Dei 10 mest populære innlegga/oppskriftene i oktober

God torsdag!

Og ikkje minst god 1.november. Det er heilt rått kor fort dagane går for tida. Det var jo nettopp helg? Og det var jo nettopp august…? Nokon som kjenner seg igjen? Eg tar det absolutt som eit godt tegn. Eg kjenner vertfall kor godt det er å ha landa heime, og trivast så godt med den nye kvardagen min 🙂

Når vi går inn i en ny måned oppsummerer eg som alltid dei mest populære innlegga og oppskriftene fra måneden som er forbi. I oktober var det veldig mange toppinnlegg, og fleire av dei var alt anna enn oppskrifter og mat. Her har du mine topp 10 innlegg fra årets tiande måned:

Innlegget «Så… kva jobber eg egentlig med etter eg flytta heim igjen?» HER.
Mange har lurt lenge på kva eg jobba med etter eg flytta heim igjen fra Oslo i sommar. erre blogg? Ny bok? Fått meg arbeidsgivar? Ernæringskonsultasjoner? Kurs? Det svarer eg på i dette innlegget 🙂

*

Oppskrift på enkle, grove pizzahorn med ost&skinke HER!
Desse er jammen mange som har prøvd seg på dei siste vekene! Horna passer like godt til kvardagsmiddag som helgemiddag, lunsj eller matpakken, turmat eller kveldsmat. Dei er også heilt supre å fryse!

*

Innlegget «10 matfakta om meg som kanskje vil overraske deg» HER!
Eit innlegg som blei tatt veldig godt imot med mykje god respons. Det var fleire matfakta om meg som overraska dåkke!

*

Oppskrift på sunn, rask og enkel pølsegryte HER!
Vekas ønskeoppskrift forrige veke, som eg har fått fleire titalls gode tilbakemeldinger på allerede. Dette er definitivt oktober´s mest populære oppskrift! Så stas at denne gryta har falt i smak hos både store og små 🙂

*

Innlegget «Nysvorsk?» HER.
Eg tok eit oppgjer med alle dei som ønsker at eg skal skifte skriftspråket mitt til bokmål. Responsen var enorm, og eg har ikkje fått ein einaste kommentar angåande skiftspråket mitt etter dette innlegget. Hurra!

*

Oppskrift på kreolsk kyllingpanne HER.
Vi elsker alt-i-en-panne middager som er ferdig på kort tid. Perfekt kvardagsmiddag!

*

Innlegget «12 middager som er fine å fryse!» HER.
Alle innlegg om handler om middager som gjer kvardagen lettare altså…♥ Blir alltid tatt veldig godt imot, og dette innlegget var ingen unntak!

*

Innlegget «korleis halde motivasjonen til å ete sunt? Eg deler mine 5 beste tips!» HER.
Eg deler mine aller beste motivasjonstips for å holde motivasjonen til å ete sunt. Eit innlegg de likte veldig godt, så det er kjekt♥

*

Oppskrift på middagsomelett med potet & avokado HER.
Månedens mest populære vegetaroppskrift! Kokte poteter igjen etter middagen? Heilt supert å bruke i en stor, smakfull middagsomelett!

*

Oppskrift på heimelaga knekkebrød med havre og chiafrø HER.
Heimelaga knekkebrød er ein slager her på bloggen, og denne oppskrifta med havre og chiafrø likte de veldig godt. En perfekt start på dagen med godt pålegg!

*

Eg håper virkelig at oktober har inspirert mange av dåkke♥ No ser eg skikkelig fram til november og det måneden bringer. Ikkje minst er vi eit steg nærmare desember og den store julemåneden! 

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *