Vemodig og trist, men aller mest godt

Akkurat no sitter eg i en fullstappa bil på veg heimover. Ei flyttehelg i Oslo er overstått, og med første flyttelass vender eg snuta mot Vestlandet. Eg har sett fram til dette så lenge, men likevell er det både vemodig og trist at Oslo-kapittelet mitt går mot slutten.

Det er mange av dåkke som har fulgt meg sida starten på studietida. For 3 år sida tok eg eit av dei største stega i livet mitt, og inkluderte dåkke på fleire måter i valga eg tok. I juli måned pakka eg bilen og flytta frå den lille, fine bygda mi, og vart nærmast storbyjente over nattta. Etterlot meg venner, familie, kjæresten min og ikkje minst tryggheten heime. Flytta til en by der eg nesten ikkje kjente nokon, som eg ikkje følte meg komfortabel i. Om det satt langt inne? Det kan du banne på! Men ernæringsutdanninga hadde eg bestemt meg for å ta, og når eg først har bestemt meg for noko – så er eg ikkje en person som lar det bli med tanken. Då gjelder det å hoppe i det.

Det tok ikkje lang tid før eg fant ut at Oslo ikkje var så ille likevell. Oslo er virkelig så mykje meir enn Oslo Sentralstasjon, fullstappa butikker og kaoset nede i gryta. Oslo byr på fantastiske tur- og sykkelmuligheter i marka, har vær som en Vestlending berre kan drøyme om og butikker, restauranter og kafeer som en matentusiast blir høg på livet av. Med tida kjøpte eg og mi første leilighet og fikk fleire gode venner. Var med på arrangementer og mykje gøyalt, og trivdes godt med både tilværelsen og studiane.

Og trivdes har eg alltid gjort, det er ikkje det. Men som dåkke sikkert har skjønt, spesielt det siste halvåret – så trives eg aller best heime. Storbylivet byr på mange muligheter, og eg kunne nok som toppbloggar oppnådd mykje ved å bu her uten å studere fulltid samtidig. Men eg flytta til Oslo utelukkande for å studere, og no er studietida mi over. Heile meg vil tilbake til Vestlandets fjord, fjell og natur. Heim til venner, familie, kjæresten og tryggheten.

På fredag hadde eg min aller siste skuledag på Bachelorstudiane i Samfunnsernæring. Eg hadde faktisk ikkje trudd eg skulle møte helga med en tåre i augekroken og klump i magen, men det gjorde eg. 3 år har gått så fort, men samtidig seint. En ting eg vertfall har lært desse åra, er at det er uttafor komfortsonen man vokser. Det er så viktig å ta fatt på utfordringer og trå ut av det som er komfortabelt. Det gir en mestringsfølelse som ikkje kan målast med nokon anna, og man vokser enormt som person. En anna ting eg har lært, er å sette grenser. På eit tidspunkt var kvardagen og livet eit einaste stort kaos. Å skrive bok kombinert med fulltidsstudier, eksamensperioder, innleveringer, blogglivet og ikkje minst livet utenom, var ingen dans på roser. Eg kjem aldri til å gjere det igjen, men man lærer av det også 🙂

Og kva er planen vidare? Det kan eg heller fortelle i eit anna innlegg. Første steg i flytteprosessen er vertfall tatt, og det er både vemodig og trist, men aller mest godt. En ting er sikkert og visst, bloggen blir med meg vidare, og eg gleda meg til å ta dåkke med på fortsettelsen♥

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

8 kommentarer

  1. For ein nydeleg tekst! Tydeleg å forstå at Vestlandet er rett for deg! 🙂

    1. Ikkje sant! Eg har aldrig vore i tvil, men såklart kunne eg ha venta lengre også, men det har eg ikkje lyst til akkurat no 🙂

  2. Så kjekt å lesa!
    Er fra «bygda» sjøl, og har bodd i by. Trivdes veldig godt, men ingeting er som heima ☺️ Men eg tror også at man har godt av å komma seg vekk litt og å oppleva nye ting. Ikkje minst så lærer ein i større grad å setta pris på de tingene bygda har å tilby som ikkje storbyen har (og omvendt) ☺️ Kos deg med den nye tilværelsen! ❤️

    1. Det har du heilt rett i, Mette! Eg har virkelig lært mykje av storbylivet og ikkje minst hatt godt av å komme meg vekk litt 🙂 Eg er veldig glad eg flytta, men veldig klar for å komme heimatt også! Klem <3

  3. Så koselig inlegg jeg har fulgt deg siden dag 1 og du har gitt meg så mye motivasjon! Jeg veier maten min, men det viktigste du har lært meg er om balanse. Å ikke minst ikke gi opp, selv om jeg vil gjerne gå ned 10 kilo med en gang. Håper jeg når målet mitt. Du kan være stolt av deg selv av det du har utført

    1. Tusen takk Mari, SÅ hyggelig å lese <3 Håper eg kan fortsette å inspirere deg! Stor klapp på skuldra til deg som har klart å gått ned 10 kg, og ikkje minst funne balansen. Det er ikkje berre å berre det 🙂 Klem <3

  4. Gratulerer med overstått bachelor! Kan jeg spørre hva du synes om skolen og stedet (Kjeller?)? Jeg har fått tilbud om studieplass på master i samfunnsernæring der til høsten, men er usikker på om studiet blir for rettet mot større samfunnsgrupper, heller enn mot kostveiledning til enkeltpersoner eller mindre grupper, som jeg ønsker å drive med. Er du glad du valgte bachelor i samfunnsernæring fremfor andre bachelorer i ernæring?
    På forhånd takk for svar 🙂

    1. Hei Hilde 🙂 Eg kan ikkje akkurat påstå at eg er superfornøgd med skulen og stedet. Kjeller er en litt trist plass, og det skjer absolutt ingenting der utenom skulen, men det er jo forsåvidt undervisninga man er der for. Studiet er retta mot både større samfunnsgrupper og enkeltindivid – dette kan du lese meir om på heimesida 🙂 Ellers er eg veldig glad eg valgte samfunnsernæring framfor bachelor på privatskule – 1) eg har spart 300.000 2) har også fått samfunnsperspektivet, og ikkje berre retta mot enkeltindivid 3) vi har vore en lite klasse med klasseromundervisning 🙂 Send meg gjerne en mail om du lurer på noko meir! Klem <3