Linda Stuhaug

Annonse

Grove, næringsrike frukostmuffins med jordbær og rabarbra

God formiddag!
Eg titter en snartur innom, eg er nemlig tilbake i Oslo en tur for å klargjere leiligheta mi til salg. Takstmann har nettopp vore her, og resten av dagen er fylt opp med meglar, rørleggar og stylist – greit å gjere mest mulig på kort tid når eg først har tatt turen hit 😉
Men, over til dagens oppskrift! Endelig har dei norske jordbæra komt i butikk, og jordbær i kombinasjon med rabarbra er jo berre nydelig. Derfor har eg laga en ny vri på dei superpopulære frukostmuffinsane – grove , næringsrike frukostmuffins med jordbær og rabarbra:
Desse er naturlig søte, grove, næringsrike og mektige. Kan nytast til frukost, lunsj, mellommåltid, på-farten-mat eller kveldsmat med den aller beste samvittighet.
Grunnoppskrift på frukostmuffins, 12 stk 1 moden banan 200 g kesam eller cottage cheese, evt. kokoskrem for melkefri variant 2 egg 1 ts bakepulver 1 ts kanel 1 ss honning 100 g havregryn 100 g havremel
Valgfri ekstraingredienser i deiga/i muffinsane/på toppen – denne gangen har eg brukt jordbær og rabarbra i små biter, både inni muffinsane og på toppen.
Slik gjer du: Mos banana klumpfri med en gaffel. Rør sammen med kesam, egg, bakepulver, kanel og honning. Visst du bruker cottage cheese istedenfor kesam anbefaler eg å mose blandinga klumpfri med en stavmiksar.
Vend inn havregryn og havremel, bland godt. Eg fordelte litt deig i muffinsformane, deretter biter av jordbær og rabarbra, før eg fylte opp resten av formen med deig. Deretter toppa eg muffinsane med litt ekstra jordbær og rabarbra.
Steik på 180 grader, over-undervarme i 15-25 minutt, eller til dei er gylne og gjennomstekt. Avkjøl på rist.
Muffinsane blir skikkelig saftige og held seg ferske i fleire dagar. Nyt med eller uten pålegg, her har eg delt muffinsane og servert med kvitost + heimelaga sukkerfritt rabarbrasyltetøy (oppskrift HER):
Eg har også servert nokon med cottage cheese og syltetøy, og ikkje minst brunost og syltetøy. Fantastisk godt!
Og til slutt må eg berre nevnte at muffinsane er perfekte å fryse! Visst du skulle ha maaange overmodne bananer i fruktskåla og har lyst å bruke dei til frukostmuffins, så lag fleire forskjellige typer og frys ned – så tiner du etterkvart 🙂
Då må eg tilbake til jobben med leiligheta, her er en del som skal vaskast og ordnast også – så det er berre å svinge seg rundt! Ha en nydelig dag, godtfolk♥

God formiddag!

Eg titter en snartur innom, eg er nemlig tilbake i Oslo en tur for å klargjere leiligheta mi til salg. Takstmann har nettopp vore her, og resten av dagen er fylt opp med meglar, rørleggar og stylist – greit å gjere mest mulig på kort tid når eg først har tatt turen hit 😉

Men, over til dagens oppskrift! Endelig har dei norske jordbæra komt i butikk, og jordbær i kombinasjon med rabarbra er jo berre nydelig. Derfor har eg laga en ny vri på dei superpopulære frukostmuffinsane – grove , næringsrike frukostmuffins med jordbær og rabarbra:

Desse er naturlig søte, grove, næringsrike og mektige. Kan nytast til frukost, lunsj, mellommåltid, på-farten-mat eller kveldsmat med den aller beste samvittighet.

Grunnoppskrift på frukostmuffins, 12 stk
1 moden banan
200 g kesam eller cottage cheese, evt. kokoskrem for melkefri variant
2 egg
1 ts bakepulver
1 ts kanel
1 ss honning
100 g havregryn
100 g havremel

Valgfri ekstraingredienser i deiga/i muffinsane/på toppen – denne gangen har eg brukt jordbær og rabarbra i små biter, både inni muffinsane og på toppen.

Slik gjer du:
Mos banana klumpfri med en gaffel. Rør sammen med kesam, egg, bakepulver, kanel og honning. Visst du bruker cottage cheese istedenfor kesam anbefaler eg å mose blandinga klumpfri med en stavmiksar.

Vend inn havregryn og havremel, bland godt. Eg fordelte litt deig i muffinsformane, deretter biter av jordbær og rabarbra, før eg fylte opp resten av formen med deig. Deretter toppa eg muffinsane med litt ekstra jordbær og rabarbra.

Steik på 180 grader, over-undervarme i 15-25 minutt, eller til dei er gylne og gjennomstekt. Avkjøl på rist.

Muffinsane blir skikkelig saftige og held seg ferske i fleire dagar. Nyt med eller uten pålegg, her har eg delt muffinsane og servert med kvitost + heimelaga sukkerfritt rabarbrasyltetøy ( oppskrift HER):

Eg har også servert nokon med cottage cheese og syltetøy, og ikkje minst brunost og syltetøy. Fantastisk godt!

Og til slutt må eg berre nevnte at muffinsane er perfekte å fryse! Visst du skulle ha maaange overmodne bananer i fruktskåla og har lyst å bruke dei til frukostmuffins, så lag fleire forskjellige typer og frys ned – så tiner du etterkvart 🙂

Då må eg tilbake til jobben med leiligheta, her er en del som skal vaskast og ordnast også – så det er berre å svinge seg rundt! Ha en nydelig dag, godtfolk♥

Annonse

2 Kommentarer

M

Marianne Aadahl

3. januar 2023

Renser du rabarbraen eller kan jeg bruke med skall?

Linda Stuhaug

3. januar 2023

Eg renser ikkje rabarbraen nei :)

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg