Annonse
23. oktober 2018
Heimelaga knekkebrød med havre og chiafrø
Hei godtfolk!
Stadig nye oppskrifter på knekkebrød blir laga. Som nevnt tidligare har eg alltid en boks med heimelaga knekkebrød i skapet. Eg synes det er så godt til frukost, lunsj eller kveldsmat med godt pålegg og noko ekstra grønt. Nam!
Når eg ser boksen begynner å bli tom er eg raskt i gang med å lage ny ladning, og lager då ofte en ny vri ut fra kva eg har i skapet. No i det siste har eg begynt å bruke meir og meir chiafrø i oppskriftene mine, og fant ut at eg skulle lage en oppskrift på heimelaga knekkebrød med havre og chiafrø. Det blei absolutt suksess!
Skikkelig sprø, næringsrike knekkebrød. Chiafrøa gir ikkje fra seg noko smak, men gir fra seg mykje næring. Eg merka også at knekkebrøda blei enda sprøare med chiafrø. Knasande godt 🙂
Heimelaga knekkebrød med havre og chiafrø, 2 brett*
♦ 200 g havregryn (ca. 4 dl)
♦ 100 g havremjøl (ca. 2 dl)
♦ 100 g sammalt speltmjøl (ca. 2 dl)
♦ 100 g valgfri nøtter/kjerner (ca. 1,2 dl) eg brukte hakka mandler og solsikkekjerner
♦ 4 ss chiafrø
♦ 1 ts salt
♦ 1 ss fibersirup gold eller honning (kan sløyfast)
♦ 6,5 dl vatn
♦ evt. flaksalt til topping
Slik gjer du:
1. Sett ovnen på 150 grader varmluft. Bland saman ingrediensene i en bolle og la røra svelle i minst 20 minutt.
2. Kle to langpanner med bakepapir, fordel røra på to og smør jamnt og tynt utover med en slikkepott (tips: skyll slikkepotten underveis i varmt vatn, då blir det enklere å smøre). Strø eventuelt over flaksalt og trykk lett ned i knekkebrøda.
3. Sett inn i ovnen, eit brett oppe og eit brett nede. Etter 10-15 minutter tar du bretta ut av ovnen og skjærer passelige størrelser med en pizzaskjærer.
4. Sett tilbake i ovnen på samme måte. La knekkebrøda no steike 20-30 minutter, eller til dei begynner å bli godt gylne. La bretta bytte plass underveis. Etter knekkebrøda er avkjølt brekker du dei opp og oppbevarer i en knekkebrødboks/kakeboks. Dei står seg i månedsvis.
Tips 1: for å sikre deg sprø knekkebrød: slå av ovnen, lat opp døra og slipp ut litt varme. La deretter knekkebrøda stå i ettervarmen i minst 1 time, gjerne natta over. Dette trikset skuffer aldri for å få sprø og supergode knekkebrød!
Tips 2: havremjøl kan du fint lage sjølv ved å kjøre havregryn i en blendar eller foodprosessor.
Tips 3, glutenfri knekkebrød: for glutenfri knekkebrød bruker du glutenfritt havremjøl, glutenfri havregryn og valgfri, glutenfri mjøltype framfor speltmjøl. Du kan uansett bytte speltmjøl med anna valgfri tørrvare (kveitemjøl, meir havremjøl, rugmjøl…)
Det begynner å bli ein del oppskrifter med chiafrø også her på bloggen. Generelt så bruker eg det mykje i proteinrikt havrebrød, proteinrike havrerundstykker, mikser det inn i smoothien, har det oppå smoothie, i havregrauten/kjøleskapsgrauten. Eg har også prøvd det i energikuler, vafler, pannekaker og eg har laga chiapudding/chiagraut. Det er jo så anvendelig og kan absolutt brukast til mykje meir. Det kan i grunn brukast til nesten alt!
Pleier du å bruke chiafrø? Kva pleier du å bruke det til? Del gjerne tips, oppskrifter eller erfaringer 😀
Annonse
10 Kommentarer
Hilde
28. november 2018
Linda Stuhaug
3. desember 2018
Mona
29. oktober 2018
Linda Stuhaug
29. oktober 2018
Mina
25. oktober 2018
Linda Stuhaug
25. oktober 2018
Anne Marie Friborg
24. oktober 2018
Linda Stuhaug
24. oktober 2018
Marta
22. februar 2020
Linda Stuhaug
22. februar 2020
SKRIV EN KOMMENTAR