Linda Stuhaug

Annonse

14. november 2018

Slik lager du heimelaga, saftige søtpotetlomper!

Slik lager du heimelaga, saftige søtpotetlomper!
Heisann godtfolk!
Idag er vi på lompekøyret igjen 🙂 Eg er jo alltid på lompekøyret, men idag er også bloggen med på morroa.. Og det er ikkje snakk om kva som helst lomper, det er snakk om SØTPOTETLOMPER!
Søtpotetlomper er nemlig like enkelt å lage som potetlomper, men som de sikkert forstår så får lompene ein heilt anna smak. Søtpotetlomper er heilt sinnsjukt godt, og kan brukast på alle mulige slags måter som ein bruker potetlomper på.
Dette er ingen ny oppskrift her på bloggen. Oppskrift på søtpotetlomper delte eg tilbake i juni 2014,og du finner innlegget HER. Det var rett og slett eit ekspriment som vart veldig vellykka! Eg har laga søtpotetlomper jamnt og trutt sida den tid, men så kom eg på at nokon nye bilde og ei litt meir konkret oppskrift også hadde gjort seg på bloggen. Mykje har skjedd her sida 2014 og lesartalla mine har nok seksdobla seg, så det er nok mange som ikkje har fått med seg denne oppskrifta heller 🙂
PS! Oppskrift på heimelaga, vanlige potetlomper finner du HER.
På samme måte som heimelaga potetlomper, så kan du sjølv bestemme kva mjøltype du bruker når du skal lage søtpotetlomper. Du bruker nemlig valgfritt mjøl; bruker du speltmjøl får du speltlomper, bruker du havremjøl får du havrelomper, bruker du glutenfritt mjøl får du glutenfri lomper…
Denne gangen gjekk eg for 50/50 havremjøl og sikta speltmjøl i deiga, og speltmjøl til utbakinga. Det fungerte veldig fint. Du kan sjølvsagt bruke kveitemjøl framfor speltmjøl, eller som nevnt den tørrvaren du ønsker.
Når det kjem til glutenfri søtpotetlomper har eg god erfaring med en kombinasjon av havremjøl og lyst bokkveitemjøl/jyttemjøl original. Eg anbefaler ikkje typiske mjøltyper med håplause bakeegenskaper, slik som for eksempel mandelmjøl.
Du treng, ca. 8-10 lomper Ca. 750 g søtpotet (2 mellomstore) Ca. 200 g valgfritt mjøl (+mjøl til utbaking) Ca. 1 ts salt
Slik gjer du 1. Stikk søpotetene med gaffel og ovnsbak søtpotetene på 200 grader, over-undervarme til dei er møre. Avkjøl og skrell søtpotetene. Mos dei klumpfri og bland inn salt. PS! Du kan også hurtigbake søtpotetene i mikrobølgeovnen. Del i to, legg innsida av søtpoteta ned, og bak til dei er møre – ca. 10 minutt.
2. Tilsett litt og litt mjøl og bland det godt inn. Tilsett så mykje mjøl at deigen akkurat kan formast. Jo mindre mjøl, jo saftigare og betre søtpotetlomper. Kan hende du må bruke mindre enn 200 g, kan hende du må bruke meir.
3. Lag ei pølse av deigen og skjer i like store emne. Bruk litt mjøl på kjøkkenbenken til utbakinga. Trykk emna litt flate med hendene, deretter kjevlar du dei så runde og flate som mogeleg utan at dei sprekk. Snu søtpotetlompene ofte og bruk nok mjøl til at dei ikkje klistrar seg fast.
4. Steik søtpotetlompene på litt over middels varme i ei tørr steikepanne til dei har fått lysebrune flekker på begge sider. Klapp dei flate med steikespaden undervegs i steikinga. Du kan òg steike søtpotetlompene på ei takke.
5. Legg søtpotetlompene i eit fuktig kjøkkenhandkle, deretter oppbevarast dei i eit tørt kjøkkenhandkle, matpaprir eller lignande, gjerne i en matboks.
Oppbevaring og frysing Søtpotetlompene helder seg ferske og gode eit par dager, men utover dette anbefaler eg å fryse dei. Då er det lurt å fryse dei med bakepapir mellom lompene, så dei ikkje klistrar seg fast i kvarandre ved opptining.
Søtpotetlompene passer med både salt og søtt pålegg, og kan nytast til frukost, lunsj, matpakken, turmat, kveldsmat, snacks. Som nevnt ovenfor så passer søtpotetlompene å brukast til akkurat dei samme oppskiftene som ein bruker med vanlige potetlomper 🙂 Min favoritt er rett og slett å fylle lompene med godt pålegg, og ete lompene som dei er – eventuelt rulle sammen som wraps. Då får eg virkelig kjenne den gode søtpotetsmaken!
Så godt!!!♥
Søtpotetlomper blir definitivt å lage oftare framover! Eg håper det frister og håper at fleire vil prøve seg på oppskrifta 🙂
Følg meg gjerne på instagram (lindastuhaug) for mykje sunn matinspirasjon og glimt av min kvardag. Daglig inspirasjon deler eg også på Facebook-sida mi som du kan følge HER.
*
Til slutt vil eg berre tipse om at eg feirer 15.000 (!) solgte bøker med en giveaway på facebook-sida mi HER. Den la eg ut på søndag, så du må bla litt nedover sida for å finne den 🙂 Eg trekker ut tre vinnere ikveld klokka 21.00 som får kvar si signerte bok fra meg (pluss en liten ekstragave) som ein enten kan gi til seg sjølv eller nokon man er glad i! Ellers er boka som alltid å finne på dei fleste bokforhandlere eller Frisk Forlag sine heimesiderHER, om du vil bestille til deg sjølv eller kanskje gi vekk i julegave 🙂 /egenreklame

Heisann godtfolk!

Idag er vi på lompekøyret igjen 🙂 Eg er jo alltid på lompekøyret, men idag er også bloggen med på morroa.. Og det er ikkje snakk om kva som helst lomper, det er snakk om SØTPOTETLOMPER!

Søtpotetlomper er nemlig like enkelt å lage som potetlomper, men som de sikkert forstår så får lompene ein heilt anna smak. Søtpotetlomper er heilt sinnsjukt godt, og kan brukast på alle mulige slags måter som ein bruker potetlomper på.

Dette er ingen ny oppskrift her på bloggen. Oppskrift på søtpotetlomper delte eg tilbake i juni 2014, og du finner innlegget HER. Det var rett og slett eit ekspriment som vart veldig vellykka! Eg har laga søtpotetlomper jamnt og trutt sida den tid, men så kom eg på at nokon nye bilde og ei litt meir konkret oppskrift også hadde gjort seg på bloggen. Mykje har skjedd her sida 2014 og lesartalla mine har nok seksdobla seg, så det er nok mange som ikkje har fått med seg denne oppskrifta heller 🙂

PS!  Oppskrift på heimelaga, vanlige potetlomper finner du HER.

På samme måte som heimelaga potetlomper, så kan du sjølv bestemme kva mjøltype du bruker når du skal lage søtpotetlomper. Du bruker nemlig valgfritt mjøl; bruker du speltmjøl får du speltlomper, bruker du havremjøl får du havrelomper, bruker du glutenfritt mjøl får du glutenfri lomper…

Denne gangen gjekk eg for 50/50 havremjøl og sikta speltmjøl i deiga, og speltmjøl til utbakinga. Det fungerte veldig fint. Du kan sjølvsagt bruke kveitemjøl framfor speltmjøl, eller som nevnt den tørrvaren du ønsker.

Når det kjem til glutenfri søtpotetlomper har eg god erfaring med en kombinasjon av havremjøl og lyst bokkveitemjøl/jyttemjøl original. Eg anbefaler ikkje typiske mjøltyper med håplause bakeegenskaper, slik som for eksempel mandelmjøl.

Du treng, ca. 8-10 lomper
Ca. 750 g søtpotet (2 mellomstore)
Ca. 200 g valgfritt mjøl (+mjøl til utbaking)
Ca. 1 ts salt

Slik gjer du
1. Stikk søpotetene med gaffel og ovnsbak søtpotetene på 200 grader, over-undervarme til dei er møre. Avkjøl og skrell søtpotetene. Mos dei klumpfri og bland inn salt. PS! Du kan også hurtigbake søtpotetene i mikrobølgeovnen. Del i to, legg innsida av søtpoteta ned, og bak til dei er møre – ca. 10 minutt.

2. Tilsett litt og litt mjøl og bland det godt inn. Tilsett så mykje mjøl at deigen akkurat kan formast. Jo mindre mjøl, jo saftigare og betre søtpotetlomper. Kan hende du må bruke mindre enn 200 g, kan hende du må bruke meir.

3. Lag ei pølse av deigen og skjer i like store emne. Bruk litt mjøl på kjøkkenbenken til utbakinga. Trykk emna litt flate med hendene, deretter kjevlar du dei så runde og flate som mogeleg utan at dei sprekk. Snu søtpotetlompene ofte og bruk nok mjøl til at dei ikkje klistrar seg fast.

4. Steik søtpotetlompene på litt over middels varme i ei tørr steikepanne til dei har fått lysebrune flekker på begge sider. Klapp dei flate med steikespaden undervegs i steikinga. Du kan òg steike søtpotetlompene på ei takke.

5. Legg søtpotetlompene i eit fuktig kjøkkenhandkle, deretter oppbevarast dei i eit tørt kjøkkenhandkle, matpaprir eller lignande, gjerne i en matboks.

Oppbevaring og frysing
Søtpotetlompene helder seg ferske og gode eit par dager, men utover dette anbefaler eg å fryse dei. Då er det lurt å fryse dei med bakepapir mellom lompene, så dei ikkje klistrar seg fast i kvarandre ved opptining.

Søtpotetlompene passer med både salt og søtt pålegg, og kan nytast til frukost, lunsj, matpakken, turmat, kveldsmat, snacks. Som nevnt ovenfor så passer søtpotetlompene å brukast til akkurat dei samme oppskiftene som ein bruker med vanlige potetlomper 🙂 Min favoritt er rett og slett å fylle lompene med godt pålegg, og ete lompene som dei er – eventuelt rulle sammen som wraps. Då får eg virkelig kjenne den gode søtpotetsmaken!

Så godt!!!♥

Søtpotetlomper blir definitivt å lage oftare framover! Eg håper det frister og håper at fleire vil prøve seg på oppskrifta 🙂

Følg meg gjerne på instagram (lindastuhaug) for mykje sunn matinspirasjon og glimt av min kvardag. Daglig inspirasjon deler eg også på Facebook-sida mi som du kan følge  HER.

*

Til slutt vil eg berre tipse om at eg feirer 15.000 (!) solgte bøker med en giveaway på facebook-sida mi HER. Den la eg ut på søndag, så du må bla litt nedover sida for å finne den 🙂 Eg trekker ut tre vinnere ikveld klokka 21.00 som får kvar si signerte bok fra meg (pluss en liten ekstragave) som ein enten kan gi til seg sjølv eller nokon man er glad i! Ellers er boka som alltid å finne på dei fleste bokforhandlere eller Frisk Forlag sine heimesider HER, om du vil bestille til deg sjølv eller kanskje gi vekk i julegave 🙂 /egenreklame

Annonse

12 Kommentarer

T

Torill Fladby

19. november 2018

Så fine oppskrifter skal prøve speltlomper

Linda Stuhaug

19. november 2018

Så bra, Torill 🙂 Håper lompene faller i smak!

F

Frøken M

14. november 2018

Hei Linda, så kjekt det går bra med boka. Vel fortent! .eg kommenterer ikkje kjempeofte, men er her dagleg på sida di! Og lagar svært ofte rettane dine, så syns eg må legge att ein kommentar i blant så du veit du blir sett pris på. I dag er det feriedag, og det tenkte eg feire med å lage dine tacoenchiladas med lomper. Medan eg drikk litt champagne 🙂 Frøken M

Linda Stuhaug

14. november 2018

Hei frøken M! Tusen takk for en veldig hyggelig kommentar, det setter eg kjempestor pris på <3 Tacoenchiladas og champagne høyres ut som en kjempedigg kombinasjon! Nyt feriedagen og god middag 🙂 Klem!

B

Bliss

14. november 2018

Disse så kjempegode ut, og skal definitivt prøves! Et spørsmål; er det vanlig ost du bruker som pålegg, eller bruker du noen form for lettost?

Linda Stuhaug

14. november 2018

Så bra! Du vil ikkje angre 🙂 Nei, lettost finner du ikkje i mitt kjøleskap, hehe 😉

M

M

14. november 2018

Hei! Så godt det så ut Går det an med kikertemel?

Linda Stuhaug

14. november 2018

Du må nesten berre prøve 🙂 Eg bruker knapt kikertmel sjølv (kun til kikertpannekaker) og kjenner ikkje til dens bakeegenskaper, dessverre.

C

Cecilie

17. mars 2022

Hei, Eg veit ikkje om du ser kommentarar i gamle innlegg.. Kan desse fungere som tacolefse?

Linda Stuhaug

17. mars 2022

Det gjer eg, ser alle kommentarer😄 Absolutt!

M

Maren

9. desember 2019

Nå vet jeg ikke om du ser kommentarer på så «gamle» innlegg, men jeg prøver uansett! Venter du til søtpoteten er avkjølt, eller kjører du bare på fra den er ferdig most?

Linda Stuhaug

10. desember 2019

Eg får opp absolutt alle kommentarer som kjem inn 🙂 «Avkjøl» står utheva i framgangsmetoden, det er veldig viktig.

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg