Sukkerfri peppernøtter

Heisann!

Då starter nedtellinga for fullt til julafta… At den store dagen berre er 4 dager unna er ganske vilt. Heldigvis er heile romjula minst like koselig som sjølve julafta 🙂

Idag skal eg dele en oppskrift som har vore veldig etterspurt på bloggen, ikkje berre i no i desember – men også tidligare år. PEPPERNØTTER er visst en julekake som er mange sin favoritt;

Det er ikkje mykje peppernøtter eg har ete opp gjennom åra, men dei få gangane eg har smakt det – så har det vore mjuke peppernøtter. Derfor er dagens oppskrift på peppernøtter av den mjuke varianten 🙂 Eg veit det er mange ulike måter å lage desse på, både når det kjem til krydder, utseende, smak og konsistens – så dette blir nok ein av få i jungelen av peppernøtt-oppskrifter, som også er sukkerfri.

Du treng, ca. 30 stk
100 g fibersirup gold
30 g smør
2 ss (25 g) sukrin+
2 ss (25 g) sukrin gold
3 ss fløyte
200 g sikta speltmjøl eller kveitemjøl
1/3 ts natron, 1/3 ts malt anis, 1/4 ts malt pepper

Slik gjer du:
1. Varm opp fibersirup gold, smør, sukrin+, sukrin gold og fløyte i en kjele til alt er smelta sammen. Hell blandinga over i en bolle.

2. Visp inn natron, malt anis og malt pepper.

3. Sikt inn litt og litt speltmjøl/ kveitemjøl og kna til en fast deig. Det er ikkje sikkert du treng å bruke alt mjølet. Sett deiga i kjøleskapet til den er avkjølt.

4. Sett ovnen på 180 grader, over-undervarme. Trill deiga ut til ei lang pølse og skjær opp i ca. 30 like store biter. Trill til kuler og legg kulene på eit steikebrett med bakepapir.

5. Steik midt i ovnen i ca. 10 minutt, eller til peppernøttene er lett gylne. Steiketida vil variere etter størrelse på peppernøttene og fra ovn til ovn. Avkjøl på rist.

Tips og alternativer*
♦ Du kan bytte ut sukrin+ og sukrin gold med anna søtning tilsvarande 75 g sukker.

♦ Tåler du ikkje melk? Bruk melkefri margarin istedenfor smør.

♦ Eg har ikkje prøvd å lage peppernøttene glutenfri. Du kan sjølvsagt prøve å bytte ut speltmjøl/kveitemjøl med glutenfri mjøltype. Eg anbefaler eventuelt eit nøytralt, glutenfritt mjøl for best resultat.

Peppernøttene oppbevarer du i en kakeboks på kjøkkenbenken eller i kjøkkenskapet. Pynt gjerne med sjokolade om du ønsker det 🙂

Så… blir det peppernøtt-baking ein dag kanskje? Fortell meg gjerne korleis du liker peppernøttene best. Mjuke? Sprø? Med andre krydder? Mørke? Lyse?

Uansett, eg håper det frister og at fleire vil prøve seg♥

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

6 kommentarer

  1. Hei!
    De ser nydelig ut! Hvilken fløte bruker du? Har matfløte i kjøleskapet, så tenkte å prøve det dersom du tror det funker? 🙂

    1. Hei! Eg brukte kremfløyte, men det går nok heilt fint å bruke matfløyte også. Håper dei smaker, Vilde 😀

  2. Sukrinsirup gold i stedet for fibersirup hold?

    1. Det er det einaste alternativet foreløpig 🙂

      1. Det fungerte supert. Kjempegode