Litt grovare speltfocaccia

Hei!

For eit par veker sida lagde eg litt grovare speltfocaccia som tilbehør til middagen. Det er ikkje mykje focaccia eg har laga, men då har det alltid vore dei lyse variantane. Denne gangen ville eg prøve meg på en halvgrov variant og eg brukte rett og slett dei meltypane eg hadde tilgjengelig, og resultatet blei knallbra! Luftige, saftige focaccia med litt meir smak, nydelig 🙂

Eg valgte en enkel variant toppa med maldonsalt og rosmarin denne gangen, men her er det berre å bruke fantastien og toppe med det du måtte ønske 🙂 Fetaost, oliven, soltørka tomat, smakfulle pølser, ulike urter også vidare – dette kan du også putte i deiga om det er ønskelig.

Litt grovare focaccia, 1 liten langpanne
250 g fint speltmel
150 g havremel
100 g grovmalt rugmel, evt. sammalt spelt eller anna grovmel
1/2 pk tørrgjær
1 ts salt
1 ss flytande honning
4 dl lunka vatn
2 ss olivenolje

Topping:
2-4 ss olivenolje
Fersk eller tørket rosmarin
Havsalt eller maldonsalt

Slik gjer du:
Bland saman mel og tørrgjær. Tilsett salt, honning og vatn, bland godt til en jevn og litt flytande deig. Vend inn olje til slutt. La deiga heve på en lun plass i 60 minutter.

Hell deiga over i en liten langpanne. Etterhev i 20-30 minutter. Fordel olje på toppen og trykk fingrene lett ned i deigen. Ha over toppingen, eg brukte kun maldonsalt og rosmarin denne gangen.

Steik focacciaen på 225 grader, over-undervarme i 15-20 minutter, eller til overflaten er gyllen og lett sprø. Avkjøl litt før servering.

Skjær opp i passelige biter og server til suppe, salat, koldtbord, tapasbord, grillmaten eller der det måtte passe. Eg serverte denne til lapskaus – nydelig med litt kremost/smør på 🙂

PS! Den kan fint frysast 🙂

Håper det frister♥

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

2 kommentarer

  1. Kathrine

    Prøvde denne i helga. Blei veldig god! Fortsett med det du gjer, Linda, for du har så mange gode oppskrifter og tips! 😀

    1. Tusen takk, Kathrine! Det er veldig hyggelig å lese <3