Linda Stuhaug

Annonse

Crunchy, digg banangranola!

Crunchy, digg banangranola!
God morgen!
Idag skal eg bytte ut litt bachelor- skriving på dagtid med en etterlengta sykkeltur, sola skinner fra blå himmel og det er ikkje kvardagskost på Vestlandet 😉 Skrivinga får eg ta igjen i ettermiddag – eg har uansett meir ro i kroppen når den er blitt litt brukt!
Men, over til dagens oppskrift. Har du hørt om banangranola? Dette er perfekt å lage om du har overmodne bananer på kjøkkenbenken. Bananen gir både sødme og du får store, digge og crunchy granolabiter. Nydelig over ei skål med yoghurt og litt frisk frukt/bær:
Eg har mange oppskrifter med overmodne bananer i arkivet no, og når eg hadde eit par svarte bananer i fruktskåla mi for litt sida, så hadde eg lyst å lage noko nytt. Banangranola blei det, og denne oppskrifta er inspirert av flinke Godt for magen – Julianne, og du finner originaloppskrifta HER. Eg har gjort litt om på oppskrifta, og her har du min variant:
*Les tips og alternativ under!
Banangranola, 1 stor krukke 1 stor, moden banan 50 g Sukrinsirup gold (evt. honning eller anna valgfri, flytande søtning) 2 ss kokosolje, smelta* 1 ts kanel 150-200 g havregryn* 50-100 g valgfri nøtter/kjerner* en god klype maldonsalt
Slik gjer du: Sett steikeovnen på 150 grader varmluft. Ha banan, fibersirup, kokosolje, kanel og maldonsalt i en bolle og kjør glatt med stavmiksar. Vend inn havregryn og valgfri nøtter/kjerner.
Fordel granolablandinga på eit steikebrett med bakepapir. Sett inn midt i ovnen. Steik midt i ovnen i 20-30 minutt, eller til den er gyllen i fargen og begynner å bli sprø. Rør nokre ganger underveis.
Avkjøl granolaen. Når den er heilt avkjølt blir den knasande sprø, og du kan ta den over i ei glasskrukke. Oppbevarast i kjøkkenskapet.
PS! Lag gjerne dobbel eller trippel oppskirft, det gjer eg ofte – men må då naturligvis steike den lengre 🙂
Eg synes det er superdigg med store granolabiter, slik som eg har. Men dette kan man sjølvsagt bestemme sjølv, visst du ønsker små granolabiter kan du 1) fordele blandinga jevnare utover steikebrettet eller 2) hakke opp underveis etterpå.
Tips og alternativ* → For glutenfri granola bruker du naturligvis glutenfri havregryn.
→ Du man mikse og trikse med ulike typer nøtter og kjerner etter smak og behag. Tåler du ikkje nøtter bruker du kun kjerner, og er du ikkje så glad i kjerner kan du fint bruke eit par forskjellige typer nøtter. Du kan og gjere det veldig enkelt med å bruke kun en type, sjølvsagt.
Kokosolje kan byttast med rapsolje eller eventuelt smelta smør.
Lysare og finare dager gir meg lyst på lette, fargerike måltider – og ei slik skål med yoghurt/cottage cheese, granola og frukt/bær er heilt supert som både frukost, lunsj, kveldsmat eller mellommåltid for min del. Sunt, godt, raskt og veldig enkelt!
Prøv banangranola du også! Det er så mykje godt ein kan bruke overmodne bananer til. Dei høyrer vertfall ikkje heime i søppelbøtta! Mine bananer er ofte heilt svarte, men når eg tar av skallet er dei absolutt like fine inni, berre enda søtare. Eg kjøper og ofte ekstra mange bananer berre for å la dei ligge å modne, slik at eg kan bruke dei til digge banan-oppskrifter 🙂
Kva pleier du å bruke overmodne bananer til? Del gjerne tips! Eg har massevis av inspirasjon i arkivet, men lurer på om eg skal samle alle i eit innlegg, og då hadde det vore kjekt med eit par ekstra tips frå dåkke 🙂

God morgen!

Idag skal eg bytte ut litt bachelor- skriving på dagtid med en etterlengta sykkeltur, sola skinner fra blå himmel og det er ikkje kvardagskost på Vestlandet 😉 Skrivinga får eg ta igjen i ettermiddag – eg har uansett meir ro i kroppen når den er blitt litt brukt!

Men, over til dagens oppskrift. Har du hørt om banangranola? Dette er perfekt å lage om du har overmodne bananer på kjøkkenbenken. Bananen gir både sødme og du får store, digge og crunchy granolabiter. Nydelig over ei skål med yoghurt og litt frisk frukt/bær:

Eg har mange oppskrifter med overmodne bananer i arkivet no, og når eg hadde eit par svarte bananer i fruktskåla mi for litt sida, så hadde eg lyst å lage noko nytt. Banangranola blei det, og denne oppskrifta er inspirert av flinke Godt for magen – Julianne, og du finner originaloppskrifta HER. Eg har gjort litt om på oppskrifta, og her har du min variant:

*Les tips og alternativ under!

Banangranola, 1 stor krukke
1 stor, moden banan
50 g Sukrinsirup gold (evt. honning eller anna valgfri, flytande søtning)
2 ss kokosolje, smelta*
1 ts kanel
150-200 g havregryn*
50-100 g valgfri nøtter/kjerner*
en god klype maldonsalt

Slik gjer du:
Sett steikeovnen på 150 grader varmluft. Ha banan, fibersirup, kokosolje, kanel og maldonsalt i en bolle og kjør glatt med stavmiksar. Vend inn havregryn og valgfri nøtter/kjerner.

Fordel granolablandinga på eit steikebrett med bakepapir. Sett inn midt i ovnen. Steik midt i ovnen i 20-30 minutt, eller til den er gyllen i fargen og begynner å bli sprø. Rør nokre ganger underveis.

Avkjøl granolaen. Når den er heilt avkjølt blir den knasande sprø, og du kan ta den over i ei glasskrukke. Oppbevarast i kjøkkenskapet.

PS! Lag gjerne dobbel eller trippel oppskirft, det gjer eg ofte – men må då naturligvis steike den lengre 🙂

Eg synes det er superdigg med store granolabiter, slik som eg har. Men dette kan man sjølvsagt bestemme sjølv, visst du ønsker små granolabiter kan du 1) fordele blandinga jevnare utover steikebrettet eller 2) hakke opp underveis etterpå.

Tips og alternativ*
→ For glutenfri granola bruker du naturligvis glutenfri havregryn.

→ Du man mikse og trikse med ulike typer nøtter og kjerner etter smak og behag. Tåler du ikkje nøtter bruker du kun kjerner, og er du ikkje så glad i kjerner kan du fint bruke eit par forskjellige typer nøtter. Du kan og gjere det veldig enkelt med å bruke kun en type, sjølvsagt.

Kokosolje kan byttast med rapsolje eller eventuelt smelta smør.

Lysare og finare dager gir meg lyst på lette, fargerike måltider – og ei slik skål med yoghurt/cottage cheese, granola og frukt/bær er heilt supert som både frukost, lunsj, kveldsmat eller mellommåltid for min del. Sunt, godt, raskt og veldig enkelt!

Prøv banangranola du også! Det er så mykje godt ein kan bruke overmodne bananer til. Dei høyrer vertfall ikkje heime i søppelbøtta! Mine bananer er ofte heilt svarte, men når eg tar av skallet er dei absolutt like fine inni, berre enda søtare. Eg kjøper og ofte ekstra mange bananer berre for å la dei ligge å modne, slik at eg kan bruke dei til digge banan-oppskrifter 🙂

Kva pleier du å bruke overmodne bananer til? Del gjerne tips! Eg har massevis av inspirasjon i arkivet, men lurer på om eg skal samle alle i eit innlegg, og då hadde det vore kjekt med eit par ekstra tips frå dåkke 🙂

Annonse

39 Kommentarer

I

Ingvild

10. desember 2018

Hei! Hvor lenge er granolaen holdbar?

Linda Stuhaug

12. desember 2018

Holder seg i vekes/månedsvis 🙂

M

Marie

19. september 2022

Kanongod! (Og så dufter det så herlig i heile huset etter endt produksjon) :)

Linda Stuhaug

20. september 2022

Sant! Lukter alltid så godt i huset når det er banangranola på gang😍

K

Karoline

12. september 2019

Hei! Kan ein tine opp Fryste overmodne bananer? Digga desse oppskriftene!

Linda Stuhaug

12. september 2019

Hei! Det går sikkert fint, men eg har ikkje prøvd det sjølv før 🙂

V

Victoria

17. september 2020

Jeg fryser ofte modne bananer og bruker dem til å bake med når de er tint igjen 🙂

Linda Stuhaug

18. september 2020

Til bananbrød, bananpannekaker osv også? 🙂

M

Maria

22. januar 2023

Ja. Funker fjell @

Linda Stuhaug

23. januar 2023

🤩

K

Kjersti

10. januar 2022

Takk for denne oppskrifta. Denne er standard hjå meg og eg må alltid ha ei krukke med denne deilige banangranolaen. Brukar den nærast dagleg 🙂 Eg likar å steike den lenge, så den blir litt mørkebrun og skikkeleg crunchy.

Linda Stuhaug

11. januar 2022

Så kjekt du liker den! Eg har alltid ståande minst eit glass med banangranola i skapet også 😀

B

Benita

8. desember 2021

Hva har jeg gjort feil?? Blir ikke crunchy 🙁

Linda Stuhaug

9. desember 2021

Då har du ikkje stekt lenge nok 🙂 Ta det inn igjen i ovnen du 😀

T

Trine Taksdal

23. juli 2022

Hei! Jeg har ikke så god kjennskap til de ulike sukrinvariantene. Jeg har kjøpt sukrin gold. Kan jeg bytte ut sukrin sirup gold med sukrin gold? Blir mengden den samme?

Linda Stuhaug

23. juli 2022

Hei! Ja, det kan du. Mengden er samme :)

T

Trine Taksdal

23. juli 2022

Ok. Gleder meg til å prøve. Takk for raskt svar😊

A

Anonym

22. mai 2018

Hei. Brukte du 50/50 nøtter og gresskarkjerner?

Linda Stuhaug

22. mai 2018

Hei! Jepp 🙂

W

Wendy

12. mai 2018

Hvor lang er holdbarheten?

Linda Stuhaug

13. mai 2018

Leeenge 😉 Mange veker, sikkert måneder!

M

Marit

22. mars 2023

Denne er knallgod😊 lager alltid dobbel oppskrift. 🎉🤩

Linda Stuhaug

26. mars 2023

Herlig😃

S

Sonja

11. mai 2018

Hei! Så fin bok du har laget. Jeg bruker overmodne bananer 1-2 i vaffelrøra istedenfor sukker.

Linda Stuhaug

11. mai 2018

Tusen takk, Sonja! Bananer i vaffelrøra er jo heilt toppers 😀

J

Julie

10. mai 2018

Dette så veldig fristende ut! Også så flott fotografert sammen med det rød-rutete kopphankledet!

Linda Stuhaug

10. mai 2018

Tusen takk, Julie 🙂

K

Kristiane

9. mai 2018

Overmodne bananer går til bananbrød (saftig bananbrød med hakkede valnøtter på toppen er noe av det beste jeg vet), moses og røres inn i din «fløyelsmyke havregrøt», eller deles i biter og fryses ned i porsjonsposer til smoothier 🙂

Linda Stuhaug

10. mai 2018

Perfekt måte å bruke bananene på! Prøv denne granolaen neste gang – du vil ikkje angre 😀

K

Kristin

8. mai 2018

Helt topp med samleinnlegg med overmoden-banan-oppskrifter!! Jeg lager ofte bananmuffins med havremel og sjokoladebiter, og så har jeg planer om å teste is laget på banan og peanøttsmør. Kake i kopp er også topp (…) med overmoden banan, har faktisk en av dine oppskrifter på kopp-kake og en svart (nesten) banan liggende på benken som skal bli lunsj i dag. Takk for all inspirasjon du deler rundt deg!!

Linda Stuhaug

8. mai 2018

Hurra! Det er så kjekt å inspirere 🙂 Overmodne bananer er jo berre fantastiske å bake med!!

K

Kristin

8. mai 2018

Og den banan granolaen så helt fantastisk digg ut, så den skal absolutt prøves!

Linda Stuhaug

8. mai 2018

Ikkje sant? Nyydelig – eg har ete det til kveldsmat fleire dager den siste veka 🙂

C

Camilla

19. august 2022

Hvilke nøtter bruker du?

Linda Stuhaug

19. august 2022

Eg varierer fra gang til gang :)

K

Kristin Lund

9. april 2020

Herlig! Så digg!!!

Linda Stuhaug

9. april 2020

Ja, virkelig 😀

E

Eva

18. mars 2020

Min gamle ovn har ikke varmluft:( tror du det kan funke med kun over- undervarme? 🙂

Linda Stuhaug

19. mars 2020

Det går nok sikkert fint, men må nok steike litt lengre 🙂

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg