Sukkerfri berlinerkranser

God onsdag!

Vi er straks halvveis til helg igjen, og ikkje minst så nærma vi oss jul med stormskritt. Det blir mykje julekaker på bloggen i desse dager, men eg har fortsatt mange oppskrifter eg må få ut, og dei fleste vil eg dele før jul 🙂 Då er det no i minste noko for einkvar smak, tenker no eg.

Dagens oppskrift er berlinerkranser, enda en etterspurt oppskrift fra dere lesere. Enkle å lage, med klassiske ingredienser ein finner i typiske julekaker, men i en sukkerfri variant:

Du trenger, ca. 20 stk
1 rå eggeplomme
1 kokt eggeplomme
2 ss sukrin gold
1 ss sukrin+
150 g speltmjøl eller kveitemjøl
120 g ekte smør, romtemperert

Pensling og dekor
1 eggekvite
sukrin gold

Slik gjer du:
1. Kok eit egg i 10 minutt, fjern skallet og ta ut den hardkokte plommen. Avkjøl litt.

2. Ha kokt eggeplomme, rå eggeplomme, sukrin gold og sukrin+ i en bakebolle. Visp det godt saman med en miksmaster eller kjøkkenmaskin, og tilsett deretter smør og bland godt inn.

3. Ha i litt og litt mjøl til en fast og fin deig. La gjerne deiga stå kaldt litt i kjøleskapet eller frysaren, så den blir enklare å jobbe med.

4. Del opp i 20 jevnstore biter. Trill ut til lange remser og form til en krans. Legg dei på eit steikebrett med bakepapir.

5. Pensle kransane med samanvispa eggekvite og dryss over sukrin gold (kan sløyfast, eller evt. bruke perlesukker om du ikkje er nøyen på det). Steik på 175 grader, over-undervarme i 10-13 minutt, eller til dei er lysegule og lett gylne i kantane.

6. Avkjøl litt på steikebrettet, deretter på rist. Oppbevarast i en kakeboks.

Sukrin gold fungerte faktisk veldig greit som erstatning for perlesukkeret. Når sukrinen smelter og deretter blir avkjølt, blir den litt crispy og ein får litt den samme følelsen som perlesukker. Likt blir det ikkje, men en god ersatning for dei som ikkje kan bruke perlesukker, for per idag finner det ingen sukkerfri alternativ til perlesukkeret.

Berlinerkransane blir litt mjukare enn ekte vare, men absolutt gode på både smak og konsistens. Men OBS! Dei tåler ikkje så veldig mykje, og kan fort bli ødelagte om dei blir herja med 😉

God bakst!

No skal eg ut på julegavehandel, med bok og studie i fokus i det siste, så har eg berre såvidt fått starta. Ikkje likt meg å vente så tett opp mot jul, men sånn blei det berre i år 🙂 Krysser fingrane for å bli ferdig på en og samme dag, iallefall…

Ha en fin dag alle sammen♥

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *