Sunne og gode kefirvafler

Heisann!

Eg digga å lage sunne, grove og næringsrike oppskrifter på pannekaker og vafler, og idag har eg en heilt ny oppskrift på vafler til dåkke: med kefir! Vanligvis så bruka eg jo mykje kesam for smak og saftighet, men når eg hadde litt heimelaga kefir (les meir HER) i kjøleskapet som måtte brukast, så blei det rett og slett kefirvafler. Du kan sjølvsagt bruke kjøpt kefir/kulturmelk/surmelk også 🙂

Sukkerfri, grove, næringsrike og gode vafler som du kan ete til alle døgnets tider. Kanskje det blir vafler til helgefrukosten/lunsjen?

Du trenger, 10-12 plater
3 store/4 små egg
3 dl kefir/kulturmelk/surmelk
100 g havremjøl*
60 g speltmjøl*
1 ss sukrin+*
2 ss sukrin gold*
1/2 ts kanel og 1/2 ts kardemomme
1 ts natron eller bakepulver
smør til steiking

Slik gjer du:
Rør sammen alle ingrediensane og la røra svelle i minst 10 minutt. Juster eventuelt med væske/meir tørrvare om røra er veldig tjukk/tynn. Steik gylne vafler i smurt vaffeljern. Server varme, lune eller kalde med valgfritt pålegg.

Tips og alternativ*
– Du kan bruke anna tørrvare enn havremjøl og speltmjøl. Eg synes vaflane er like gode om eg kun bruker havremjøl, og då blir dei også ekstra grove. Bruk glutenfritt havremjøl for glutenfri vafler, og bytt speltmjølet med enten havremjøl eller anna glutenfritt mjøl. PS! Havremjøl kan du fint lage sjølv ved å ha havregryn i en blendar/foodprosessor.

– Bruk gjerne anna søtning enn sukrin+ og sukrin gold, som tilsvarer ca. 4 ss sukker. Er du glad i søte vafler, så bruker du litt ekstra søtning. Desse vaflane blir ikkje veeeldig søte, men heilt passelige.

Brunost og syltetøy er en klassiker på vafler, men eg synes det er supergodt med cottage cheese og sukkerfritt jordbærsyltetøy (som vanlig, hehe). Eg åt også en vaffel med heimelaga mandelsmør, cottage cheese, fibersirup gold og friske bær, og eg seier berre: NAM♥

Heimelaga mandelsmør finner du oppskrift på HER!

Nyt til frukost, lunsj, turmat, kaffikos eller kveldskos 🙂

Ha en fantastisk helg alle sammen! Eg har komt meg heimatt fra Oslo og skal nyte meir av det her:


Knall sol, blå himmel, snø, ski på beina og kaffikopp med utsikt!

God fredag♥

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

4 kommentarer

  1. Hvor mange kcal er det ca per plate?☺️

    1. Rekner ikkje på kalorier 😉

  2. Beate Fossem

    Kan røren stå noen dager, eller burde alt stekes samtidig?

    1. Det går nok heilt fint 🙂