Så… Kva jobber eg egentlig med etter eg flytta heim igjen?

«Det er mange av dåkke som har fulgt meg sida starten på studietida. For 3 år sida tok eg eit av dei største stega i livet mitt, og inkluderte dåkke på fleire måter i valga eg tok. I juli måned pakka eg bilen og flytta frå den lille, fine bygda mi, og vart nærmast storbyjente over nattta. Etterlot meg venner, familie, kjæresten min og ikkje minst tryggheten heime. Flytta til en by der eg nesten ikkje kjente nokon, som eg ikkje følte meg komfortabel i. Om det satt langt inne? Det kan du banne på! Men ernæringsutdanninga hadde eg bestemt meg for å ta, og når eg først har bestemt meg for noko – så er eg ikkje en person som lar det bli med tanken. Då gjelder det å hoppe i det.»

Dette er eit utdrag fra innlegget «Vemodig og trist, men aller mest godt» som eg skreiv i juni måned når vi var på veg heim med mitt første flyttelass fra Oslo. 3 måneder seinare var leiligheta mi solgt, og først no – 4 måneder seinare, er eg på plass i min nye heim. Ordet flyttekaos oppsummerer kvardagen min ganske godt dei siste månedane, men no er ting endelig begynt å komme i orden. Ein anna ting som også er komt i orden etter eg flytta heim igjen er jobb. Eg har fått så enormt mange spørsmål om kva eg jobber med etter eg flytta heim igjen. Berre blogg? Ny bok? Fått meg arbeidsgivar? Ernæringskonsultasjoner? Kurs? Det har ikkje vore rett etter boka å dele dette innlegget før no, men idag svarer eg på dette♥

Mange av dåkke veit at eg jobba nesten 2 år på Spenst Førde før eg flytta til Oslo i 2015. Her jobba eg som Personleg Trenar, treningsveiledar og resepsjonist – i tillegg til å drive bloggen min, såklart. Eg trivdes utrulig godt her, og hadde dei 3 åra i Oslo ein god dialog med den tidligare sjefen min. Eg ville gjerne komme tilbake etter endt utdanning, og han ville gjerne få meg tilbake.

Iløpet av desse åra i Oslo så blei Spenst Førde ein del av Helsehuset Førde. Helsehuset Førde er eit komplett helsetilbod samla under same tak. Her er det 4 etasjer med eit tverrfagleg miljø og brei kompetanse: bedriftshelsetjeneste, fysioterapeut, kiropraktor, akkupunktør, treningssenter (Spenst), Crossfit Førde, ernæringsrådgjevar, Personlege trenarar, massør, jordmor, lege også vidare.

I slutten av august fekk eg nøkler til eit kontor i 4.etasje på Helsehuset. Det betyr altså at ernæringsråvgjevar Linda Marie Stuhaug har eit eget kontor, og at eg er ein del av Helsehuset Førde. Eg er fortsatt sjølvstendig næringsdrivande, og hovedjobben min er definitivt meg og mitt eget. Eg er min egen sjef, og på kontoret jobber eg med mine prosjekter: alt kontorarbeid i forhold til bloggen, boka mi Opptur med sunn mat, eg forbereder fleire foredrag som eg skal ha framover også vidare.

I tillegg til mitt eget så jobber eg for Helsehuset/Spenst Førde. Eg jobber blant anna med å forberede eit livsstilskurs (10-12 veker) som eg skal halde på nyåret i regi av Spenst. På nyåret vil eg også starte med å ta imot nokre kunder for ernæringskonsultasjon med oppfølging. Eg kjem også til å ta imot små og større prosjekter i regi av Helsehuset/Spenst, alt fra foredrag til matlagingskurs og lignande. Vi er jo ikkje berre eit Spenst senter her i fylket, og etterkvart vil eg også samarbeide litt med dei andre sentera i regionen (Florø, Sandane, Sogndal). Eg må også nevne at du kan sjå meg i resepsjonen på Spenst innimellom. Litt tilbake til gamle trakter når det er behov for hjelp 🙂

Eg driver jo ein matblogg med det lille ekstra, og oppskrifter lager seg ikkje sjølv. Det betyr at eg naturligvis må ha ein dag eller to i veka med kjøkken-kontordag. Jobben min er jo også å planlegge oppskrifter, handle, lage oppskrifter, fotografere, smake på maten… Resterande jobb med redigering av bilder, skrive blogginnlegg, svare på kommentarer m.m gjer eg på kontoret mitt. Eg synes det er heilt fantastisk å ha eit kontor å komme til, kollegaer å ete lunsj med, nokon å prate og fjase litt med mellom jobbinga, eit team i ryggen. Å ha heimekontor er fint, men ikkje kvar dag – det blir vertfall eg litt sprø av.

Så. Eg jobber med ganske mykje forskjellig og har mange baller i lufta – og eg elska det! Ikkje så enkelt å fortelle eller skrive når nokon spørr, men her har de vertfall svaret i eit (litt for langt) blogginnlegg, haha. Grunnen til at eg ikkje har kunne fortelle så mykje før no, er fordi det har tatt lang tid å bli godkjent av Helsehuset. Først måtte eg søke, deretter var det avstemning av dei andre aktørane på huset om eg fekk bli ein del av dei. Med møter ein gang i måneden vart det ein del ventetid for meg, men i forrige veke fikk eg eit klart JA og tommel opp fra heile gjengen 🙂

Avslutningsvis vil eg berre poengtere at eg ikkje jobber heile tida, slik som eg har gjort dei tre åra i Oslo. Det var ikkje så enkelt å sjonglere fulltidsstudie med blogglivet og forfattardrømmen, som gjorde til at det blei studie eller jobbing dagtid, kveldstid, helger og høgtider. Når eg leser det eg skriver ovenfor kan det sjå ut som at eg jobber ekstemt mykje, men eg er virkelig blitt flinkare til å ta meg fri, og prøver så godt eg kan å holde meg til ei nokolunde normal arbeidsveke når det kjem til arbeidstimer, uavhengig av kva, når eller kor eg jobber. Eg har fortsatt ein del å gå på når det kjem til helgejobbing, følelsen av at eg må det eine og det andre, åpne macen klokka 22 ein onsdagskveld for å svare mail når eg egentlig har mest lyst til å sjå Farmen med kjæresten….

Det er vell ikkje så mange andre enn dei som er sjølvstendig næringsdrivande som forstår dette, men det er ikkje alltid så lett å skille jobbliv og privatliv, og det er litt for enkel å berre skulle heile tida. Bedre er det blitt, og bedre kan eg bli – men poenget er vertfall at eg har fritid no eg også 🙂

Perfekt utkobling: fjell og hytteliv i godt selskap!

Jysses! Det vart eit litt lengre innlegg enn først tenkt. Er det nokon som i det heile tatt har gidda å lest alt? Haha! Eg har i det minste svart utfyllande på eit svært gjentakande spørsmål den siste tida. Det er veldig kjekt at de bryr dåkke, og at de er nysgjerrige på kor veien min har gått vidare. Føler meg veldig heldig som har så mange flotte blogglesere!

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

16 kommentarer

  1. Thea Hjelle

    Ja, eg leste alt, og for et innlegg! Skikkelig bra skrevet og utrolig kjekt å få et innblikk i din hverdag! Takk for at du deler, ikke bare veldig gode oppskrifter (som eg forøvrig tester ut ganske ofte), men også heeelt andre ting

    1. Takk Thea, så kjekt å lese <3 Håper eg kan fortsette å inspirere deg framover! Klem 🙂

  2. Du høres ut som ei engasjert og fantastisk jente og menneske. Har fulgt deg på IG, mye spennende og gode matoppskrifter. Og så glad i hund, friluft og fjell☀️☀️ Det e eg også. Hilsen Lofotjente

    1. Tusen, tusen takk Nann-Hege! For en hyggelig kommentar å få <3 Og såå heldige som bur Lofoten – det ser heilt fantastisk ut der! Står høgt på lista mi over fjellparadis eg vil besøke 😀

  3. Självklart läste jag hela inlägget 🙂 Tycker det är spännande hur det är att vara egenföretagare, att jobba för sig själv. Tack för att du delar med dig! 🙂

    1. Takk Tobbe, så kjekt å høyre frå deg 🙂 Gleder meg til å fortsette å dele framover 😀

  4. Så spennende! Det høres ut som du får gjort mykje kjekt og at dette passer for deg 🙂 Eg gleder meg til å følge med vidare på dei mange prosjektene du styrer med!

    1. Tusen takk Karoline 😀 Det får eg virkelig! Eg gleda meg til å dele vidare <3

  5. Hei og lukke til med jobben som inneber mange mange ting. Du er energisk og flink.
    Eg les bloggen din jamnt og synest du har gode oppskrifter.

    1. Tusen takk, Anne-Mari! Det er veldig kjekt å lese <3

  6. Gratulerer!!! Sykt stas endelig å få vite hva du ska drive med! Masse lykke til og bra at du roer litt ned på jobbinga – du ska tross alt holde på noen år til 😉
    Heier på deg!

    1. Takk Ida Sofie, det er hyggelig å lese <3 Klem!

  7. Heldige helsehuset;) og så bra at du kan kombinere jobb med blogging framleis. Noko anna ville jo ha vore veldig leit. Er innom her kvar dag , både på dagens innlegg og i arkivet. Heiar på deg! God helg:)

    1. Tusen takk! Ja, eg er veldig glad i denne bloggen (stort sett iallefall, hehe) – så den blir med meg vidare 😀 God søndagskveld!

  8. Leste hele innlegget fine deg! <3 Så glad på dine vegne og du har en spennende tid foran deg! Den som jobber hardt får også belønning til slutt! Og førde er jo en utrolig koselig by (har familie der). Ha en fin helg, stor klem <3

    1. Tusen takk Anna, så koselige ord å lese 🙂 <3 Klem!