Slik lager du dine egne, heimelaga lomper!

Hei godtfolk!

La meg starte dette innlegget med same intro som eg starta med når eg først delte oppskrift på heimelaga lomper for 4 år sidan, i 2014 (innlegget kan du lese her!):

«Thooojei – LompeLinda er tilbake! Eg er og forblir ei lompeguri og russenavnet mitt LompeLinda er eit av bevisene på det. I 4 år har eg våre speltlompens største fan, og det er ingen tvil om at eg merka veldig godt desse 3-4 vekene speltlomper har måtte blitt utelukka fra kostholdet. Men hei – da er det ingen anna utvei enn å lage sine egne, glutenfri lomper vell?»

Foto: Jon Marius Nilsson

Det var altså ei svært fortvila Linda som måtte gje slepp på speltlompene når eg hadde en periode der eg skulle vere heilt uten gluten. Eg var SÅ lei meg ettersom lomper var noko eg virkelig var glad i, og då såg eg ingen utvei enn å lage mine egne, heimelaga lomper som var glutenfri.

Når eg først lagde heimelaga lomper vart skikkelig overraska over kor sinnsjukt enkelt det var. Det einaste ein treng er potet, mjøl og salt (+ litt tålmodighet). Og det er ingen tvil om at heimelaga, ferske lomper smaker aller best 🙂

Etter eg delte innlegget «Kva er greia med lomper? Og er det egentlig så stor forskjell på speltlomper og potetlomper?» HER, så var det veldig mange som etterspurte 1) Muligheten for å kjøpe ferske, glutenfrie lomper og 2) oppskrift på heimelaga lomper. Heimelaga lomper har eg jo hatt i arkivet lenge, men det er klart oppskrifta forsvinner litt når det er så lenge sida eg delte den, så derfor tenker eg det er på sin rette plass med en reprise!

Foto: Jon Marius Nilsson

Når du lager heimelaga lomper så bestemmer du sjølv kva type lomper du vil lage. Du bruker nemlig valgfritt mjøl; bruker du speltmjøl får du speltlomper, bruker du havremjøl får du havrelomper, bruker du glutenfritt mjøl får du glutenfri lomper… Så er du på utkikk etter skikkelig gode, glutenfri lomper – så lag dei sjølv!

I det siste har eg pleid å bruke havremjøl i deiga, og speltmjøl/kveitemjøl til utbakinga, og det synes eg fungerer heilt topp. Av glutenfri mjøltyper har eg kun erfaring med lyst bokhvetemel og jyttemel original, og det har fungert veldig fint. Her kan ein nok også kombinere med glutenfritt havremjøl i deiga.

Foto: Jon Marius Nilsson

Du treng, ca 12-14 lomper
Ca. 1 kg poteter
Ca. 200 g valgfritt mjøl
Ca. 1 ts salt

Slik gjer du
1. Damp eller kok potetene med skalet på. Avkjøl og skrell potetene. Mos dei klumpfri og bland inn salt.

2. Tilsett litt og litt mjøl og bland det godt inn. Tilsett så mykje mjøl at deigen akkurat kan formast. Jo mindre mjøl, jo saftigare og betre lomper.

3. Lag ei pølse av deigen og skjer i like store emne. Bruk litt mjøl på kjøkkenbenken til utbakinga. Trykk emna litt flate med hendene, deretter kjevlar du dei så runde og flate som mogeleg utan at dei sprekk. Snu lompene ofte og bruk nok mjøl til at dei ikkje klistrar seg fast.

4. Steik lompene på litt over middels varme i ei tørr steikepanne til dei har fått lysebrune flekker på begge sider. Klapp dei flate med steikespaden undervegs i steikinga. Du kan òg steike lompene på ei takke.

5. Legg lompene i eit fuktig kjøkkenhandkle, deretter oppbevarast dei i eit tørt kjøkkenhandkle i ein plastpose. Dei held seg ferske og gode i eit par dagar.

Oppbevaring og frysing
Lompene helder seg ferske og gode eit par dager, men utover dette anbefaler eg å fryse dei. Då er det lurt å fryse dei med bakepapir mellom lompene, så dei ikkje klistrar seg fast i kvarandre ved opptining.

Foto: Jon Marius Nilsson

Så er det berre å nyte ferske lomper med alt ein ønsker av pålegg og topping! Ellers kan du sjølvsagt bruke lompene til en av dei veldig mange ulike oppskriftene eg har på lomper i arkivet;

Eg håper virkelig at DU er inspirert til å lage dine egne, heimelaga lomper etterkvart – og ikkje minst at glutenallergikere veit at det er lompe alternativ til dåkke også 🙂 Har du gode tips, erfaringer, spørsmål eller vil dele litt lompeinspirasjon, fyr laus i kommentarfeltet eller på en av mine sosiale kanaler;

Du kan følge meg på Facebook HER eller instagram under @lindastuhaug 

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

4 kommentarer

  1. Hei Linda
    Kjøpte kokeboken din og den er kjempe fin!! Har prøvd ut blant annet potetlomper, men det endte med at jeg måtte kaste hele greia Den ble så seig som en ostemasse og det hjalp ikke å ha i mel. Har prøvd meg på søtpotetlomper også (for en tid tilbake) og også her ble det fullstendig mislykket. Lurer på om det har noe med hvor varme potetene er når de moses eller er det noe annet «selvfølgelig» som ikke er skrevet med ord??
    Hilsen Inger

    1. Hei! Eg gjer absolutt ingenting anna enn det som står beskrevet i framgangsmetoden 😉 MEN det står også «avkjøl» så eg rekner med du har gjort det? Varme poteter er nok ikkje noko gunstig å jobbe med.. 🙂

      1. Hei Linda
        Takk for svar. Jeg mistenker at jeg ikke har avkjølt nok ja, så jeg får prøve igjen og da med mer avkjølte poteter 🙂