Linda Stuhaug

Annonse

Turanbefaling: Norge på tvers!

Turanbefaling: Norge på tvers!
Hei alle sammen!
Idag har eg eit litt annleis blogginnlegg å dele: nemlig turanbefaling. Kvar sommar har vi en langtur til fjells, og for 2 år sida gjekk vi Sylan Ekspedisjonen: Norge på Tvers langs 63º nord. Dette er en krevande tur på 120 km fordelt på 7 dager, men turen går fra hytte til hytte – som gjer at turen passar for mange. Ein slipper å bære telt, sovepose og mykje mat, og har mulighet til å tørke sko og kleder. Alle hyttene har sikringsbu til hund, så hunder er og velkomne til å vere med.
Kanskje innlegget kan inspirere til å legge av ei veke av ferien i år, eller kanskje neste år – til å krysse vårt vakre land på tvers. Eg har vertfall lyst å inspirere fleire til å ville gå denne turen, for det var heilt sinnsjukt fint med naturopplevelser eg aldri vil gløyme.
PS! LANGT INNLEGG. Lengre enn planlagt. Hehe.
Vi var en gjeng på 4 stk; meg, kjæresten min, broren min og en kompis av bror min. Det var faktisk heilt perfekt, for alle hyttene hadde 4-mannsrom (så vi fekk tilbringe enda meir tid med kvarandre, haha). Innlegget skriver eg som min anbefaling og mine opplevelser på turen, med litt hjelp fra heimesida og ut.no for beskrivelse av dei ulike hyttene. Alle bildene er også tatt med eit halvdårlig mobilkamera, men slik er det rett og slett på tur 🙂
Ønsker du nøyaktig turbeskrivelse og mykje meir informasjon om Norge på tvers turen, så kan du besøke heimesida www.norgepatvers.no HER.
Bildet er lånt fra Norge på tvers si heimeside. Turen er godt merka, og vi var aldri i tvil om kor vi skulle gå.
Det eg likte ekstra godt med denne turen, var at det både var sjølvbetjente og betjente hytter. Vi fikk litt av begge deler, og det var heilt fantastisk. Det er fint å ete lapskaus på hermetikkboks og vaske seg i bekken, men det er jammen fint å sette seg til bords med 3-retters middag etter en varm (lunken) dusj også 🙂 Vi var i grunn veldig heldige med været, så det har naturligvis mykje å sei for heile opplevelsen. Vi hadde sol/overskyra med fin tempertur nesten heile tida, utenom dei siste kilometerane på dag 4, og dei første kilometerane på dag 5. Den aller siste etappen pøseregna det, men då var det så få kilometer til mål 🙂

Transport fra startstreken til målstreken Turen startar i ein ende av Norge, og avsluttast i den andre. Vi kjørte bil heimefrå og lurte på korleis i alle dager vi skulle parkere bilen når det var milevis fra starten til slutten av turen… Vi fant ut at det var kjekkast å komme tilbake til bilen etter endt tur, framfor å parkere bilen ved start. Derfor parkerte vi bilen vår ved Væktarstua, som er eit hotell som ligger i Stugudalen. Herfra tok vi taxi (haha) til Stjørdal og overnatta på hotell der. Det vart nokre lapper i taxiregning, men det var rett og slett slik det måtte bli for vår del. Det finnes nok mykje rimeligare og bedre løysingar enn det, altså 😉
Neste dag stod vi opp tidlig, lada opp med en skikkelig hotellfrukost, pakka sekken og gjekk dei få hundre meterane ned til startstreken på Norge på tvers turen – Turistforeningens kontor i Stjørdal.
Expedition-passet Sørg for at du får med deg eit Expedition-pass før du starter på turen! Passet er nøkkelen for å kunne bli registrert på den offisielle «Norge på tvers»-lista, få registreringsbevis, turkopp og t-skjorte. Underveis på turen bruker ein passet til å fylle ut registreringskoder, samtidig som passet inkluderer kost og losji på alle hyttene. Det er to ulike pass å velge mellom, og du kan lese meir om dei HER. Dette passet bestilte vi på forhånd og avtalte å hente i Stjørdal på Turistforeningens kontor rett før første etappe på turen, og i samme slengen kjøpte vi kart over heile ruta.
PS! Du kan velge om du vil gå fra fjorden i Stjørdal til svenskegrensa i Tydal, eller motsatt vei. Vi valgte førstenevnte, og det er og det eg anbefaler 🙂
Dag 1: Stjørdal – Kvitfjellhytta, 31 km. På første etappen går ein frå fjord til fjell, og dette er definitivt den lengste og seigaste etappen. Ikkje berre skal ein gå over 3 mil med tunge sekkar, det er også på denne etappen ein må gå dei fleste høgdemeterane og turen har mykje krevande terreng. Vi brukte litt over 12 timar fra start til slutt (med pausar), og følelsen av å komme fram på ei hytte har aldri vore betre.
Turen startar på Turistforeningens kontor i Stjørdal, ved fjorden. Det var her vi møtte opp for å få ekspedisjonspassa våre. Dei første 12 kilometerane går relativt flatt på asfalt, deretter starter oppstigninga på fjellet, med både grusvei og stiar. Dei siste 16 kilometerane mot Kvitfjellshytta går ein i ulent terreng med mykje myr. For vår del vart det 16 blytunge kilometer, det hadde vore mykje regn veka i forvegen, og vi sank laaangt ned i myra på kvart einaste steg vi tok. Dette vil naturligvis variere mykje etter været.
Kvitfjellhytta er en sjølvbetjent, lita og veldig koselig hytte med 11 sengeplasser, samt sikringsbu med nokre ekstra sengeplasser. Les meir om Kvitfjellhytta og sjå bilder på UT.no her.
PS! Første etappen er også mulig å dele opp, det er to ulike overnattingsmuligheter underveis, men desse er ikkje med i sjølve ekspedisjonen. Les meir om desse på heimesida.
Vi var ikkje klar over det, men 3-4 timer ut i turen møtte vi på Spar butikk. Då blei det luksuslunsj og gode drikker!
På spar butikken kjøpte eg sjokomelk, og heimefra hadde eg laga med meg proteinrike matmuffins med ost og skinke (uten muffinsformer). Desse hadde eg laga mange av, og hadde 3-4 dager ut i turen. Perfekt turmat, like saftige etter mange dager i sekken, og god energi for en aktiv kropp.
Dag 2: Kvitfjellhytta – Prestøyhytta, 12 km. Etter en relativt lang og heftig dag 1, så passer det fint med en kortare og mindre krevande etappe på dag 2. Her går ruta i åpent fjellterreng og skogsterreng med rygger og smådaler, der det ligger gamle setervoller. En fantastisk nydelig etappe, men fortsatt en del myr. Ha gode, vanntette sko, folkens 😉 Eg hadde litt uflaks ettersom eg mista buksa mi, og måtte gå 4 kilometer tilbake. Eg og min bedre halvedel fekk derfor en 20 kilometers tur, men det var definitivt den beste etappen å få nokre ekstra kilometer i beina på. Edit: buksa mi hang på sekken når eg mista den. Fått eit par tilbakemeldinger på at eg hadde mista buksa mi, haha.
Prestøyhytta er også ei sjølvbetjent hytte. Denne har 16 sengeplassar (+ madrasser og sikringsbu) og er hakket større enn Kvitfjellhytta. Den ligger nydelig til med utsikt over Stråsjøen Naturreservar, Prestøyan og mot Selbufjella. Her koste vi oss veldig! Les meir om Prestøyhytta og sjå bilder på UT.no HER.
Gjer oss klare for ny etappe!
Dag 3: Prestøyhytta – Schultzhytta, 16 km. Dette ruta fortsetter i fjellterreng og noko skogsterreng, og ein passerer fleire spennande kulturminner. På denne etappen er det også mulig å ta en avstikker om ein vil ha nokre ekstra kilometer og høgdemeter i beina. Nok ein fin etappe, og det beste er nok å komme fram til Schultshytta!
Schultzhytta er nemlig det første betjente hytta på turen. Hytta blir kalla den lille hytta med det store hjertet, fordi Schultzhytta er ein av dei minste betjente turisthyttene i Norge. Her var det heilt fantastisk koselig, ein får den skikkelige fjell- og hyttefølelsen, samtidig som ein får muligheten til å ta seg en varm dusj og sette seg til bords med 3-retters middag. Frukosten blir servert, og ein kan smøre seg matpakke med ferske brød og godt pålegg. Les meir om Schultzhytta og sjå bilder på UT.no HER.
Her var det perfekt å ta første lunsjpause. Fleire bada også 😉
Dag 4: Schultzhytta – Ramsjøhytta, 16 km. Denne etappen starter i storvokst gran- og furuskog, går over i bjørkeskog og etterkvart slakt fjellterreng. Dette er ei utrulig kul rute som går gjennom Ramsskaret – på toppen ser du fram til hytta på enden av Ramsjøen, som fortsatt ligg fleire timer med gåing unna. Her kan ein også gå uttafor merka tursti og gå omveien over eit av dei nærliggande fjella.
Ramsjøhytta er ei større, sjølvbetjent hytte. Hytta ligger åpent til ved osen av Ramsjøen, og her var det virkelig flott! På Ramsjøhytta er det 24 sengeplasser (+ benkeplasser og nysikringshytte), så god kapasitet til mange. Her var det også litt bedre kjøkkenmuliheter, og vi fekk laga oss eit par skikkelig gode måltid fra matvarelageret. Les meir om Ramsjøhytta og sjå bilder på UT.no HER.
Ramskaret!
Dag 5: Ramsjøhytta – Storerikvollen, 18 km. Denne ruta går i variert og åpent fjellskogterreng heile veien, samt langs grusrygger og over grussletter som er breelvavsetninger frå siste istid. Vel framme er eit av turens største høgdepunkt: opphold på Storerikvollen turisthytte!
Storerikvollen turisthytte var ei veldig spesiell hytte. Atmosfæren fra den første hytta som blei satt opp i 1896 er godt ivaretatt; hytta har tømmervegger, store åpne peiser ogsamtidig egenarta interiør. Dette er ei stor, betjent hytte med 65 sengeplasser. Her får ein muligheten igjen til å ta seg en varm dusj, ein får servert 3-retters middag, frukost og har muligheten til å smøre seg fersk matpakke. Dette begynner å bli skikkelig luksus etter 5 dager på tur! Les meir om Storerikvollen og sjå bilder på UT.no HER.
Dag 6: Storerikvollen – Nedalshytta, 22 km. Dette var en sjukt trivelig etappe! Etter 5 dager med mykje myr, så var dei verste myrpartia klopplagte på denne etappen. Ruta går stort sett over tørre flyer, i klopplagte partier, østover mot Sylmassivet. En lett etappe der ein går mykje flatt før nedstigninga mot Nedalshytta.
Nedalshytta ligger lunt og idyllisk til i bjørkeskogen under det mektige Sylmassivet (1762 moh), med fin utsikt utover Nedalen og Nesjøen. Dette er ei kjempestor, betjent hytte med ekstremt mykje folk. Det er over 200 sengeplasser totalt, og eg vil nesten påstå at det er meir eit fjellhotell enn fjellhytte. Det er mulig å køyre heilt fram til hytta, så det er eit lavterskeltilbod blant anna for barnefamiliar som ønsker å komme seg til fjells. Her er det mulighet for dusj, 3-retters middag, frukost og matpakke før siste etappen mot mål: Svenskegrensa! Les meir om Nedalshytta og sjå bilder på UT.no HER.
Dag 7: Nedalshytta – Svenskegrensa/mål ved Sylsjøen, 5 km. Evt vidare til Stugudalen, 23 km. Definitivt turens sjarmøretappe! Fra Nedalshytta til Svenskegrensa ved Sylsjøen er det kun 5 km. Vel framme kan ein klappe seg sjølv på skuldra og vite at ein kan kryssa Norge på Tvers langs 63º nord. Denne dagen hadde vi skikkelig drittvær, men måtte sjølvsagt stoppe på riksgrensa å knipse eit par bilder. Fornøgd gjeng!
Sjølv om man i bunn og grunn er i mål, så er det en kabal å komme seg ned igjen til Stugudalen til bilen. Ein kan gå 18 km ekstra til Stugudalen fra Svenskegrensa, eller finne ei anna løysing med taxi/bil.
Gjengen klar for aller siste etappe!
Gurimalla! Det innlegget her tok en halv evighet å skrive, men eg håper virkelig at nokon av dåkke får nytte av det, eller føler seg inspirerte til å legge nokre få dager til fjells på ein ann tur i sommar♥ No er det kun 2 veker igjen til årets tur i Skarvheimen, og eg kjenner no at eg gleda meg skikkelig. Langturen til fjells om sommaren er eit av årets høgdepunkt for min del 🙂 I år blir vi 5-6 stykker, meg og en guttegjeng som alltid, men eg trivast egentlig ganske godt med det eg 😉
Har du spørsmål, spørr gjerne!
Og har du turtips til meg (gjerne hytte til hytte turer, men kva som helst er kjekt!), så del gjeerne dine anbefalinger i kommentarfeltet. Eg elska fjellet, og vil helst oppleve heile Norge akkurat NO 😉

Hei alle sammen!

Idag har eg eit litt annleis blogginnlegg å dele: nemlig turanbefaling. Kvar sommar har vi en langtur til fjells, og for 2 år sida gjekk vi Sylan Ekspedisjonen: Norge på Tvers langs 63º nord. Dette er en krevande tur på 120 km fordelt på 7 dager, men turen går fra hytte til hytte – som gjer at turen passar for mange. Ein slipper å bære telt, sovepose og mykje mat, og har mulighet til å tørke sko og kleder. Alle hyttene har sikringsbu til hund, så hunder er og velkomne til å vere med.

Kanskje innlegget kan inspirere til å legge av ei veke av ferien i år, eller kanskje neste år – til å krysse vårt vakre land på tvers. Eg har vertfall lyst å inspirere fleire til å ville gå denne turen, for det var heilt sinnsjukt fint med naturopplevelser eg aldri vil gløyme.

PS! LANGT INNLEGG. Lengre enn planlagt. Hehe.

Vi var en gjeng på 4 stk; meg, kjæresten min, broren min og en kompis av bror min. Det var faktisk heilt perfekt, for alle hyttene hadde 4-mannsrom (så vi fekk tilbringe enda meir tid med kvarandre, haha). Innlegget skriver eg som min anbefaling og mine opplevelser på turen, med litt hjelp fra heimesida og ut.no for beskrivelse av dei ulike hyttene. Alle bildene er også tatt med eit halvdårlig mobilkamera, men slik er det rett og slett på tur 🙂

Ønsker du nøyaktig turbeskrivelse og mykje meir informasjon om Norge på tvers turen, så kan du besøke heimesida www.norgepatvers.no HER.

Bildet er lånt fra Norge på tvers si heimeside. Turen er godt merka, og vi var aldri i tvil om kor vi skulle gå.

Det eg likte ekstra godt med denne turen, var at det både var sjølvbetjente og betjente hytter. Vi fikk litt av begge deler, og det var heilt fantastisk. Det er fint å ete lapskaus på hermetikkboks og vaske seg i bekken, men det er jammen fint å sette seg til bords med 3-retters middag etter en varm (lunken) dusj også 🙂 Vi var i grunn veldig heldige med været, så det har naturligvis mykje å sei for heile opplevelsen. Vi hadde sol/overskyra med fin tempertur nesten heile tida, utenom dei siste kilometerane på dag 4, og dei første kilometerane på dag 5. Den aller siste etappen pøseregna det, men då var det så få kilometer til mål 🙂


Først litt praktisk informasjon!

Transport fra startstreken til målstreken
Turen startar i ein ende av Norge, og avsluttast i den andre. Vi kjørte bil heimefrå og lurte på korleis i alle dager vi skulle parkere bilen når det var milevis fra starten til slutten av turen… Vi fant ut at det var kjekkast å komme tilbake til bilen etter endt tur, framfor å parkere bilen ved start. Derfor parkerte vi bilen vår ved Væktarstua, som er eit hotell som ligger i Stugudalen. Herfra tok vi taxi (haha) til Stjørdal og overnatta på hotell der. Det vart nokre lapper i taxiregning, men det var rett og slett slik det måtte bli for vår del. Det finnes nok mykje rimeligare og bedre løysingar enn det, altså 😉

Neste dag stod vi opp tidlig, lada opp med en skikkelig hotellfrukost, pakka sekken og gjekk dei få hundre meterane ned til startstreken på Norge på tvers turen – Turistforeningens kontor i Stjørdal.

Expedition-passet
Sørg for at du får med deg eit Expedition-pass før du starter på turen! Passet er nøkkelen for å kunne bli registrert på den offisielle «Norge på tvers»-lista, få registreringsbevis, turkopp og t-skjorte. Underveis på turen bruker ein passet til å fylle ut registreringskoder, samtidig som passet inkluderer kost og losji på alle hyttene. Det er to ulike pass å velge mellom, og du kan lese meir om dei HER. Dette passet bestilte vi på forhånd og avtalte å hente i Stjørdal på Turistforeningens kontor rett før første etappe på turen, og i samme slengen kjøpte vi kart over heile ruta.

PS! Du kan velge om du vil gå fra fjorden i Stjørdal til svenskegrensa i Tydal, eller motsatt vei. Vi valgte førstenevnte, og det er og det eg anbefaler 🙂

Dag 1: Stjørdal – Kvitfjellhytta, 31 km.
På første etappen går ein frå fjord til fjell, og dette er definitivt den lengste og seigaste etappen. Ikkje berre skal ein gå over 3 mil med tunge sekkar, det er også på denne etappen ein må gå dei fleste høgdemeterane og turen har mykje krevande terreng. Vi brukte litt over 12 timar fra start til slutt (med pausar), og følelsen av å komme fram på ei hytte har aldri vore betre.

Turen startar på Turistforeningens kontor i Stjørdal, ved fjorden. Det var her vi møtte opp for å få ekspedisjonspassa våre. Dei første 12 kilometerane går relativt flatt på asfalt, deretter starter oppstigninga på fjellet, med både grusvei og stiar. Dei siste 16 kilometerane mot Kvitfjellshytta går ein i ulent terreng med mykje myr. For vår del vart det 16 blytunge kilometer, det hadde vore mykje regn veka i forvegen, og vi sank laaangt ned i myra på kvart einaste steg vi tok. Dette vil naturligvis variere mykje etter været.

Kvitfjellhytta er en sjølvbetjent, lita og veldig koselig hytte med 11 sengeplasser, samt sikringsbu med nokre ekstra sengeplasser. Les meir om Kvitfjellhytta og sjå bilder på UT.no her.

PS! Første etappen er også mulig å dele opp, det er to ulike overnattingsmuligheter underveis, men desse er ikkje med i sjølve ekspedisjonen. Les meir om desse på heimesida.

Vi var ikkje klar over det, men 3-4 timer ut i turen møtte vi på Spar butikk. Då blei det luksuslunsj og gode drikker!




På spar butikken kjøpte eg sjokomelk, og heimefra hadde eg laga med meg proteinrike matmuffins med ost og skinke (uten muffinsformer). Desse hadde eg laga mange av, og hadde 3-4 dager ut i turen. Perfekt turmat, like saftige etter mange dager i sekken, og god energi for en aktiv kropp.


Dag 2: Kvitfjellhytta – Prestøyhytta, 12 km.
Etter en relativt lang og heftig dag 1, så passer det fint med en kortare og mindre krevande etappe på dag 2. Her går ruta i åpent fjellterreng og skogsterreng med rygger og smådaler, der det ligger gamle setervoller. En fantastisk nydelig etappe, men fortsatt en del myr. Ha gode, vanntette sko, folkens 😉 Eg hadde litt uflaks ettersom eg mista buksa mi, og måtte gå 4 kilometer tilbake. Eg og min bedre halvedel fekk derfor en 20 kilometers tur, men det var definitivt den beste etappen å få nokre ekstra kilometer i beina på. Edit: buksa mi hang på sekken når eg mista den. Fått eit par tilbakemeldinger på at eg hadde mista buksa mi, haha.

Prestøyhytta er også ei sjølvbetjent hytte. Denne har 16 sengeplassar (+ madrasser og sikringsbu) og er hakket større enn Kvitfjellhytta. Den ligger nydelig til med utsikt over Stråsjøen Naturreservar, Prestøyan og mot Selbufjella. Her koste vi oss veldig! Les meir om Prestøyhytta og sjå bilder på UT.no HER.

Gjer oss klare for ny etappe!






Dag 3: Prestøyhytta – Schultzhytta, 16 km.
Dette ruta fortsetter i fjellterreng og noko skogsterreng, og ein passerer fleire spennande kulturminner. På denne etappen er det også mulig å ta en avstikker om ein vil ha nokre ekstra kilometer og høgdemeter i beina. Nok ein fin etappe, og det beste er nok å komme fram til Schultshytta!

Schultzhytta er nemlig det første betjente hytta på turen. Hytta blir kalla den lille hytta med det store hjertet, fordi Schultzhytta er ein av dei minste betjente turisthyttene i Norge. Her var det heilt fantastisk koselig, ein får den skikkelige fjell- og hyttefølelsen, samtidig som ein får muligheten til å ta seg en varm dusj og sette seg til bords med 3-retters middag. Frukosten blir servert, og ein kan smøre seg matpakke med ferske brød og godt pålegg. Les meir om Schultzhytta og sjå bilder på UT.no HER.


Her var det perfekt å ta første lunsjpause. Fleire bada også 😉

Dag 4: Schultzhytta – Ramsjøhytta, 16 km.
Denne etappen starter i storvokst gran- og furuskog, går over i bjørkeskog og etterkvart slakt fjellterreng. Dette er ei utrulig kul rute som går gjennom Ramsskaret – på toppen ser du fram til hytta på enden av Ramsjøen, som fortsatt ligg fleire timer med gåing unna. Her kan ein også gå uttafor merka tursti og gå omveien over eit av dei nærliggande fjella.

Ramsjøhytta er ei større, sjølvbetjent hytte. Hytta ligger åpent til ved osen av Ramsjøen, og her var det virkelig flott! På Ramsjøhytta er det 24 sengeplasser (+ benkeplasser og nysikringshytte), så god kapasitet til mange. Her var det også litt bedre kjøkkenmuliheter, og vi fekk laga oss eit par skikkelig gode måltid fra matvarelageret. Les meir om Ramsjøhytta og sjå bilder på UT.no HER.



Ramskaret!



Dag 5: Ramsjøhytta – Storerikvollen, 18 km.
Denne ruta går i variert og åpent fjellskogterreng heile veien, samt langs grusrygger og over grussletter som er breelvavsetninger frå siste istid. Vel framme er eit av turens største høgdepunkt: opphold på Storerikvollen turisthytte!

Storerikvollen turisthytte var ei veldig spesiell hytte. Atmosfæren fra den første hytta som blei satt opp i 1896 er godt ivaretatt; hytta har tømmervegger, store åpne peiser ogsamtidig egenarta interiør. Dette er ei stor, betjent hytte med 65 sengeplasser. Her får ein muligheten igjen til å ta seg en varm dusj, ein får servert 3-retters middag, frukost og har muligheten til å smøre seg fersk matpakke. Dette begynner å bli skikkelig luksus etter 5 dager på tur! Les meir om Storerikvollen og sjå bilder på UT.no HER.





Dag 6: Storerikvollen – Nedalshytta, 22 km.
Dette var en sjukt trivelig etappe! Etter 5 dager med mykje myr, så var dei verste myrpartia klopplagte på denne etappen. Ruta går stort sett over tørre flyer, i klopplagte partier, østover mot Sylmassivet. En lett etappe der ein går mykje flatt før nedstigninga mot Nedalshytta.

Nedalshytta ligger lunt og idyllisk til i bjørkeskogen under det mektige Sylmassivet (1762 moh), med fin utsikt utover Nedalen og Nesjøen. Dette er ei kjempestor, betjent hytte med ekstremt mykje folk. Det er over 200 sengeplasser totalt, og eg vil nesten påstå at det er meir eit fjellhotell enn fjellhytte. Det er mulig å køyre heilt fram til hytta, så det er eit lavterskeltilbod blant anna for barnefamiliar som ønsker å komme seg til fjells. Her er det mulighet for dusj, 3-retters middag, frukost og matpakke før siste etappen mot mål: Svenskegrensa! Les meir om Nedalshytta og sjå bilder på UT.no HER.






Dag 7: Nedalshytta – Svenskegrensa/mål ved Sylsjøen, 5 km. Evt vidare til Stugudalen, 23 km.
Definitivt turens sjarmøretappe! Fra Nedalshytta til Svenskegrensa ved Sylsjøen er det kun 5 km. Vel framme kan ein klappe seg sjølv på skuldra og vite at ein kan kryssa Norge på Tvers langs 63º nord. Denne dagen hadde vi skikkelig drittvær, men måtte sjølvsagt stoppe på riksgrensa å knipse eit par bilder. Fornøgd gjeng!

Sjølv om man i bunn og grunn er i mål, så er det en kabal å komme seg ned igjen til Stugudalen til bilen. Ein kan gå 18 km ekstra til Stugudalen fra Svenskegrensa, eller finne ei anna løysing med taxi/bil.

Gjengen klar for aller siste etappe!


Gurimalla! Det innlegget her tok en halv evighet å skrive, men eg håper virkelig at nokon av dåkke får nytte av det, eller føler seg inspirerte til å legge nokre få dager til fjells på ein ann tur i sommar♥ No er det kun 2 veker igjen til årets tur i Skarvheimen, og eg kjenner no at eg gleda meg skikkelig. Langturen til fjells om sommaren er eit av årets høgdepunkt for min del 🙂 I år blir vi 5-6 stykker, meg og en guttegjeng som alltid, men eg trivast egentlig ganske godt med det eg 😉

Har du spørsmål, spørr gjerne!

Og har du turtips til meg (gjerne hytte til hytte turer, men kva som helst er kjekt!), så del gjeerne dine anbefalinger i kommentarfeltet. Eg elska fjellet, og vil helst oppleve heile Norge akkurat NO 😉

Annonse

26 Kommentarer

M

Martine

25. mars 2019

Tusen takk for flott innlegg! Planlegger sommerens tur, hvor målet er å få til denne turen. Takk for gode tips og info! 😀

Linda Stuhaug

25. mars 2019

Berre hyggelig, Martine 😀 God tur når den tid kjem!

R

Reisetuppa

24. mars 2019

åhh gleder meg sånn ! driver å «tyv» leser meg gjennom forskjellige historier om norge på tvers. Skal gå i sommer med to venner !

Linda Stuhaug

24. mars 2019

Då er det berre å glede seg! En fantastisk fin tur eg gjerne har lyst å gå igjen <3

P

Per Kåre Skudal

10. november 2021

Hei! Kjekt å finne denne skildringa av ein flott tur som vi sit og fantaserer om å gå til sommaren. TAKK!!

Linda Stuhaug

11. november 2021

Så hyggelig, Per Kåre! Det var ein fantastisk tur som eg virkelig kan anbefale 🙂

E

Ella

17. mai 2019

Veldig fint innlegg jeg skal gå turen å er veldig spent bare lure hvorfor parkert dere ikke bilen ved nedalshytta?

Linda Stuhaug

18. mai 2019

For det første trur eg ikkje det var lov å langtidsparkere i 7 dager med Nedslahytta, for det andre måtte vi då ha gått tilbake når vi hadde komt til grensa. Men kan hende det er andre muligheter no, vi gjekk jo for tre år sidan 🙂

E

Ellen Eliassen

22. juli 2018

Hei, så motiverende å lese om denne turen. Skal selv gå denne ruten neste uke og vi er en gruppe som skal filme litt og lurte derfor på om det var dekning på noen av stedene på turen?

Linda Stuhaug

23. juli 2018

Hei Ellen! Eg klara ikkje heilt å hugse korleis dekninga var her, men eg meina å hugse at vi først fekk litt dekning på Storerikvollen 🙂 God tur!

S

Stine

8. juli 2018

Takk for at du tok deg tid til å skrive dette innlegget, helt supert å lese! Skal selv gå denne ruten om et par uker, har du noen tips eller tanker angående valg av sko? Gikk du med de samme skoene hele turen, eller hadde du med et ekstra par? Takker for svar!

Linda Stuhaug

9. juli 2018

Heisann Stine! Åh, du har så mykje å sjå fram til <3 Veldig kjekt at du likte innlegget også! Eg brukte samme skoa heile turen, fjellsko/fjellstøvel i goretex med skinn/lær. Dei holdt seg tette heile veien, men er jo litt tyngre å gå med… Hadde foretrukke lettare fjellsko/tursko i tillegg, men endte med å droppe det pga. plassmangel 🙂 Så det kjem vell egentlig litt an på kva fjellsko du skal gå med i utgangspunktet. Har du relativt lette fjellsko som tåler vatn, så ville eg ikkje fylt sekken med eit ekstra par. Om du derimot skal gå med tunge sko slik som eg gjorde, så ville eg nok vurdert eit lettare par, for eksempel Salomon sko 😀

K

Kristin

3. juli 2018

Jeg synes det kunne være interessant å høre hvordan du pakker sekken til en slik tur. Anbefalinger: Da må jeg jo anbefale Lofoten der jeg kommer fra – selv om det blir en helt annen type fjelltur. Du kan gå i mindre enn 30 min og få en spektakulær utsikt:-).

Linda Stuhaug

3. juli 2018

Hei Kristin! Det var ikkje så dumt forslag 🙂 Eg skal absolutt skrive det ned på lista mi. Einaste er at eg virkelig er dårlig på å pakke, då… Ender alltid opp med den tyngste sekken blant alle sammen, haha. Lofoten er absolutt på lista mi over turer! Dit har eg hatt lyst å reise leeenge, men det er liksom en kabal med transport og overnatting om man skal vere dei ei stund. No har familien kjøpt seg campingbil og det første eg tenkte var at DEN skal vi låne og NO skal vi snart til Lofoten, så det blir absolutt en tur dit i nærmaste framtid 😀

L

Liv Janne

3. juli 2018

Sååå kjekt å lese! Har skikkeleg lyst til å gå den turen – og artig å lese personlege turskildringar i staden for formelle turskildringar. Gode turskildringar tar lang tid å skrive, ja…… det veit eg mykje om, og derfor blir min altfor sjeldan oppdatert i forhold til kor mange turar eg har lyst å skrive om! Vi har mange hytte-til-hytte turar som vi har lyst å ta – Skarveheimen er jo eit veldig fint område, så du har mykje å sjå fram til. Breheimen og Stølsheimen er fine område – og langt mindre folksamt enn t.d. trekanten i Trollheimen. For oss i Sunnfjord er t.d. Stølsheimen veldig nær – kan ta båt frå Nordeide til sørsida av Sognefjorden, og vipps – så er du i eit flott turområde med mange turmulighetar. Mange sjølvbetjente hytter der, men få betjente då. God tur i Skarveheimen! Har følgt bloggen din i mange år og har fått mykje oppskriftsinspirasjon – ikkje minst med to born med cøliaki – men veldig kjekt å lese fjellturinnlegg også.

Linda Stuhaug

3. juli 2018

Hei Liv Janne! Så kjekt du likte innlegget 😀 Eg hadde tenkt å poste det i forrige veke, men det vart utsatt ettersom det tok så mange tima å skrive det, haha. Men eg ville gjere det skikkelig og ikkje halvveis når eg først var i gang 🙂 Tusen takk for mange gode tips! Ein trenger virkelig ikkje å reise langt for flotte turopplevelser, vi bur jo i det flottaste fylket i landet (synes no eg vertfall), så her er jo mykje å velge mellom også. Håper eg kan fortsette med å inspirere med oppskrifter til både deg og familien din! Og fleire turtips kjem absolutt, dette blei tatt så godt imot 😀

S

Sunniva

3. juli 2018

Så gøy at du deler turtips! Hvor mye penger må man beregne å bruke pp en slik tur? Har veldig lyst til å dra men er jo en fattig student haha.. kanskje du kan skrive et innlegg om mat på en slik tur? Hvordan planlegge og pakke Håper dere får en fin tur i år også!

Linda Stuhaug

3. juli 2018

Så kjekt du likte det, Sunniva!! 🙂 Det som er ganske greit med slike turer, er at ein kan bestemme litt sjølv kor mykje penger ein vil bruke. For å ta eit eksempel er det ca. 1400 kroner forskjell på dei to ulike Expedition-passa, der kun eine passet inkluderer kost på dei tre betjente hyttene. Ein kan like gjerne gå turen uten passet også, og spare enda meir penger. Som DNT medlem får ein rabatter på både kost og losji på DNT-hytter, så sparer også litt penger på det 🙂 Man er ungdom fram til 26 år, og det er ganske stor forskjell på priser når man er voksen over 26, så utnytt åra visst du har muligheten 😀 Mat på en slik tur er faktisk fleire som har spurt om! Eg tenker eg kan ta litt bilder og slikt når eg lager mat til langturen i Skarvheimen, og skrive eit blogginnlegg om det 🙂 Supert forslag!!

I

Ida

3. juli 2018

Tusen takk for et supert innlegg! Virker som en utrolig flott tur, og jeg tror kanskje at dette blir sommerens fjelltur for min del Kos deg masse i Skarvheimen!

Linda Stuhaug

3. juli 2018

Stas at du likte innlegget, Ida 😀 Tusen takk, og riktig god tur til deg også visst du bestemmer deg for å reise 🙂 <3

T

Torill

3. juli 2018

Anbefaler en tur på oppdal, der kan man gå mellom Gjevilvasshytta, Trollheimshytta og Jøldalshytta. Ellers anbefales også en tur på toppen av Innerdalstårnet

Linda Stuhaug

3. juli 2018

Takk for supra tips, Torill!! 🙂

L

Linn

3. juli 2018

Blir så glad av å lese, har ikke gått turen, men har vært mye i nærområdet og besøkt Storerikvollen både sommer og vinter, defentivt min favoritthytter (av de jeg har besøk). Om du skulle ønske å komme tilbake til Stugudalen igjen anbefaler jeg deg å gå firkanten rundt sylan, Storerikvollen og Nedalshytta + to hytter på svensk side Sylstasjonen og Blåhammarstuen (favoritt på svensk side), magisk treretters og badestue! Det beste med denne turen er at en kan kjøre til Nedalshytta og komme tilbake til bilen siste dag. Ellers anbefaler jeg trekanten i trollheimen. Hadde skikkelig dritvær, men det va likevel en fint tur med tre kjempe fine betjente hytter. Litt glad i betjente hytter kan en si, er jo så godt å komme frem og få skikkelig mat! Var nettopp på noen ubetjente hytter i Romsdalen, vasstindbu og svartvassbu, herlighet sier jeg bare, du må få med deg en solnedgang på vasstindbu! Det finnes jo så mange fine turer og ikke minst turistforeningshytter her i landet, vi er bra heldige. God tur til Skarvheimen. Håper du skriver en innlegg om den turen også.

Linda Stuhaug

3. juli 2018

Heisann Linn! Takk for fine forslag, det setter eg kjempestor pris på <3 Solnedgang på Vasstindbu står no på lista mi!! Vi møtte faktisk mange på Storerikvollen og Nedalshytta som gjekk firkanten, og dei anbefalte den veldig dei også. Det er heilt sant som du seier – betjente hytter er veeeldig deilig 🙂 I fjor var vi i Jotunheimen, men då synes eg faktisk det blei litt for luksus. Alle hyttene der er jo som fjellhotell, og eg mista litt av den fjell- og hyttefølelsen, så en kombinasjon synes eg er veldig fint! Vi er veldig heldige som har så mange flotte turhytter å velge mellom, det er jo eit luksusproblem å måtte velge, rett og slett. Nydelig tirsdag vidare til deg, Linn 🙂

J

June

2. juli 2018

Veldig kjekt å lese! Eg har alltid hatt lyst å gå lange fjelltura i Norge og sjå all naturen. I år begynne eg sakte men sikkert å trene meg opp, og dinna turen skal noterast ned på lista

Linda Stuhaug

3. juli 2018

SÅ bra, June 😀 Då er det berre å gå dagsturer og fleirdagsturer, og gradvis venne kroppen til belastninga. Lykke til med opptrening!

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg