Sukkerfri nøttetopper

Nøttetopper med hasselnøtter er er klassikar for mange til jul. Eg smakte nøttetopper for første gang i fjor, og likte godt den sprø utsida og mjuke, seige kjernen. I år bestemte eg meg for å prøve en sukkerfri variant, og dei blei skikkelig gode!

Nøttetoppane fekk lett sprø utside og seig kjerne. Dei er naturlig sukkerfri, glutenfri og melkefri, og kan lagast med andre typer nøtter enn hasselnøtter visst ein ønsker/må det:

Sukkerfri nøttetopper, ca. 20 stk
200 g hasselnøtter*
3 ss sukrin gold*
1 eggekvite
100 g fibersirup clear
en god klype maldonsalt

Slik gjer du:
1. Sett ovnen på 180 grader, over-undervarme.

2. Finmal nøttene i en kraftig blenar eller foodprosessor.

3. Vend inn sukrin gold, eggekvite, fiber sirup clear og maldonsalt.

4. Form klatter (en god ts) på eit steikebrett med bakepapir og trykk ei hasselnøtt ned i midten.

5. Steik midt i ovnen i ca. 15 minutt, eller til dei er lett gylne. Avkjøl på rist og oppbevar i kakeboks.

Tips og alternativ*
– hasselnøtter kan byttast med andre typer nøtter etter smak og behag.
– sukrin gold kan byttast med anna type søtning tilsvarande 3 ss sukker.

Enklare blir det ikkje – desse klarer alle å lage! Eit fint lavkarbo alternativ for dei som tenker på det også 😉

Nyt med en kopp kaffi, så er kosen komplett 🙂

Ha en nydelig søndag♥

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

2 kommentarer

  1. Karin Myhre

    Tenkte eg skulle lage desse nøttetoppene, men er det noko eg kan bruke i staden for fibersirup clear?

    1. Fibersirup gold er eit alternativ. Visst ikkje kan du bruke anna flytande søtning, men då får du ikkje den sprø utsida og seige kjernen 😉