Linda Stuhaug

Annonse

8. juni 2018

Eltefritt grovbrød uten korn/frø/kjerner

Eltefritt grovbrød uten korn/frø/kjerner
Hurra for fredag!
Helg betyr som regel litt meir tid til å lage gode frukoster, og eltefritt brød er heilt perfekt som nybakt brød til helgefrukosten- eller lunsjen. Du rører sammen ingrediensane kvelden før, lar deiga heve over natta, knar opp deiga og lar den heve ei lita stund på morgonen, så er det berre å steike brødet 🙂
Eg fikk eit spørsmål for ei stund tilbake om eg kunne lage eit sunt, grovt (men ikkje for grovt) brød uten korn, frø, kjerner – slik at barna hadde lyst å ete det. Dette hadde eg i bakhodet når eg lagde dette eltefrie grovbrødet, men visst du har lyst på litt meir av det gode – så er det berre å tilsette 50-150 g av valgfri frø/kjerner, og eventuelt bytte ut litt av det fine spelt/kveitemjølet med grovvarianten 😉
Du trenger, 1 brød 300 g fint spelt/kveitemjøl 200 g havremjøl 50 g fiberfin (eller bytt ut med meir havremjøl) 1 ts salt 1 ss flytande honning 1/2 ts tørrgjær 5 dl romtemperert vatn
Slik gjer du, dag 1: Bland sammen tørrvarene. Tilsett honning og vatn, rør sammen til en klissete deig. Dekk til deiga og la den heve på kjøkkenbenken i 12-20 timer.
Slik gjer du, dag 2: Ha litt mjøl på kjøkkenbenken og hell deiga over. Kna opp deiga og tilsett mjøl til den er metta og holder formen. Form til eit rundt brød og dekk den til. Deiga skal etterheve i minst 1 time – gjerne 2 timer om du har tid til det.
Når det er 30 minutt igjen av hevetida: sett ei støpejernsgryte/leirgryte med lokk inn i ovnen og skru på 250 grader. Etter 30 minutter tar du gryta ut av ovnen (pass på, den er glovarm!).
Lemp deiga ned i den varme gryta og sett på lokket. Steik midt i ovnen, fortsatt på 250 grader, i 30 minutter.
Skru ovnen ned til 200 grader og ta lokket av gryta. Brødet skal no steike vidare i 10-20 minutter, til overflata får en gyllen og fin farge. Løft brødet ut av gryta og la det avkjøle seg på rist.
Resultatet blir eit luftig, saftig brød med sprø skorpe. Eg anbefaler å oppbevare brødet i eit kjøkkenhandkle, papirpose eller brødboks for at skorpa skal holde seg sprø. Visst du ikkje synes dette er så viktig, så kan du fint ta det inn i en brødpose.
Støpejernsgryta mi har vore i Oslo det siste halvåret, når eg nesten berre har vore heime – men no har eg endelig fått henta den heimatt og skal lage mange varianter av eltefrie brød i sommar! Visst du forresten ikkje har støpejernsgryte/leirgryte, så kan du lese oppskrifta mi på eltefritt brød i brødform HER.
Med finmalt havremjøl (og fiberfin visst ein bruker det) så blir brødet grovt og godt, uten at det egentlig kjennes slik. Havremjøl er eit heilt supert, anvendelig og fiberrikt mjøl som passer til både salte og søte oppskrifter!
Håper brødet frister 🙂
God helg alle sammen♥

Hurra for fredag!

Helg betyr som regel litt meir tid til å lage gode frukoster, og eltefritt brød er heilt perfekt som nybakt brød til helgefrukosten- eller lunsjen. Du rører sammen ingrediensane kvelden før, lar deiga heve over natta, knar opp deiga og lar den heve ei lita stund på morgonen, så er det berre å steike brødet 🙂

Eg fikk eit spørsmål for ei stund tilbake om eg kunne lage eit sunt, grovt (men ikkje for grovt) brød uten korn, frø, kjerner – slik at barna hadde lyst å ete det. Dette hadde eg i bakhodet når eg lagde dette eltefrie grovbrødet, men visst du har lyst på litt meir av det gode – så er det berre å tilsette 50-150 g av valgfri frø/kjerner, og eventuelt bytte ut litt av det fine spelt/kveitemjølet med grovvarianten 😉

Du trenger, 1 brød
300 g fint spelt/kveitemjøl
200 g havremjøl
50 g fiberfin (eller bytt ut med meir havremjøl)
1 ts salt
1 ss flytande honning
1/2 ts tørrgjær
5 dl romtemperert vatn

Slik gjer du, dag 1:
Bland sammen tørrvarene. Tilsett honning og vatn, rør sammen til en klissete deig. Dekk til deiga og la den heve på kjøkkenbenken i 12-20 timer.

Slik gjer du, dag 2:
Ha litt mjøl på kjøkkenbenken og hell deiga over. Kna opp deiga og tilsett mjøl til den er metta og holder formen. Form til eit rundt brød og dekk den til. Deiga skal etterheve i minst 1 time – gjerne 2 timer om du har tid til det.

Når det er 30 minutt igjen av hevetida: sett ei støpejernsgryte/leirgryte med lokk inn i ovnen og skru på 250 grader. Etter 30 minutter tar du gryta ut av ovnen (pass på, den er glovarm!).

Lemp deiga ned i den varme gryta og sett på lokket. Steik midt i ovnen, fortsatt på 250 grader, i 30 minutter.

Skru ovnen ned til 200 grader og ta lokket av gryta. Brødet skal no steike vidare i 10-20 minutter, til overflata får en gyllen og fin farge. Løft brødet ut av gryta og la det avkjøle seg på rist.

Resultatet blir eit luftig, saftig brød med sprø skorpe. Eg anbefaler å oppbevare brødet i eit kjøkkenhandkle, papirpose eller brødboks for at skorpa skal holde seg sprø. Visst du ikkje synes dette er så viktig, så kan du fint ta det inn i en brødpose.

Støpejernsgryta mi har vore i Oslo det siste halvåret, når eg nesten berre har vore heime – men no har eg endelig fått henta den heimatt og skal lage mange varianter av eltefrie brød i sommar! Visst du forresten ikkje har støpejernsgryte/leirgryte, så kan du lese oppskrifta mi på eltefritt brød i brødform HER.

Med finmalt havremjøl (og fiberfin visst ein bruker det) så blir brødet grovt og godt, uten at det egentlig kjennes slik. Havremjøl er eit heilt supert, anvendelig og fiberrikt mjøl som passer til både salte og søte oppskrifter!

Håper brødet frister 🙂

God helg alle sammen♥

Annonse

10 Kommentarer

M

Marte

4. november 2018

Hei! Hvor stor er gryta du bruker her? Jeg har en tupperware ultrapro 3,5 L vet du om det funker like bra å lage grytebrød i den? 🙂

Linda Stuhaug

5. november 2018

Min rommer ca. 3 liter 🙂 Så det fungerer nok heilt utmerket å bruke den du har 😀

S

Silje

18. oktober 2018

Hei Linda, Har du en oppskrift på brød uten havre? Jeg har cøliaki og reagerer også på glutenfri havre. Tåler melk og egg. På forhånd takk for all inspirasjon.

Linda Stuhaug

19. oktober 2018

Hei! Du kan heilt fint bytte ut havre i oppskriftene med anna glutenfri mjøltype 🙂 Istenfor havregryn kan du bruke bokhveteflak for eksempel! Og istedenfor havremjøl bruker du anna valgfri tørrvare 😀

J

Jorunn

2. mars 2023

Lagde dette etter oppdatert oppskrift i nye kokeboka di. Eg brukte kun linfrø, då det var det eg hadde i skapet - og det var heilt nydeleg! Super måte å få i seg linfrø når ein er gravid og ting har stoppa litt opp i fordøyinga ;)

Linda Stuhaug

4. mars 2023

Så kjekt det smakte, Jorunn🤩

K

Karoline

8. juni 2018

Hei Linda! Dette brødet så godt ut 😀 Kan du prøve å lage en oppskrift på sunnere tebriks med fyll evt. horn med ost og skinke som er lette å ta med seg på toppturer/matboksen? 🙂 De jeg har prøvd meg på med grovt mel har blitt så tørre..

Linda Stuhaug

10. juni 2018

Så absolutt Karoline 😀 Skal skrive dette opp på lista mi med det samme! Ellers er det en del oppskrifter under «turmat»- kategorien som passer perfekt å ta med på tur og i matboksen 🙂

A

Ann

9. juni 2018

Kjempegodt brød 🙂 🙂

Linda Stuhaug

10. juni 2018

Så kjekt å lese, Ann 😀

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg