Linda Stuhaug

Annonse

Saftige speltscones med havre

Saftige speltscones med havre
God onsdag!
Kan eg friste med nokre saftige, skikkelig gode mini scones idag? Desse kan du bruke til det meste; frukost, matpakken, kveldsmat, turmat, tilbehør til suppe og salater, brød på koldtbordet/tapasbordet m.m. Virkelig enkle å lage, og ikjke minst så er dei ferdige på kort tid 🙂 Scones skal jo verken eltast eller hevast, så iløpet av ca. 30 minutter kan desse stå klare på bordet!
Du treng, 15-18 stk 1 boks, 300 g original kesam 1 dl melk 200 g havremjøl 200 g sikta speltmjøl 1 stor ss bakepulver 1/2 ts salt
Slik gjer du: 1. Sett ovnen på 200 grader, over-undervarme. Bland saman kesam, melk, bakepulver og salt, deretter havremjøl og speltmjøl. Hold gjerne litt igjen på speltmjølet og juster til du får en jevn og deig.
2. Bruk litt mjøl på benken og kjevle deiga ut til ca. 1,5 cm tjukkelse. Bruk eit glass (mitt glass var 6 cm i diameter) til å forme runde scones. Legg over på eit steikebrett med bakepapir.
3. Pensle gjerne sconesa med litt vatn og ha over frø/kjerner/havregryn om det er ønskelig. Steik midt i ovnen i 10-15 minutt, eller til sconesa er lett gylne på oversida og undersida. Pass på å ikkje steike for lenge – då blir dei tørre. Avkjøl på rist.
Sconesa er sjølvsagt aller best nystekte, men holder seg saftige eit par dager. Dei kan også fint frysast.
Tips og alternativer* ♦ Ønsker du å bruke andre tørrvarer kan du sjølvsagt det. Bytt ut speltmjølet med glutenfri mjøltype, og bruk glutenfritt havremjøl for glutenfri scones.
♦ Har du ikkje havremjøl? Det kan du fint lage sjølv ved å ha havregryn i en blendar eller foodprosessor.
♦ Tilsett gjerne litt ekstra frø/kjerner i deiga for ekstra smak og crunch.
♦ Kesam kan også byttast med rømme, creme fraiche eller anna meieriprodukt som tåler oppvarming.
Så godt, så enkelt. Får du plutselig lyst på fersk bakst er scones midt i blinken!
Noko å lage iløpet av veka – eller kanskje til helga igjen? 🙂
Velbekomme og nyt lillelørdagen!
*
Følg meg gjerne på instagram (lindastuhaug) for mykje sunn matinspirasjon og glimt av min kvardag. Deler du matbilder fra oppskriftene mine blir eg veldig glad om du bruker @lindastuhaug og #lindastuhaug på bildene, det er så kjekt å følge med! Daglig inspirasjon deler eg også på Facebook-sida mi som du kan følge HER.

God onsdag!

Kan eg friste med nokre saftige, skikkelig gode mini scones idag? Desse kan du bruke til det meste; frukost, matpakken, kveldsmat, turmat, tilbehør til suppe og salater, brød på koldtbordet/tapasbordet m.m. Virkelig enkle å lage, og ikjke minst så er dei ferdige på kort tid 🙂 Scones skal jo verken eltast eller hevast, så iløpet av ca. 30 minutter kan desse stå klare på bordet!

Du treng, 15-18 stk
1 boks, 300 g original kesam
1 dl melk
200 g havremjøl
200 g sikta speltmjøl
1 stor ss bakepulver
1/2 ts salt

Slik gjer du:
1. Sett ovnen på 200 grader, over-undervarme. Bland saman kesam, melk, bakepulver og salt, deretter havremjøl og speltmjøl. Hold gjerne litt igjen på speltmjølet og juster til du får en jevn og deig.

2. Bruk litt mjøl på benken og kjevle deiga ut til ca. 1,5 cm tjukkelse. Bruk eit glass (mitt glass var 6 cm i diameter) til å forme runde scones. Legg over på eit steikebrett med bakepapir.

3. Pensle gjerne sconesa med litt vatn og ha over frø/kjerner/havregryn om det er ønskelig. Steik midt i ovnen i 10-15 minutt, eller til sconesa er lett gylne på oversida og undersida. Pass på å ikkje steike for lenge – då blir dei tørre. Avkjøl på rist.

Sconesa er sjølvsagt aller best nystekte, men holder seg saftige eit par dager. Dei kan også fint frysast.

Tips og alternativer*
♦ Ønsker du å bruke andre tørrvarer kan du sjølvsagt det. Bytt ut speltmjølet med glutenfri mjøltype, og bruk glutenfritt havremjøl for glutenfri scones.

♦ Har du ikkje havremjøl? Det kan du fint lage sjølv ved å ha havregryn i en blendar eller foodprosessor.

♦ Tilsett gjerne litt ekstra frø/kjerner i deiga for ekstra smak og crunch.

♦ Kesam kan også byttast med rømme, creme fraiche eller anna meieriprodukt som tåler oppvarming.

Så godt, så enkelt. Får du plutselig lyst på fersk bakst er scones midt i blinken!

Noko å lage iløpet av veka – eller kanskje til helga igjen? 🙂

Velbekomme og nyt lillelørdagen!

*

Følg meg gjerne på instagram (lindastuhaug) for mykje sunn matinspirasjon og glimt av min kvardag. Deler du matbilder fra oppskriftene mine blir eg veldig glad om du bruker @lindastuhaug og #lindastuhaug på bildene, det er så kjekt å følge med! Daglig inspirasjon deler eg også på Facebook-sida mi som du kan følge  HER.

Annonse

16 Kommentarer

A

Anne

9. november 2018

Fikk skryt fra gubben (som ikke liker scones)! Jeg siterer: Disse var veldig gode! Så cudos til deg, Linda

Linda Stuhaug

9. november 2018

Hurra, så kjekt å lese, Anne 😀

A

Aina Brox Mathisen

8. november 2018

Kjempegode scones. Anbefales!!

Linda Stuhaug

9. november 2018

Så bra, Aina! Kjekt med tilbakemelding 🙂

L

Linn

8. november 2018

Desse var kjempegode! Fungerte fint med creme fraiche og vatn i staden for mjølk 🙂

Linda Stuhaug

9. november 2018

Ja, det går heilt fint det 🙂

K

Kajsa

7. november 2018

Denne må jeg prøve! Kan jeg bruke vanlig hvetemel i stedet for speltmel?

Linda Stuhaug

7. november 2018

Det kan du 🙂

I

Ingvill

25. mars 2019

Desse var veldig gode! Men mine blei mykje flatare enn dine, så eg fekk ikkje delt de – kva kan eg ha gjort feil?

Linda Stuhaug

25. mars 2019

Dei skal ikkje heve så veldig mykje, altså. Visst du har fulgt oppskrifta så har du nok ikkje gjort noko feil 🙂

M

May Jorun Hammer

26. juni 2019

Hei! Varmer du væsken til lunka før du tilsett det tørre? Mvh May Glede meg te å prøve

Linda Stuhaug

26. juni 2019

Hei! Nei, ingenting skal varmast. Då hadde det stått i beskrivelsen 🙂 Håper det smaker 😀

L

Lisa Fjordtun

25. juni 2019

Kan denne lages med mandelmelk istedet for vanlig melk?

Linda Stuhaug

26. juni 2019

Ja sjølvsagt 🙂

D

Dina

11. februar 2020

Lager du feks 15 stk også blir d da ca. 6 eller syv rundstykker? Altså du lager de runde formene og da blir det en bunn og en topp? Eller lager du et og et helt rundstykke og skjærer dem i to? Fikk de ikke så høye til å bli et helt rundstykke ser du 🙂 Men kjempe gode!!

Linda Stuhaug

12. februar 2020

Eg forstår ikkje kva du meina, Dina? Eg fekk 15 heile scones av oppskrifta 🙂

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg