Linda Stuhaug

Annonse

20. desember 2018

Sukkerfri peppernøtter

Sukkerfri peppernøtter
Heisann!
Då starter nedtellinga for fullt til julafta… At den store dagen berre er 4 dager unna er ganske vilt. Heldigvis er heile romjula minst like koselig som sjølve julafta 🙂
Idag skal eg dele en oppskrift som har vore veldig etterspurt på bloggen, ikkje berre i no i desember – men også tidligare år. PEPPERNØTTER er visst en julekake som er mange sin favoritt;
Det er ikkje mykje peppernøtter eg har ete opp gjennom åra, men dei få gangane eg har smakt det – så har det vore mjuke peppernøtter. Derfor er dagens oppskrift på peppernøtter av den mjuke varianten 🙂 Eg veit det er mange ulike måter å lage desse på, både når det kjem til krydder, utseende, smak og konsistens – så dette blir nok ein av få i jungelen av peppernøtt-oppskrifter, som også er sukkerfri.
Du treng, ca. 30 stk 100 g fibersirup gold 30 g smør 2 ss (25 g) sukrin+ 2 ss (25 g) sukrin gold 3 ss fløyte 200 g sikta speltmjøl eller kveitemjøl 1/3 ts natron, 1/3 ts malt anis, 1/4 ts malt pepper
Slik gjer du: 1. Varm opp fibersirup gold, smør, sukrin+, sukrin gold og fløyte i en kjele til alt er smelta sammen. Hell blandinga over i en bolle.
2. Visp inn natron, malt anis og malt pepper.
3. Sikt inn litt og litt speltmjøl/ kveitemjøl og kna til en fast deig. Det er ikkje sikkert du treng å bruke alt mjølet. Sett deiga i kjøleskapet til den er avkjølt.
4. Sett ovnen på 180 grader, over-undervarme. Trill deiga ut til ei lang pølse og skjær opp i ca. 30 like store biter. Trill til kuler og legg kulene på eit steikebrett med bakepapir.
5. Steik midt i ovnen i ca. 10 minutt, eller til peppernøttene er lett gylne. Steiketida vil variere etter størrelse på peppernøttene og fra ovn til ovn. Avkjøl på rist.
Tips og alternativer* ♦ Du kan bytte ut sukrin+ og sukrin gold med anna søtning tilsvarande 75 g sukker.
♦ Tåler du ikkje melk? Bruk melkefri margarin istedenfor smør.
♦ Eg har ikkje prøvd å lage peppernøttene glutenfri. Du kan sjølvsagt prøve å bytte ut speltmjøl/kveitemjøl med glutenfri mjøltype. Eg anbefaler eventuelt eit nøytralt, glutenfritt mjøl for best resultat.
Peppernøttene oppbevarer du i en kakeboks på kjøkkenbenken eller i kjøkkenskapet. Pynt gjerne med sjokolade om du ønsker det 🙂
Så… blir det peppernøtt-baking ein dag kanskje? Fortell meg gjerne korleis du liker peppernøttene best. Mjuke? Sprø? Med andre krydder? Mørke? Lyse?
Uansett, eg håper det frister og at fleire vil prøve seg♥

Heisann!

Då starter nedtellinga for fullt til julafta… At den store dagen berre er 4 dager unna er ganske vilt. Heldigvis er heile romjula minst like koselig som sjølve julafta 🙂

Idag skal eg dele en oppskrift som har vore veldig etterspurt på bloggen, ikkje berre i no i desember – men også tidligare år. PEPPERNØTTER er visst en julekake som er mange sin favoritt;

Det er ikkje mykje peppernøtter eg har ete opp gjennom åra, men dei få gangane eg har smakt det – så har det vore mjuke peppernøtter. Derfor er dagens oppskrift på peppernøtter av den mjuke varianten 🙂 Eg veit det er mange ulike måter å lage desse på, både når det kjem til krydder, utseende, smak og konsistens – så dette blir nok ein av få i jungelen av peppernøtt-oppskrifter, som også er sukkerfri.

Du treng, ca. 30 stk
100 g fibersirup gold
30 g smør
2 ss (25 g) sukrin+
2 ss (25 g) sukrin gold
3 ss fløyte
200 g sikta speltmjøl eller kveitemjøl
1/3 ts natron, 1/3 ts malt anis, 1/4 ts malt pepper

Slik gjer du:
1. Varm opp fibersirup gold, smør, sukrin+, sukrin gold og fløyte i en kjele til alt er smelta sammen. Hell blandinga over i en bolle.

2. Visp inn natron, malt anis og malt pepper.

3. Sikt inn litt og litt speltmjøl/ kveitemjøl og kna til en fast deig. Det er ikkje sikkert du treng å bruke alt mjølet. Sett deiga i kjøleskapet til den er avkjølt.

4. Sett ovnen på 180 grader, over-undervarme. Trill deiga ut til ei lang pølse og skjær opp i ca. 30 like store biter. Trill til kuler og legg kulene på eit steikebrett med bakepapir.

5. Steik midt i ovnen i ca. 10 minutt, eller til peppernøttene er lett gylne. Steiketida vil variere etter størrelse på peppernøttene og fra ovn til ovn. Avkjøl på rist.

Tips og alternativer*
♦ Du kan bytte ut sukrin+ og sukrin gold med anna søtning tilsvarande 75 g sukker.

♦ Tåler du ikkje melk? Bruk melkefri margarin istedenfor smør.

♦ Eg har ikkje prøvd å lage peppernøttene glutenfri. Du kan sjølvsagt prøve å bytte ut speltmjøl/kveitemjøl med glutenfri mjøltype. Eg anbefaler eventuelt eit nøytralt, glutenfritt mjøl for best resultat.

Peppernøttene oppbevarer du i en kakeboks på kjøkkenbenken eller i kjøkkenskapet. Pynt gjerne med sjokolade om du ønsker det 🙂

Så… blir det peppernøtt-baking ein dag kanskje? Fortell meg gjerne korleis du liker peppernøttene best. Mjuke? Sprø? Med andre krydder? Mørke? Lyse?

Uansett, eg håper det frister og at fleire vil prøve seg♥

Annonse

10 Kommentarer

V

Vilde

20. desember 2018

Hei! De ser nydelig ut! Hvilken fløte bruker du? Har matfløte i kjøleskapet, så tenkte å prøve det dersom du tror det funker? 🙂

Linda Stuhaug

20. desember 2018

Hei! Eg brukte kremfløyte, men det går nok heilt fint å bruke matfløyte også. Håper dei smaker, Vilde 😀

N

Nina

19. desember 2021

Hvor fikk du tak i malt anis? Har bare hel i alle butikkene jeg har vært innom..

Linda Stuhaug

20. desember 2021

Renner med eg har kjøpt det på en matbutikk. Klarer ikkje hugse det, denne oppskrifta er ikkje fra i år 🙂

T

Tordis

25. november 2019

Sukrinsirup gold i stedet for fibersirup hold?

Linda Stuhaug

26. november 2019

Det er det einaste alternativet foreløpig 🙂

T

Tordis

27. november 2019

Det fungerte supert. Kjempegode

Linda Stuhaug

27. november 2019

Knall 😀

B

Britt Åse

6. desember 2022

Hei, jeg har lyst til å prøve disse i år 🙂 Har du tips til hvordan man kan få dem til å bli harde/sprø? Takk for masse gode oppskrifter og inspirasjon til sukkerfritt, forresten 🥰

Linda Stuhaug

11. desember 2022

Hei! Du kan prøve med litt meir smør + steike dei lengre, men det må ofte fleire justeringer til når det kjem til sukkerfrie oppskrifter... Veldig hyggelig å inspirere😍

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg