Om meg

Hei, og velkommen til min blogg!

Litt kort om meg:
Eg heiter Linda Marie Stuhaug, er 24 år og kjem frå Naustdal i Sogn og Fjordane. Tidligare har eg gått kokk- og servitørlinja, tatt Personlig Trener utdannelse i USA og jobba på treningssenter. For tida bur eg i Oslo og studerer Samfunnsernæring ved høgskulen i Oslo og Akershus. Utrulig spennande og lærerikt studie som passer meg midt i blinken, da min aller største lidenskap er sunn og næringsrik mat, helse, kosthold og trening.



Eg har alltid likt å lage mat, eksprimentere med ulike råvarer og oppskrifter. Maten har både våre eit problem og en løsning for meg i tenåra etter eg la om livsstilen min som 15-16 åring. Dette er erfaring eg har tatt med meg vidare i livet og er bakgrunnen til at eg utvikla den store lidenskapen eg har.

Januar 2018 gav eg ut mi første bok – OPPTUR MED SUNN MAT – og eg er stolt forfattar av denne bestselgande boka♥

På min blogg vil du finne enkle og smakfulle oppskrifter i alle sjangrer: frukost, lunsj, middag, kveldsmat, mellommåltid, snacks, kaker, desserter, drikke med meir. Dei fleste oppskriftene er familievennlige og passer for alle som vil leve litt sunnere, er opptatt av trening eller berre utradisjonelle vrier på tradisjonelle oppskrifter.

Oppskriftene på søtt – snacks, kaker og desserter er laga uten kvitt, raffinert sukker med alternativ søtning. Mange oppskrifter er glutenfri og en del er melkefri. Supert for dei med diabetes eller ulike intoleranser/allergier, men likevell passer oppskriftene alle.

collageknn

Nokre av mine oppskrifter under kategorien «sunt søtt»!

Eg håper du blir inspirert av min sunne matglede eg ønsker å formidle vidare!

Nøl ikkje med å ta kontakt på mail eller i kommentarfeltet 🙂