Linda Stuhaug

Annonse

12. oktober 2017

Ekte, uperfekt og sjarmerande

Ekte, uperfekt og sjarmerande
Eg skal aldri igjen undervurdere kor mykje arbeid det ligger bak matfoto i ei kokebok. Aldri!
Les meir om boka mi og forhåndsbestill den her♥
Fotografen bak alle bildene i boka er Jonmariusnilsson.no. Eg digga virkelig Jon Marius fra første møte. Eg spurte om han var villig til å fly heim til Vestlandet for å ta fotojobben der, og svaret eg fikk var «Selfølgelig. Det er jo dritfett!». Og slik blei det. Ikkje berre ein, men faktisk to ganger.
Sjølvsagt kunne vi gjort det veldig enkelt. Vi kunne lånt eit matstudio med kjøkken og absolutt alt vi kunne trenge av fotostæsj. Vi kunne leigd inn ein matdesigner for å få perfekte matfoto til den minste detalj, og blitt ferdige på halve tida. Men det var ikkje slik nokon av oss ville ha det. Vi ville at matbildene skulle vere ekte, uperfekt og sjarmerande.
Vi fant ut av vi skulle samle sammen det vi begge hadde av fotostæsj. Vi skulle bruke det vi hadde av både brukte og litt for godt brukte tallerkener, former, glassfat, bestikk m.m. Vi kunne komme langt med det, tenkte vi. Vi fant og ut at kjøkkenet til mor og far var godt nok, og at verandaren var en fin plass å ta bilder med dagslys. Verken eg eller Jon Marius er eksperter på styling av matbilder, men det skulle vi eksprimentere oss fram til ilag. Eg skulle stå for maten, Jon Marius for fotograferinga, og sammen skulle vi style dei totalt 80 matbildene til boka. Herlighet, eg hadde virkelig ikkje peiling på kva eg hadde begitt meg ut på!
Eg føler egentlig eg har brukt heile sommaren på boka mi. Det var fleire veker med forberedelser før Jon Maruis kom for første gang i slutten av juni. Då hadde vi planer om å lage og ta bilder av 60 oppskrifter på litt over tre døgn. Men før fotoveka var i gang, var det hundre andre ting som måtte på plass.
Først og fremst måtte vi samle sammen det vi faktisk hadde av fotostæsj. Alt som låg i Oslo, både en del som var mitt og en del som var Jon Marius sitt, blei henta og kjørt heim med flyttebil. Pakka ned, pakka opp, sortert og lagt fram.
Kjøkkenskap, skuffer, kjøleskap og frysar måtte ryddast. Det var både for å få plass til haugevis av ingredienser, men og for å ha eit ryddig system.
Eg invaderte heile stova heime med fleire langbord, kasser og esker med det vi hadde til fotograferinga. Då hadde vi god oversikt alt, som faktisk blei eit godt utvalg til slutt. På bildet ser du ca. halvparten.
Jobben kom med å planlegge fotoveka. Kva kunne eg klargjere på forhånd? Kva skal lagast kortid? Korleis har vi eit best mulig systen for å få effektivitet i matlaginga? Det var første gang eg skulle gjere noko slikt, og eg hadde ingen preferanser på kor mykje tid det ville ta.
Handlelister måtte skrivast. Eg mista tellinga på kor mange A4-sider eg hadde med handlelister etterkvart. Sortert etter melk/meieriprodukt/frukt/grønt/tørrvarer/kjøtt m.m. Å skrive handleliste til 60 oppskrifter var litt av en jobb…. men å handle til dei, det var enda verre!
Eg måtte reiste på butikken å handle i intervaller etter sorteringa på handlelistene mine. Handlevogna blei fylt opp kvar gang med haugevis av poser og milelange kvitteringer. Kassadama på butikken lo litt når eg kom for tredje gang på få timer, så sa ho «Ja, matbloggaren er heime igjen! Mykje godt på menyen dei neste dagane, ser eg. Invitera du?«. Vi måtte le litt begge to.
To-tre dager før Jon Marius kom, begynte eg å klargjere alle oppskriftene som fint kunne stå ferdige i fleire dager. Diverse snacks, desserter, knekkebrød, musli, paibunner, pizzabunner m.m. Totalt 15-20 oppskrifter var ferdige/delvis begynt på før fotoveka kom. Det seier seg sjølv at dette gav eit enormt forsprang!
Etter veker med forberedelser, dager med lite søvn og mykje spenning, kom endelig første fotoveka. Eg skulle gjere noko eg aldri hadde gjort før. Eg visste eg kom til å sitte igjen med enormt mykje erfaring etter desse dagane, men eg visste ikkje kva eller korleis.
Klarte vi 60 oppskrifter på tre døgn? Kva tanker sitter eg igjen med etter desse dagane? Korleis gjekk det egentlig denne veka?
For å unngå at innlegget blir like langt som kvitteringane mine på butikken, så deler eg dette i eit nytt innlegg, så får dere også sjå dei første matfoto fra boka♥

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg