Turanbefaling: Vetvika – ei skjult naturperle

Hei fintfolk!

Dette innlegget hadde eg egentlig tenkt å dele tiiidlig i sommar slik at enda fleire kunne fått augene opp for denne skjulte perla… Men så har det liksom ikkje blitt. Og det er nesten litt synd, for en nydelig sommarkveld her er heilt magisk. Sommaren er dog ikkje over enda, og Vetvika er nok like vakker en solfylt og fin haustdag. For å ikkje nevne at innlegget blir liggande her i årevis framover 🙂 Turanbefalinger går ikkje ut på dato, vertfall ikkje ein tur som dette♥

Idag lar eg oppskrifta ligge og deler nettopp ein ny turanbefaling med dåkke! Mitt forrige innlegg «Turanbefaling: Norge på tvers» som du finner HER blei tatt veeeldig godt imot, og det gav meirsmak å bruke litt tid på slike innlegg når tilbakemeldingne var så gode.

Dagens turanbefaling finner vi heime i trivselsfylket Sogn og Fjordane♥ Derfor er nok ikkje innlegget og turen like aktuell for så mange, men eg har mange lesere heimefrå som eg trur og håper blir inspirert til å ta turen til Vetvika ein gang i framtida. Det er fleire og fleire som får augene opp for denne plassen, men eg tippe likevell det er mange som verken har høyrt om eller sett bilder av denne perla.

Vetvika blir kalla for eit naturhardt paradis og er ein av dei vestlegaste naturperlene vi har. Det går ingen veger opp hit – du må enten komme med båten inn vika, eller gå over fjellet. Vetvika ligger i Bremanger kommune og sjølve turen kan ein fint gå som ein dagstur. Har ein tid og lyst anbefaler eg virkelig å ta ei overnatting i telt, solnedgangen her er – som du sikkert kan sjå – fantastisk!

Turbeskrivelse (med hjelp frå UT!) 
Parkering på Svarstad på Bremangerlandet. Herfrå følger ein grusvegen opp til fjernsynssendaren på Steinfjellet. Deretter følger ein merkepinnane vidare. Det er godt merka med jamne mellomrom heile vegen, så ingen problem for ukjende å ta turen.


Stien deler seg etter ein liten kilometer. Då anbefaler eg virkelig å ta til venstre, slik at ein går over høgda, kjem fram på kanten og ser ned i Vetvika:

Vi kom til tjukk tåke, men etter nokre minutt begynte tåka å lette. Fantastisk!

Turen frå toppen og ned til Vetvika er litt bratt og kan vere krevande for nokon, men er absolutt overkommelig. Turen er ikkje meir avansert enn det for å komme seg til denne vetle perla♥ Her kan ein nyte ein god lunsj, ta eit bad, tenne bål, nyte livet… Dei aller fleste telta nede i vika, der er det flotte teltplasser – vi var berre litt utradisjonelle å telta oppe i høgda 🙂

Når du skal gå tilbake til bilen kan du enten gå same vegen som du kom, eller gå om Ura. Då følger ein merkepinnane til Solheim og langs nordsida av Solheimsvatnet. Fortsatt godt merka. Ved enden av vatnet er det jamn stigning opp til nokre sel på sørsida av Fåvatnet, før du møter igjen stien som skilde seg på nedturen.


Bildet tatt frå vika og opp i høgda, der ein går ned.

UT skriver at det ca. er 15 kilometer totalt om ein går heile turen som ein rundtur. Det er ca. 7 kilometer frå parkering til Vetvika om høgda, og vi brukte vell 2-2,5 time, men dette vil naturligvis variere mykje.



Eg fikk endelig reist til Vetvika i fjor sommar – etter turen hadde stått på lista mi i årevis. Eg har hatt veldig lyst å ta turen igjen no i sommar, men det har ikkje passa seg – men kanskje ein av dei kommande helgene! Eg fikk vertfall veldig lyst å reise tilbake etter dette innlegget, kanskje det har smitta over på nokon av dåkke også? 🙂

Håper de liker innlegget♥

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

8 kommentarer

  1. Helt fantastisk fint i Vetvika!! Litt av ei perle. Gikk dit under varmeperioden i slutten av mai, sov ute under åpen himmel i vika med nært 18-20 grader. Fikk med oss solnedgangen på toppen da vi startet veldig sent etter jobb. Helt magisk! Virkelig en tur jeg anbefaler. Fikk også besøkt Hornelen som var luftig og fint! Synes det er helt topp med turtips, og vil gjernr ha flere!!! Spesielt i flotte Sogn og Fjordane, da jeg tror det ligger mange flotte, men litt skjulte turperler der. Er ikke fra Sogn og fjordane selv, men besøker det nesten en gang i mnd. Utrolog vakker natur, som behøver mer skryt!!!

    1. Åh, det høyres heilt fantastisk ut Maren! Sove under åpen himmel er herlig – så lenge været og temperaturen er på plass (og myggen held seg unna, hehe…). Eg gjekk også Hornelen i fjor og det er en kanonfin tur det også, kanskje eg skulle tatt ein turanbefaling der og!! Fleire turtips kjem vertfall, eg har SÅ mange eg vil dele 😀

  2. Hei!

    Jeg syns bloggen din er veldig fin å lese for tiden. Veldig god atmosfære:) Aldri vært i Sogn og Fjordane, men ser utrolig vakkert ut der!

    Hilsen Tone

    1. Tusen takk, Tone! Så koselig kommentar å få <3 Jobber meg sakte, men sikkert tilbake etter en rolig juli måned her på bloggen, men no bobler eg over av ideer og tanker som eg gleda meg til å dele framover! God torsdag vidare til deg 🙂

  3. Følger deg mest på insta, tror jeg må lede mer av bloggen også både for turtips og oppskrifterStemmer for turtips til Hornelen

    1. Så kjekt du vil følge meg her også, Sonja 🙂 Eg deler jo mykje forskjellig på dei ulike kanalane! Turtips til Hornelen skal eg absolutt prøve å få til 🙂

  4. Turanbefalinger er veldig gøy å lese og tar med meg alle tips til neste sommer 😀

    1. Fantastisk 😀 Satse på en like fin sommar neste år!!