Ovnsbakt torsk med blomkålpotetmos, erter og bacon

Hei og god tirsdag!

På tide med kvit fisk igjen, torsk er på menyen i en spennande og smakfull kombinasjon. Middag med med både synlige og skjulte grønnsaker, det heile toppa med crispy bacon som gjer måltidet komplett.

Ovnsbakt torsk med blomkålpotetmos, erter og bacon:

IMG_2030



Du trenger, 2 porsjoner

ca. 400-500 g torskefilêt
3-4 store poteter
1 blomkål
200 g fryste erter
100-150 g g bacon i terninger
smør
salt&pepper

Slik gjer du:
1. Skrell og del potetene i mindre biter. Kok møre med blomkålbuketter. Sil godt av vatnet og mos med en stavmikser til en klumpfri mos, smak til med salt, pepper og en klatt smør.

2. Strø salt og pepper over torskefilêtene, steik på 180 grader 10-15 minutter, til torsken begynner å flake seg.

3. Steik bacon i smør, tilsett erter og la det bli gjennomvarmt.

4. Server torsken på en seng av blomkålpotetmos og topp det heile med bacon og erter.


IMG_2029


Eg tilsatte også litt erter i blomkålpotetmosen for fargen sin del. Smakstilsett gjerne blomkålpotetmosen med chilli, kvitløk, parmesanost, en god klatt kesam eller creme fraiche, ulike krydder og/eller urter.

IMG_2026

Nyt en fiskemiddag med masse smak og grønnsaker!
Håper det frister 🙂 

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

7 kommentarer

  1. Eg byta ut erter (sundag og stengte butikkar) med lauk og sopp, og det blei utruleg bra! Hadde heller ikkje potet, men brukte sellerirot + blomkål i stadenfor. Og så bakte eg torsken saman med sopinat….mmmm!!Eg syntes nesten denne varianten blei endå betre, så om du sjølv er nyfiken på den varianten så hadde det vore spennande å sjå korleis dine kokkekunskaper kunne gjort den sikkert enda betre igjen!

    Og eit spørsmål også: Når du baker fisken i ovnen, bruker du då ein ildfast form, pakker du dei inn i al.folie, eller baker du dei rett på plata?

    1. Hei Marte! Mmm, høyres veldig godt ut 😀 Eg har variert litt, men her har eg berre brukt ein ildfast frm uten folie 🙂 Dei siste åra har eg egentlig slutta å ovnsbake torsk, eg liker bedre å pannesteike den i smør!

      1. Eg har, utruleg nok, fått dilla på å lage torsk i … HELD DEG FAST …mikroen! Fekk tilfeldigvis tak i ei slags dampkoker til å sette i mikroen, står at ho er perfekt til fisk og til grønnsaker. Litt vatn i botn, så fisk på ei rist, og eit lokk over. To -tre minutt i mikro og så er torsken som om han er perfekt trukken i vatn, verken tørr, ihjelkokt eller rå. Magisk, verkeleg! Det har gjort det så utruleg mykje enklare å spise måfisk ofte for det blir ikkje noko styr med oppvaske heller, og så kan eg berre slenge fisk i mikroen og ha saman med kva enn eg har av tilbehør-rester!

      2. Oi, så spennande 😀 Takk for tips, Marte! Dettee skal eg undersøke litt nærmare altså, høyres jo nesten litt magisk ut 😀

      3. Det ER magisk ….! 😀