med fast konsistens, søtsmak og fiber.

Søtingsgrad: ca. 60 % av sukker.

Bruksområde: Fibersirup Clear er eit vidundermiddel for heimelaga barer, kjeks og cookies. Det gir ein småseig konsistens, sprø yte og mjuk kjerne. Kan også brukast som søting i andre oppskrifter.

FIBERSIRUP GOLD – kjøp her
Fibersirup Gold er tilsett ei lita mengd stevia og maltekstrakt, og kan brukast som erstatning for sirup og honning. Har ein gyllen farge og fyldig søtsmak.

Søtingsgrad: like søtt som sukker/sirup.

Bruksområde: Fibersirup Gold kan brukast som søting i ulike oppskrifter. Smaker også nydeleg over pannekaker, yoghurt, dessertar, graut og liknande.

VANILJEPULVER – kjøp her. 
Vaniljepulveret eg bruker i oppskriftene er 100 prosent reint vaniljepulver laga av ekte bourbonvanilje. Det er svært drygt i bruk. Frø frå vaniljestenger kan erstatte vaniljepulver i oppskriftene, men vaniljepulver er mykje rimelegare.

Bruksområde: Vaniljepulver passar i kaker, dessertar, smoothies, vaflar og elles dei fleste søte oppskrifter.

Så, kva anbefaler eg?
Skal du sukkerfri alternativ til det søte så kjem du langt om du handler inn sukrin+, sukrin gold og sukrinmelis. Har du desse tre i skapet kan du lage dei fleste oppskriftene mine vertfall, sidan det er desse tre eg bruker mest 🙂 For komplett sukkerfritt bakeskap er Fibersirup Clear, Fibersirup Gold og vaniljepulver heilt topp.

Ingrediensa

Når det er sagt, så lager eg og søte oppskrifter uten sukrinvariantane/helsekostprodukt. Alle oppskriftene er samla under «oppskrifter uten helsekostprodukt«. Då blir det brukt naturlig sødme i form av fersk/tørka frukt eller flytande honning 🙂

Håper guiden har gitt deg litt nyttig informasjon! Har du spørsmål må du berre legge igjen en kommentar, så skal eg svare så godt eg kan.

Kjelde: www.funksjonellat.no

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

20 kommentarer

  1. Hei, lurer bare på om man burde være forsiktig med å bruke disse søtningsmidlene når man baker/lager mat til barn?

    1. Hei! Det er nesten en vurdering man må ta sjølv 🙂 Eg ser ingen grunn til å ikkje gi det til barn då det er 100% naturlig, men eg vil ikkje oppfordre til det eine eller andre. Du kan lese meir utfyllande om sukrin her eventuelt 🙂

      http://www.funksjonellmat.no/sukrin/faq/

  2. Hvilken type flytende honning bruker du? Akasiehonning?

    1. Akasiehonning eller en type honning kjøpt i Rhodos 🙂

  3. Er sukrin i samme gate som aspartam?

    1. Nei, overhode ikkje. Aspartam er kunstig.

  4. Tusen takk – det var supergreit med en sånn oversikt!! Har ofte lurt på hvordan var det nå – hva brukes til hva.. Nå vet jeg hvor jeg finner svar!! 😀

    1. Så bra du fikk noko ut av den, Kristin 😀

  5. Jeg har nettopp lastet ned appen din, men får den ikke til å funke. Kommer opp «server problem». Vet ikke hvor jeg skal informere om dette enn her 😛

    1. Hei!

      Appen kan du berre slette, den har vore nede i over eit år 🙂

  6. Jag tycker det är väldigt intressant, svårt och spännande med sötningsmedel/socker. Väldigt svårt att veta vad som är bra och dåligt. Finns det Cola Zero så dricker jag det. Jag dricker nästan varje dag en smoothie med proteinpulver i som fullt med sötningsmedel. Jag ger ketchup som är sötad med stevia till mina barn. Men trots det är jag inte säker på att det är jättebra med sötningsmedel…

    Om det funkar med svenska så finns det en hel del tankar som kan vara läsvärda här: www . annahallen . se/kolhydratsfria-sotningsmedel/

    Hon länkar även vidare hit: ekobiotips . blogspot . se/2012/04/erythritol-effekterna.html
    Där kan man bland annat läsa «erythritol caused calcium and potassium loss through the urine that could damage kidney function over time»

    Man får alltså läsa på så mycket man kan och vill och sedan ta sitt egna beslut om sötningsmedel är något man vill använda i sin kost eller inte. Men det är definitivt inte lätt att veta vad som är rätt och fel!

    1. Hei Tobbe! Interessant lesing, takk som deler 🙂 Eg har litt problem med svensken, men eg forstår hovedpunktene. Skal lese litt meir grundig gjennom det seinare, alltid kjekt å få med seg andre sine synspunkter og meininger!

      Som med alt av mat her i verden så er det store uenigheter, også om sukrin. Så eg er heilt enig med deg at man må ta sin egen bestlutning om dette skal vere en del av kostholdet eller ikkje 🙂

      God helg!

      1. Jag översätter gärna till engelska om det är något du undrar över 🙂

      2. Takk for det!! 🙂

  7. Hva med kokostblomstsukker og sirup?

    1. Kokossocker är ett bättre alternativ än vanligt vitt socker. Det innehåller mycket mer zink, järn, protein och andra bra ämnen än vad vitt socker gör. Det har också betydligt lägre GI (35 i stället för 100). Men det är väldigt energitätt (många kcal alltså) och kommer påverka ditt blodsocker rejält. Men som sagt, inte lika mycket som vanligt socker.

      Mer info här: www . supernyttigt . se/notter/kokos/kokossocker/

      1. Takk for nyttige linker, Tobbe 😀

    2. Først og fremst: dette er en guide om dei søtningane eg foretrekker og bruker. Det er eit hav av andre alternative søtninger man kan bruke 🙂

      Kokosblomtsukker og sirup er, som Tobbe skriver, eit litt meir nærignsrikt og blodsukkervennlig alternativ enn sukker. Likevell er det energitett og forskjellen er ikkje SÅ innimari stor. Eg personlig bruker det ikkje fordi 1) eg liker bedre sukrinvariantane og 2) eg tenker rett og slett at då kan eg like gjerne bruke vanlig sukker. Det er ikkje fra kokosblomstsukker eg får næringsstoffa mine uansett 😉 Kort og ærlig – men du bruker det du foretrekker 🙂

  8. Hei! Kunne du ha laga ein guide om proteinpulver i mat og til trening også? Eg er veldig nysgjerrig på det, men skjønnar meg aldri heilt på det. Er det verkeleg nødvendig med ekstra tilskot? Eg har lest at det kjem an på kor mykje du trenar, veit du noko meir om dette?

    1. Hei! Eg er ikkje riktig person å lage proteinpulver-guide, for å sei det rett ut 🙂 Eg bruker det ikkje særlig mykje sjølv, kun i vafler/pannekaker (fordi det er godt) og i heimelaga proteinbarer. Du trenger garanert ikkje noko ekstra tilskudd i form av proteinpulver, og det er som regel ikkje derfor dei fleste bruker det heller 🙂