Linda Stuhaug

Annonse

4. januar 2018

Heimelaga knekkebrød med havre og spelt

Heimelaga knekkebrød med havre og spelt
Hei godtfolk!
Heimelaga knekkebrød er noko eg nesten alltid har tilgjengelig i en boks. Eg topper med alt slags pålegg og ete til frukost, lunsj eller kveldsmat. Heimelaga knekkebrød er definitivt dei beste etter mi meining, og eg lager støtt og stadig en ny vri på oppskriftene mine, alt etter kva eg har i kjøkkenskapet.
Idag har eg en ny oppskrift til dere med havre og spelt + ulike frø og kjerner. Veldig enkle å lage, knallgode på smak. Desse knekkebrøda blir tynne og sprø, vertfall slik eg liker dei best:
Knekkebrød med havre og spelt, 2 brett 4 dl, ca. 200 g havregryn 3 dl, ca. 150 g sammalt speltmjøl 1 dl, 75 g linfrø 1 dl, 75 g solsikkekjerner 1 dl, 75 g sesamfrø 1 ts salt 6 dl vatn flaksalt til topping, kan sløyfast
Slik gjer du: 1. Sett ovnen på 160 grader varmluft. Bland saman ingrediensene i en bolle og la røra svelle i minst 10 minutter. Det skal bli en tjukk røre du kan smøre ut over steikebrettet, juster evt. med litt ekstra væske eller speltmjøl om nødvendig.
2. Kle to langpanner med bakepapir, fordel røra på to og smør utover med en slikkepott (tips: skyll slikkepotten underveis i varmt vatn, då blir det enklere å smøre). Pass på at det blir jamnt og tynt. Strø over maldonsalt på toppen og trykk lett ned i knekkebrøda, sløyf dette om du ønsker nøytrale knekkebrød.
3. Sett inn i ovnen, eit brett oppe og eit brett nede. Etter 10-15 minutter tar du bretta ut av ovnen og skjærer passelige størrelser med en pizzaskjærer.
4. Sett tilbake i ovnen på samme måte. La knekkebrøda no steike 20-30 minutter, eller til dei begynner å bli gylne. La bretta bytte plass underveis. For å sikre deg sprø knekkebrød: slå av ovnen, lat opp døra og slipp ut litt varme. La deretter knekkebrøda stå i ettervarmen i minst 1 time, gjerne natta over. Avkjøl og oppbevar i lufttett boks.
Tips og alternativer – du kan sjølvsagt bytte frø og kjerner med andre typer frø/kjerner/nøtter etter smak og tilgjengelighet. – sammalt speltmjøl kan byttast med anna type grovmjøl, som kveite, rug, havre eller lignande.
Har du en favorittoppskrift/favorittingrediens i heimelaga knekkebrød? Del gjerne!
Sjølv synes eg det er knallgodt med hakkede mandler i knekkebrød, og bruker det nesten alltid. Knekkebrød er heller ikkje det samme uten havregryn, så det er en standard ingrediens eg vertfall bruker 🙂

Hei godtfolk!

Heimelaga knekkebrød er noko eg nesten alltid har tilgjengelig i en boks. Eg topper med alt slags pålegg og ete til frukost, lunsj eller kveldsmat. Heimelaga knekkebrød er definitivt dei beste etter mi meining, og eg lager støtt og stadig en ny vri på oppskriftene mine, alt etter kva eg har i kjøkkenskapet.

Idag har eg en ny oppskrift til dere med havre og spelt + ulike frø og kjerner. Veldig enkle å lage, knallgode på smak. Desse knekkebrøda blir tynne og sprø, vertfall slik eg liker dei best:

Knekkebrød med havre og spelt, 2 brett
4 dl, ca. 200 g havregryn
3 dl, ca. 150 g sammalt speltmjøl
1 dl, 75 g linfrø
1 dl, 75 g solsikkekjerner
1 dl, 75 g sesamfrø
1 ts salt
6 dl vatn
flaksalt til topping, kan sløyfast

Slik gjer du:
1. Sett ovnen på 160 grader varmluft. Bland saman ingrediensene i en bolle og la røra svelle i minst 10 minutter. Det skal bli en tjukk røre du kan smøre ut over steikebrettet, juster evt. med litt ekstra væske eller speltmjøl om nødvendig.

2. Kle to langpanner med bakepapir, fordel røra på to og smør utover med en slikkepott (tips: skyll slikkepotten underveis i varmt vatn, då blir det enklere å smøre). Pass på at det blir jamnt og tynt. Strø over maldonsalt på toppen og trykk lett ned i knekkebrøda, sløyf dette om du ønsker nøytrale knekkebrød.

3. Sett inn i ovnen, eit brett oppe og eit brett nede. Etter 10-15 minutter tar du bretta ut av ovnen og skjærer passelige størrelser med en pizzaskjærer.

4. Sett tilbake i ovnen på samme måte. La knekkebrøda no steike 20-30 minutter, eller til dei begynner å bli gylne. La bretta bytte plass underveis. For å sikre deg sprø knekkebrød: slå av ovnen, lat opp døra og slipp ut litt varme. La deretter knekkebrøda stå i ettervarmen i minst 1 time, gjerne natta over. Avkjøl og oppbevar i lufttett boks.

Tips og alternativer
– du kan sjølvsagt bytte frø og kjerner med andre typer frø/kjerner/nøtter etter smak og tilgjengelighet.
– sammalt speltmjøl kan byttast med anna type grovmjøl, som kveite, rug, havre eller lignande.

Har du en favorittoppskrift/favorittingrediens i heimelaga knekkebrød? Del gjerne!

Sjølv synes eg det er knallgodt med hakkede mandler i knekkebrød, og bruker det nesten alltid. Knekkebrød er heller ikkje det samme uten havregryn, så det er en standard ingrediens eg vertfall bruker 🙂

Annonse

4 Kommentarer

B

Birgitte

17. oktober 2019

Bruker du små eller store havregryn?

Linda Stuhaug

17. oktober 2019

Små. Men du kan fint bruke store og 🙂

M

Mona R Borge

27. februar 2018

Kjempe gode knekkebrød Et godt tips er bruke plastfilm og kjevle på – fort og lettvint

Linda Stuhaug

27. februar 2018

Eg har prøvd fleire metoder med kjevle, men eg faller alltid tilbake til å smøre med slikkepott – lika faktisk det best 🙂 Men takk for tipset!

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg