Enkel hjortegryte

Riktig god torsdag!

Vi er midt i september måned og jaktsesongen er i gang for lengst. Eg vil tru det er mange av de som har har ein jeger i hus, eller kjenner ein jeger som tilbyr hjortekjøtt. Visst ikkje er jo det alltid mulig å få tak i på ein eller anna måte 🙂 Slik kortreist mat er vertfall heilt gull, og det er virkelig sesong for å lage nydelige oppskrifter viltkjøtt. Derfor har eg laga en skikkelig smakfull hjortegryte som eg tenkte å dele oppskrift på idag;

Det kan sjå ut som lista med ingredienser er lang, men ikkje la deg lure av det. Hjortegryta er både kjapp og enkel å lage 🙂 Og visst du skulle ha anna viltkjøtt tilgjengelig, så kan du sjølvsagt bruke det også.

Du treng, 4-5 personer
600-800 g hjortekjøtt, evt. hjortekjøttdeig eller anna viltkjøtt
150 g sjampinjong
150 g kantarell
100 g frosne erter
2 gulrøtter
1 løk
2 fedd kvitløk
300 g crème fraîche
6 dl viltkraft/oksekraft eller buljongvatn
3 ss soyasaus
4 skiver brunost
4 ss ferske eller frosne tyttebær
2 ss maisenna
salt og pepar
smør til steiking

Slik gjer du:
1. Steik kjøttet godt brunt i 2-3 omgangar i smør og sett til side. Steik deretter sopp i mindre bitar, gulrøter i terningar, finhakka kvitløk og hakka løk i nokre minutt. Ha både kjøttet og grønsakene over i ein kjele.

2. Fyll på med kraft eller buljong og kok opp. La gryta småkoke til kjøttet er mørt. Tida varierer med kva type kjøtt du bruker, jo mørare kjøtt, jo kortare koketid. Kjøttdeig treng ikkje koketid.

3. Rør inn erter, crème fraîche, soyasaus, brunost og tyttebær. Smak til med salt og pepar. Er gryta litt tynn rører du ut 2 ss maisenna i litt vatn, og tilsett i ein tynn stråle medan gryta koker til den konsistensen du ønsker.

4. Server gryta med det tilbehøret du ønsker! Eg gjorde det enkelt med kokte poteter, dampa grønnsaker og tyttebærsylte – nydelig 🙂

Har du rester igjen etter middagen er du heldig! For hjortegryta smaker nemlig like godt, om ikkje bedre, dagen etterpå. Varm opp som restemiddag og nyt hjortegryta for andre dag på rad.

Tips og alternativer!
♦ Eg har brukt sjølvplukka kantarell i oppskrifta. Dei fleste butikker selger kantarell no, men har du ikkje dette tilgjengelig; bytt det ut med meir sjampinjong.

Tåler du ikkje laktose? Bruk laktosefri creme fraiche og sløyf brunosten. Tåler du ikkje melk? Du kan erstatte creme fraiche med kokoskrem (den stive delen av kokosmelka som legger seg øverst når den står kaldt) og sløyfe brunosten her også. Melkefri creme fraiche er også eit alternativ. Bruk også olje framfor smør.

Eg brukte (sjølvkokt) oksekraft i mangel på viltkraft i denne oppskrifta, men bruk det du har tilgjengelig. Buljongvatn (vatn med 1-2 buljongterninger) er uansett eit OK alternativ, buljongterning får ein tak i over alt.

Viltkjøtt er absolutt ein av mine favoritt råvarer no om høsten, og det går mykje i hjortegryte, hjortebiff, hjortekarbonader… Eg har enda ikkje laga hjortekjøttkaker, men det spørst om det blir søndagsmiddagen på søndag altså 🙂

Hjortegryte er vertfall nydelig middag til både kvardag, helg og fest (supert til feiring eller om du får gjester!) – og mest sannsynlig en slager blant alle rundt bordet.

Velbekomme – håper oppskrifta frister!

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

2 kommentarer

  1. JOHANNE

    Oppskrift på dine hjorte karbonader? 🙂 har en jeger i hus og fryseren er full allerede

    1. Såpass! Har også jeger i hus, og det er så kjekt 😀
      Oppskrifta er denne: http://www.lindastuhaug.no/2016/01/15/hjortekarbonader-med-krema-kantarell/

      Mikser i litt svin også av og til 🙂