Annonse
8. juni 2018
Eltefritt grovbrød uten korn/frø/kjerner
Hurra for fredag!
Helg betyr som regel litt meir tid til å lage gode frukoster, og eltefritt brød er heilt perfekt som nybakt brød til helgefrukosten- eller lunsjen. Du rører sammen ingrediensane kvelden før, lar deiga heve over natta, knar opp deiga og lar den heve ei lita stund på morgonen, så er det berre å steike brødet 🙂
Eg fikk eit spørsmål for ei stund tilbake om eg kunne lage eit sunt, grovt (men ikkje for grovt) brød uten korn, frø, kjerner – slik at barna hadde lyst å ete det. Dette hadde eg i bakhodet når eg lagde dette eltefrie grovbrødet, men visst du har lyst på litt meir av det gode – så er det berre å tilsette 50-150 g av valgfri frø/kjerner, og eventuelt bytte ut litt av det fine spelt/kveitemjølet med grovvarianten 😉
Du trenger, 1 brød
300 g fint spelt/kveitemjøl
200 g havremjøl
50 g fiberfin (eller bytt ut med meir havremjøl)
1 ts salt
1 ss flytande honning
1/2 ts tørrgjær
5 dl romtemperert vatn
Slik gjer du, dag 1:
Bland sammen tørrvarene. Tilsett honning og vatn, rør sammen til en klissete deig. Dekk til deiga og la den heve på kjøkkenbenken i 12-20 timer.
Slik gjer du, dag 2:
Ha litt mjøl på kjøkkenbenken og hell deiga over. Kna opp deiga og tilsett mjøl til den er metta og holder formen. Form til eit rundt brød og dekk den til. Deiga skal etterheve i minst 1 time – gjerne 2 timer om du har tid til det.
Når det er 30 minutt igjen av hevetida: sett ei støpejernsgryte/leirgryte med lokk inn i ovnen og skru på 250 grader. Etter 30 minutter tar du gryta ut av ovnen (pass på, den er glovarm!).
Lemp deiga ned i den varme gryta og sett på lokket. Steik midt i ovnen, fortsatt på 250 grader, i 30 minutter.
Skru ovnen ned til 200 grader og ta lokket av gryta. Brødet skal no steike vidare i 10-20 minutter, til overflata får en gyllen og fin farge. Løft brødet ut av gryta og la det avkjøle seg på rist.
Resultatet blir eit luftig, saftig brød med sprø skorpe. Eg anbefaler å oppbevare brødet i eit kjøkkenhandkle, papirpose eller brødboks for at skorpa skal holde seg sprø. Visst du ikkje synes dette er så viktig, så kan du fint ta det inn i en brødpose.
Støpejernsgryta mi har vore i Oslo det siste halvåret, når eg nesten berre har vore heime – men no har eg endelig fått henta den heimatt og skal lage mange varianter av eltefrie brød i sommar! Visst du forresten ikkje har støpejernsgryte/leirgryte, så kan du lese oppskrifta mi på eltefritt brød i brødform HER.
Med finmalt havremjøl (og fiberfin visst ein bruker det) så blir brødet grovt og godt, uten at det egentlig kjennes slik. Havremjøl er eit heilt supert, anvendelig og fiberrikt mjøl som passer til både salte og søte oppskrifter!
Håper brødet frister 🙂
God helg alle sammen♥
Annonse
10 Kommentarer
Marte
4. november 2018
Linda Stuhaug
5. november 2018
Silje
18. oktober 2018
Linda Stuhaug
19. oktober 2018
Jorunn
2. mars 2023
Linda Stuhaug
4. mars 2023
Karoline
8. juni 2018
Linda Stuhaug
10. juni 2018
Ann
9. juni 2018
Linda Stuhaug
10. juni 2018
SKRIV EN KOMMENTAR