Annonse
18. april 2018
Råmelkspudding (kalvedans) – tradisjonsrett på sitt beste!
Råmelkspudding, spannost, kalvedans, pottost, kjelost… Denne desserten har jammen mange ulike navn! Heime hos meg har vi alltid sagt råmelkspudding eller spannost, og dette er en dessert som eg har vokse opp med, og er noko av det beste eg veit. Dei 10 siste åra har dette vore desserten på julafta (blitt en tradisjon!) og eg bestiller alltid råmelkspudding på bursdagen min – kvart einaste år.
Når eg har lagt ut bilde av denne desserten (på instastory under lindastuhaug), så har det strøyma på med tilbakemeldinger. Dette er definitivt noko som fleire har vokse opp med, for ordet barndomsminner går virkelig igjen! Mange er også nysgjerrige og lurer på kva det er, korleis ein lager det og om eg kan dele oppskrift. Så klart kan eg dele oppskrift 🙂
Denne tradisjonsretten kan man lage på veldig mange forskjellige måter med ulike smakstilsetninger. Vi har laga puddingen med vår vri i alle år, som er en enkel og smakfull variant med litt sukker og mandeldråper. Korleis ein ete og kva tilbehør ein har til puddingen varierer også mykje fra heim til heim, og eg er sikker på at mange av de som leser dette har en anna vi enn meg på både tilberedning og servering av råmelkspuddinga.
Når vi likevell er inne på denne store variasjonen så har eg veldig lyst å høyre fra dåkke lesere: kva forhold har du til råmelkspudding (eller kva du kaller det – hehe!), og korleis pleier du å ete den? Har du kanskje en spesiell måte å lage den på, eller eit minne som sitter ekstra godt? Del gjerne i kommentarfeltet♥
For å lage denne desserten trenger du råmelk. Råmelk er den første melka kua får etter kalving, og har eit høgt proteininnhold, som bidrar til at puddingen stivner. Råmelka er mest næringsrik og konsentrert rett etter kalving, og ein skiller ofte mellom første mål, andre mål og tredje mål på råmelka. Kva mål du bruker har mykje å sei for sluttresultatet på puddingen.
Når vi får råmelk pleier det å vere en kombinasjon mellom første mål og andre/tredje mål. Då blir puddingen perfekt i konsistensen – ikkje for fast, ikkje for laus. Får du derimot råmelk fra første mål trenger denne å spes ut med h-melk for å ikkje bli for fast, og får du råmelk fra tredje mål trenger denne sannsynligvis nokre egg for å sette seg. Her gjelder det å finne ut kva råmelk ein har, og deretter prøve seg litt fram.
Tips: råmelka kan fint frysast, men hugs å tine den langsomt opp igjen for å bevare all den gode næringa!
Slik lager vi tradisjonsretten:
Råmelkspudding, 1 form (2 liters brødform)
♦ 2 liter råmelk
♦ 2-3 ss sukker*
♦ litt mandeldråper
Slik gjer du:
Bland saman og hell over i en 2-liters brødform. Puddingen skal steikast i vannbad, nederste rille på 150 grader over-undervarme. Etter 60-75 minutt skal den vere ferdig, men her må ein sjekke litt underveis med ei skei for å kjenne at puddingen er stivna. Avkjølast og kan nytast varm, lun eller kald med det tilbehøret du ønsker.
*sukker kan erstattast med anna type søtning. Vi har også laga den med sukrin+ og det er absolutt ingen forskjell i smaken.
Her i hus har vi alltid servert råmelkspudding med en slags rød saus. Heimelaga jordbær- og bringebærsaus er en klassikar, og denne lagast enkelt av 50/50 fryste jordbær/bringebær, varma opp i en kjele og smakt til med søtning, deretter most med stavmiksar.
Andre måter å servere tradisjonsretten på er blant anna med;
♦ Krem og bær
♦ Kanel og sukker
♦ Varme bær og hakkede nøtter
♦ Melk, kanel og sukker
♦ På brødskiva
♦ … og sikkert veldig, veldig mange fleire måter!
Eg kjenner eg får vann i munn av å skrive dette innlegget… Mamma, eg kjem snart heimatt, eg veit vi har råmelk i frysaren! Hehe, neida. Uansett, eg er veldig spent på å høyre fra dåkke 🙂
Følg meg gjerne på instagram (lindastuhaug) for mykje sunn matinspirasjon og glimt av min kvardag. Daglig inspirasjon deler eg også på Facebook-sida mi som du kan følge HER.
Annonse
50 Kommentarer
Åslaug Reiten
6. oktober 2020
Linda Stuhaug
7. oktober 2020
Ingrid Hallan
9. september 2020
Linda Stuhaug
9. september 2020
Geir Stølsvik
13. mars 2022
Linda Stuhaug
13. mars 2022
Geir Stølsvik
13. mars 2022
Linda Stuhaug
14. mars 2022
Anita Kjellmo
18. oktober 2018
Linda Stuhaug
19. oktober 2018
Torunn
13. oktober 2018
Linda Stuhaug
14. oktober 2018
Torunn
15. oktober 2018
Linda Stuhaug
15. oktober 2018
Jorun Bringa
3. mars 2021
Linda Stuhaug
4. mars 2021
Ingeborg
6. mars 2019
Linda Stuhaug
6. mars 2019
Ragnhild Asbjørnsen
26. januar 2019
Linda Stuhaug
27. januar 2019
Aud Milevasslien Kloppbakken
14. januar 2019
Linda Stuhaug
14. januar 2019
Benedicte
3. september 2019
Linda Stuhaug
3. september 2019
Bjørg
10. januar 2022
Linda Stuhaug
11. januar 2022
Gunn Marit
4. november 2021
Linda Stuhaug
5. november 2021
Astrid
28. september 2021
Linda Stuhaug
29. september 2021
Åse Marie Ånestad
14. mai 2019
Linda Stuhaug
15. mai 2019
Grethe
25. desember 2019
Linda Stuhaug
28. desember 2019
Geir Stølsvik
13. mars 2022
Linda Stuhaug
13. mars 2022
Mia
23. april 2018
Linda Stuhaug
23. april 2018
Tobbe
20. april 2018
Linda Stuhaug
22. april 2018
M
19. april 2018
Linda Stuhaug
19. april 2018
Ingrid
18. april 2018
Linda Stuhaug
18. april 2018
Martine
18. april 2018
Linda Stuhaug
18. april 2018
Tanja Eik Halsen
18. april 2018
Linda Stuhaug
18. april 2018
Liv Nygård
12. september 2018
Linda Stuhaug
13. september 2018
SKRIV EN KOMMENTAR