For akkurat eit år sida….

… stod eg midt i den første fotoveka boka mi OPPTUR MED SUNN MAT♥

(Psst! Du kan kjøpe den på salg HER!) / egenreklame for egen bok!

Dette er ei veke eg aldri kjem til å gløyme. Etter vekesvis med forberedelser kom Jon Marius med fly frå Oslo, og vi hadde planer om å lage og ta bilder ca. 60 oppskrifter på 3 døgn. Det er en første gang for alt – og for min del var jo det første gang eg gjorde noko slikt. Eg hadde virkelig ikkje peiling på kva eg gjekk til!

Som eg har nevnt i eit innlegg tidligare HER, så ville vi begge at bildene skulle vere ekte, uperfekt og sjarmerande. Vi kunne absolutt gjort det veldig enkelt med å leige eit matstudio med alt vi trengte, og en matdesigner for å få perfekte matfoto til den minste detalj.

Men det var ikkje slik nokon av oss ville ha det. Istedenfor samla eg og Jon Marius sammen alt vi hadde av fotostæsj. Kjørte flyttebil fra Oslo til Førde med tallerker og ildfaste former… Invaderte stova heime med langbord, kasser og fotomateriale i lange baner… Tok i bruk kjøkkenet i barndomsheimen… Hadde fotostudio ute på eit gammalt verandarbord med dagslys i ustabilt Vestlandsvær som einaste lyskilde…

Eg stod for maten, Jon Marius stod for fotograferinga, og sammen utfylte vi kvarandre på stylinga. Dreamteam!

Eg starta allerede helga før med å gjere klare diverse oppskrifter som kunne stå, og hadde mange oppskrifter klare til Jon Marius kom. Eg stor aleine som kokken på kjøkkenet, rett og slett for å ha kontroll på alle oppskrifter, gjere nødvendige justeringer og sjekke at alt var korrekt. Men eg hadde med meg mamma som min venstre hånd, og ho hjalp til med alt fra skrelling, kutting, vasking og rydding – og ikkje minst trille vogna på butikken♥

For det var virkelig ikkje berre å berre å skulle handle til desse 60 oppskriftene som skulle lagast den første fotoveka! Eg handla i intervaller etter sortering på handlelistene mine «melk og meieriprodukt», «frukt og grønt» også vidare. Handlevogna blei fylt opp kvar gang med haugevis av poser og milelange kvitteringer.

Kassadama på butikken lo litt når eg kom for tredje gang på få timer, så sa ho «Ja, matbloggaren er heime igjen! Mykje godt på menyen dei neste dagane, ser eg. Invitera du?«. Vi måtte le litt begge to.

Eg kjem aldri til å gløyme denne første fotoveka eg hadde til boka mi. Så innimari intenst, men samtidig så innimari kjekt. Etter 7 dager med 16-18 timers arbeidsdager møtte eg helga som eit einaste stort takras, og eg greit stoppelig to-tre dager før eg kom meg til hektene igjen. Men det var SÅ verdt det å bruke både tid og hjertet på matbildene, for eg kunne virkelig ikkje blitt meir fornøgd!

No er det ca. eit halv år sida mi første bok blei lansert, og eg veit at eg kjem til å gjere dette igjen en gang – eg veit berre ikkje heilt når.

I mellomtida nyter eg alle dei fantastisk gode tilbakemeldingane eg har fått, og fortsatt får fra dåkke som har kjøpt Opptur. Forfattardrømmen har gått over all forventning, og eg gleder meg til fortsettelsen 🙂 Og visst du ikkje har kjøpt boka, så kan du forsatt bestille den på salg HER♥

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

6 kommentarer

  1. Stå på! Jeg ønsker meg boken i julegave og håper jeg får den, hihi <3

    1. Då kryssa en fingrane for det 😀 <3

  2. Ann Jeanette Vinningland

    Du inspirerer! Keep it up Boka er bestilt! Jeg gleder meg! Jeg har prøv flere av oppskriftene fra bloggen din og har allerede mange favoritter jeg ikke kan klare meg uten

    1. Så kjekt å lese, Ann Jeanette! Håper eg kan fortsette å inspirere framover <3

  3. Du er bare helt rå! Full av idéer og inspirasjon. Jeg gleder meg til å se, høre og smake mer.

    1. Så hyggelig kommentar, Thelma! Det gledes <3 Eg ser fram til å dele enda meir!