Linda Stuhaug

Annonse

Sukkerfri havre- og nøttekjeks, perfekte turkjeks!

God torsdag!
Idag har eg nokre havre- og nøttekjeks med sjokoladebiter til dåkke, som er nesten samme oppskrift som «Søte, seige og sprø nøttekjeks» som du finner oppskrift på HER. Desse blei veldig populære, og eg bestemte meg for å prøve en ny variant der eg kombinerte nøttene med havregryn, og bruke sjokoladebiter på toppen.
Havre- og nøttekjeksa blir også lett seige og sprø på utsida – samtidig som dei er litt søte (men ikkje for søte!) og gode. Superenkle og raske å lage, ei oppskrift som alle kan få til;
Havre- og nøttekjeks med sjokoladebiter, 20 stk 100 g mandler* 100 g havrergyn* 3 ss sukrin gold eller anna søtning tilsvarande 3 ss sukker 2 eggekviter 100 g fibersirup clear en god klype maldonsalt 60 g sukkerfri sjokolade, lys eller mørk*
Slik gjer du: 1. Sett ovnen på 180 grader, over-undervarme.
2. Mal nøttene og havregryn i en kraftig blendar eller foodprosessor.
3. Vend inn sukrin gold, eggekviter og fiber sirup clear.
4. Form klatter (en stor, god ts) på eit steikebrett med bakepapir, og fordel sjokoladebiter på toppen.
5. Steik midt i ovnen i ca. 12-15 minutt, eller til dei er lett gylne og sprø på utsida. Avkjøl på rist og oppbevar i kakeboks.
Tips og alternativ* – Mandler kan byttast med andre typer nøtter, eventuelt solsikkekjerner eller pinjekjerner om ein ikkje kan bruke nøtter. – Hugs å bruke 100% glutenfri havregryn for 100% glutenfri havrekjeks. – For melkefri kjeks: bruk gjerne sukkerfri og melkefri sjokolade. – Sjokoladebitane kan også byttast med hakka nøtter, tørka frukt eller det du liker for å få din vri på kjeksa 🙂
Dei blir ikkje som amerikanske cookies, men det er heller ikkje meininga. Men det som er så greit med desse kjeksa, er at dei passer like godt som sunnare snacks, som dei passer til turkjekspå søndagsturen, mellommåltid på jobb/skule og påfyll før eller etter trening. Dei står seg fint i vertfall 1 veke.
Mellommåltid og tursnacks blir stadig etterspurt, så eg håper oppskrifta frister og at de har lyst til å prøve! Kjeksa passer for både store og små, og gir godt påfyll med både litt protein, karbohydrat og fett 🙂

God torsdag!

Idag har eg nokre havre- og nøttekjeks med sjokoladebiter til dåkke, som er nesten samme oppskrift som «Søte, seige og sprø nøttekjeks» som du finner oppskrift på HER. Desse blei veldig populære, og eg bestemte meg for å prøve en ny variant der eg kombinerte nøttene med havregryn, og bruke sjokoladebiter på toppen.

Havre- og nøttekjeksa blir også lett seige og sprø på utsida – samtidig som dei er litt søte (men ikkje for søte!) og gode. Superenkle og raske å lage, ei oppskrift som alle kan få til;

Havre- og nøttekjeks med sjokoladebiter, 20 stk
100 g mandler*
100 g havrergyn*
3 ss  sukrin gold eller anna søtning tilsvarande 3 ss sukker
2 eggekviter
100 g  fibersirup clear
en god klype maldonsalt
60 g sukkerfri sjokolade, lys eller mørk*

Slik gjer du:
1. Sett ovnen på 180 grader, over-undervarme.

2. Mal nøttene og havregryn i en kraftig blendar eller foodprosessor.

3. Vend inn sukrin gold, eggekviter og fiber sirup clear.

4. Form klatter (en stor, god ts) på eit steikebrett med bakepapir, og fordel sjokoladebiter på toppen.

5. Steik midt i ovnen i ca. 12-15 minutt, eller til dei er lett gylne og sprø på utsida. Avkjøl på rist og oppbevar i kakeboks.

Tips og alternativ*
– Mandler kan byttast med andre typer nøtter, eventuelt solsikkekjerner eller pinjekjerner om ein ikkje kan bruke nøtter.
– Hugs å bruke 100% glutenfri havregryn for 100% glutenfri havrekjeks.
– For melkefri kjeks: bruk gjerne sukkerfri og melkefri sjokolade.
– Sjokoladebitane kan også byttast med hakka nøtter, tørka frukt eller det du liker for å få din vri på kjeksa 🙂

Dei blir ikkje som amerikanske cookies, men det er heller ikkje meininga. Men det som er så greit med desse kjeksa, er at dei passer like godt som sunnare snacks, som dei passer til turkjekspå søndagsturen, mellommåltid på jobb/skule og påfyll før eller etter trening. Dei står seg fint i vertfall 1 veke.

Mellommåltid og tursnacks blir stadig etterspurt, så eg håper oppskrifta frister og at de har lyst til å prøve! Kjeksa passer for både store og små, og gir godt påfyll med både litt protein, karbohydrat og fett 🙂

Annonse

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg