Linda Stuhaug

Annonse

21. november 2018

Mine beste matpakketips!

Mine beste matpakketips!
Kva er mine beste matpakketips?
Dette spørsmålet får eg trutt og ofte. Eg kjem ofte med tips og triks innimellom i når eg deler typiske lunsj- eller matpakkeoppskrifter, men idag tenkte eg å samle mine fire beste matpakketips som eg håper kan inspirere deg til å fylle lunsjpausen med sunn matglede 🙂
Ein sunn og næringsrik matpakke skal gi deg påfyllet du treng midt på dagen for overskot, energi og betre humør. Den bør vere eit komplett måltid med både protein, fett og litt karbohydrat som gir stabilt blodsukker, held magen mett og konsentrasjonen på plass. Det er ikkje komplisert. Ein fargerik, spennande og variert matpakke er både enkelt og stas å lage til og passar like godt på jobben, på skulen, på tur, på farten eller heime!
Foto: Jon Marius Nilsson
LAG MATPAKKE OM KVELDEN Mitt beste tips er å lage klar matpakken kvelden i førevegen, det blir fort travelt om morgonen. Er matboksen klar, er det berre å ta den med seg i veska eller sekken. Det aller meste held seg fint ei natt i kjøleskap, gjerne pakka i aluminiumsfolie eller bakepapir. Sjå tipsa undervegs i oppskriftene.
Inspirasjonsinnlegg: «8 sunne matpakker du kan klargjere kvelden i forveien!«.
*
KLARGJERING AV OPPSKRIFTER Har du litt ekstra tid til å stå på kjøkkenet ein søndag ettermiddag? Lag opp ein stor ladning av ei eller fleire lunsjoppskrifter du kan ha i kjøleskapet og ta med i matpakken den kommande veka. Matmuffins, eggemuffins og omelettar er gode alternativ. Du kan også lage opp grove rundstykke, scones eller pizzasnurrer som kan frysast ned og takast opp kvelden før du skal på farten.
*
PIFF OPP BRØDSKIVENE Det er ikkje sikkert du orkar eller gidd å lage til noko spesielt i mat­ pakken, men om du går for brødskiver, er det enkelt å piffe dei opp så dei både blir fargesprakande og meir næringsrike. Fyll på med salatblad, mykje herleg pålegg og kutta grønsaker. Pakk i aluminiumsfolie og ha det ved sida. Diverse middagsrestar og middagstilbehør fungerer også fint som pålegg: Fiskekaker, karbonadar, potetsalat eller brokkolisalat kan fint toppe ei brødskive. Elles kan brødskivene også å bytast ut med lomper, wraps, grove pitabrød eller heimelaga knekkebrød.
Foto: Jon Marius Nilsson
*
LAG EKSTRA MIDDAG Har du restar igjen etter middagen? Ha dei over i ein boks, sett i kjøle­ skapet og matpakken er alt klar! Det meste av middagsmat smaker like godt kaldt som varmt om du ikkje har mogelegheit til å varme den på jobben/skulen.
*
Kjenner du kanskje igjen nokre av tipsa eller bilda? Matpakketipsa er henta fra boka mi OPPTUR MED SUNN MAT♥ Den kan du kjøpe på Frisk Forlag si heimeside HER (egenreklame!). En fin-fin julegave til den som har alt!
Kva er ditt beste/dine beste matpakketips? Del gjerne 😀

Kva er mine beste matpakketips?

Dette spørsmålet får eg trutt og ofte. Eg kjem ofte med tips og triks innimellom i når eg deler typiske lunsj- eller matpakkeoppskrifter, men idag tenkte eg å samle mine fire beste matpakketips som eg håper kan inspirere deg til å fylle lunsjpausen med sunn matglede 🙂

Ein sunn og næringsrik matpakke skal gi deg påfyllet du treng midt på dagen for overskot, energi og betre humør. Den bør vere eit komplett måltid med både protein, fett og litt karbohydrat som gir stabilt blodsukker, held magen mett og konsentrasjonen på plass. Det er ikkje komplisert. Ein fargerik, spennande og variert matpakke er både enkelt og stas å lage til og passar like godt på jobben, på skulen, på tur, på farten eller heime!

Foto: Jon Marius Nilsson

LAG MATPAKKE OM KVELDEN
Mitt beste tips er å lage klar matpakken kvelden i førevegen, det blir fort travelt om morgonen. Er matboksen klar, er det berre å ta den med seg i veska eller sekken. Det aller meste held seg fint ei natt i kjøleskap, gjerne pakka i aluminiumsfolie eller bakepapir. Sjå tipsa undervegs i oppskriftene.

Inspirasjonsinnlegg: « 8 sunne matpakker du kan klargjere kvelden i forveien!«.

*

KLARGJERING AV OPPSKRIFTER
Har du litt ekstra tid til å stå på kjøkkenet ein søndag ettermiddag? Lag opp ein stor ladning av ei eller fleire lunsjoppskrifter du kan ha i kjøleskapet og ta med i matpakken den kommande veka. Matmuffins, eggemuffins og omelettar er gode alternativ. Du kan også lage opp grove rundstykke, scones eller pizzasnurrer som kan frysast ned og takast opp kvelden før du skal på farten.

*

PIFF OPP BRØDSKIVENE
Det er ikkje sikkert du orkar eller gidd å lage til noko spesielt i mat­ pakken, men om du går for brødskiver, er det enkelt å piffe dei opp så dei både blir fargesprakande og meir næringsrike. Fyll på med salatblad, mykje herleg pålegg og kutta grønsaker. Pakk i aluminiumsfolie og ha det ved sida. Diverse middagsrestar og middagstilbehør fungerer også fint som pålegg: Fiskekaker, karbonadar, potetsalat eller brokkolisalat kan fint toppe ei brødskive. Elles kan brødskivene også å bytast ut med lomper, wraps, grove pitabrød eller heimelaga knekkebrød.

Foto: Jon Marius Nilsson

*

LAG EKSTRA MIDDAG
Har du restar igjen etter middagen? Ha dei over i ein boks, sett i kjøle­ skapet og matpakken er alt klar! Det meste av middagsmat smaker like godt kaldt som varmt om du ikkje har mogelegheit til å varme den på jobben/skulen.

*

Kjenner du kanskje igjen nokre av tipsa eller bilda? Matpakketipsa er henta fra boka mi OPPTUR MED SUNN MAT♥ Den kan du kjøpe på Frisk Forlag si heimeside HER (egenreklame!). En fin-fin julegave til den som har alt!

Kva er ditt beste/dine beste matpakketips? Del gjerne 😀

Annonse

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg