Kva er mine tanker om julekaloriane?

Kan du svare heilt ærlig på dette – har du nokon dårlige følelser når det kjem til jul og mat? Kva tenker du om jula og all maten som høyrer med? Korleis ete du i jula? Ete du kun sukkerfri julekaker? Får du dårlig samvittighet for å ete litt eksta i juleveka? Kva er dine tanker om julekaloriane? 

Dette er nokon av spørsmåla som har dukka opp i desember som omhandler dette med jul, mat, kalorier, sukker, sukkerfritt og dårlig samvittighet… På ein måte så synes eg det er utrulig trist at det i det heile tatt skal vere eit tema, ein bekymring og ein belastning for folk der ute. På ein anna måte så skjønner eg det så utrulig godt, ettersom eg sjølv har vore på det stadiet der eg har grua meg til jula gjennom fleire år – utelukkande på grunn av mat og kalorier. Dei fleste av de som følger meg veit at eg gjekk fra overvektig til undervektig i ungdomsåra og fekk eit veldig forstyrra syn på kosthold og trening. Jula var i desse åra ei svært stressande høgtid med mykje tanker, skamfølelse, straffetrening og dårlig samvittighet. Det er det heldigvis på ingen måte no lenger…

Så, kva er mine tanker om julekaloriane? Skulle eg svart veldig kort og presist på dette, så hadde eg svart; eg har ingen tanker om julekaloriane. Det er rett og slett ikkje noko eg tenker på, det er ingen bekymring eller vonde følelser knytta til jul, mat og kalorier hos meg lengre. Eg gleda meg til jula med litt ekstra mat, eg! Gleder meg til å få servert julemiddag heime, ete verdens beste juledessert, bli invitert til juleselskap, nyte lange, gode frukoster, ete sjokolade når eg vil, samle venninnegjengen på spillekveld med snacks på bordet, dyppe pepperkake i heimelaga kakao… Eg kjem til å kose meg med det eg har lyst på når eg har lyst på det, og ikkje overanalysere eller tenke noko meir på det.

Eg kjenner meg sjølv såpass godt at kvardagskostholdet mitt også blir med meg inn i juleveka. Eg elska maten eg ete til det daglige, og det er denne maten som gir meg overskudd og energi. Det er heilt naturlig for meg å ete slik som eg ete til vanlig om det er jul eller ei. Faste måltid, passelig mengde, mykje frukt og grønt, lomper, cottage cheese… Eg er ikkje personen som ete julekaker til frukost, eg er heller ikkje personen som fråtser. For nokre år tilbake la eg fra meg alt-eller-ingenting tankegangen og det har virkelig gjort livet mitt bedre (satt litt på spissen). Det er ikkje slik at ein må ete heile julestrømpa når ein først er i gang, må fullføre sjokoladeskåla før ein klarer å stoppe eller ete seg stappmett på søtsaket berre fordi. Kanskje ein i utgangspunktet er fornøgd med eit par biter, eller faktisk ikkje har lyst på i det heile tatt. Eg trur mange av oss kan bli flinkare til å lytte til kroppens signaler, den veit nok ofte mykje bedre enn hodet 🙂

Joda, det blir ei veke med eit matinntak litt over normalen, men det spiller jo absolutt ingen rolle i den store sammenheng. Året har 52 veker og jula er kun ei av dei 🙂 Eg skal vertfall ete, nyte, være sosial, tilbringe masse tid utendørs, trene det eg vil. Eg skal takke nei når eg ikkje har lyst på, eg skal takke ja når eg har lyst på. Ein vinner absolutt ingenting på vonde tanker, skamfølelse, straffetrening og dårlig samvittighet.

Å kunne senke skuldrane å slappe av på denne måten er en stor del av ein sunn livsstil – og det er jo det ein ønsker å ha? Ein sunn livsstil som ein kan leve med livet ut. Den handler ikkje om å vere fanatisk, den handler om å ha rom for både sunn mat, mindre sunn mat, perioder med mykje aktivitet, perioder med mindre aktivitet. Ein livvstil fylt med sosialt samvær, smil og lykke – også i juleveka♥

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

4 kommentarer

  1. Høyrest veldig fornuftig ut Linda. Enig med deg. Eg og held på gode kvardagsvanar men skeiar litt ut. Nett no vart det eit par Sverre Sætre-konfektbitar til julekaffien. Nam! Med ‘the holiday’ på tv. Ønskjer deg ei nydeleg jul!

    1. Høyres herlig ut, Frøken M! Riktig god jul til deg og dine <3 Klem 🙂

  2. Fint innlegg, så enig med deg! 🙂
    GOD JUL, flinke Linda! <3
    Klem

    1. Tusen takk, Birgitte! God jul til deg også <3 Klem!