Linda Stuhaug

Annonse

1. januar 2019

Året 2018 – takk!

Året 2018 – takk!
God 1.nyttårsdag kjære, fine følgere – og godt nyttår♥
I år som i fjor har eg lyst å ta en liten oppsummering av året som er forbi. 2018 har vore eit lærerikt og krevande år der eg har gitt ut mi første kokebok, fullført bachelorgraden mi i Samfunnsernæring, flytta frå Oslo etter tre år, kom meg heim igjen til det vakre Vestland og starta å jobbe for fullt. Å sjå tilbake på året synes eg er veldig fint, og eg håper også at de liker innlegget 🙂
ÅRETS HØGDPUNKT (inneholder egenreklame) Eg kan faktisk ikkje nevne noko anna her enn at eg gav ut mi aller første kokebok med offentlig lansering den 2.januar 2018♥ Det er noko av det største eg har gjort i heile mitt liv, og eg var (og er!) så stolt! Og dei gode nyhetane kom på rad og rekke etter lanseringsdato; «Opptur med sunn mat» blei ein bestselgar kun etter nokre få dager, og det var virkelig over all forventning. I tillegg låg boka mi på topplista over bestselgande bøker i heile 8 veker! Så stas!
Skulle du ha lyst til å kjøpe boka mi inn i det nye året, så kan du bestille den fra Frisk Forlag si heimeside HER
*
ÅRETS MEST KAOTISKE KVELD (inneholder egenreklame) Når vi er inne på dette med boka mi og lansering, så må eg nesten nevne kvelden for LANSERINGSFEST som årets mest kaotiske kveld. Eg hadde igrunn ikkje lyst å ha lanseringsfest, og var skikkelig redd for at det ikkje skulle komme nokon. Når vi oppretta arrangementet og folk begynte å vise sin interesse, så håpte eg på at det kom 20-30 stk. Vi leigde eit lokale der det skulle vere god plass til 60-70 stk…
Når det begynte å dukke opp folk 1,5 time før arrangemente starta blei eg ganske så stressa. Når lokalet nesten var fullt 45 minutter før det starta, vart eg enda meir stressa. Når lokalet var STAPPFULLT 25 minutt før det starta, vart eg vertfall stressa! Det dukka opp minst 200 personer som ville vere med på lanseringsfest for boka mi, og eg var heilt overvelda og sjokkert. Det var nærmast umulig å gå gjennom lokalet, og folk stod omtrent oppå kvarandre. Det stod folk i ytterdøråpningen, og det kom enda fleire ute som dessverre ikkje kom inn, fordi det var så fullt. Verken eg eller forlaget hadde ein villaste fantasi om at det skulle komme så mange. Det var eit einaste stort kaos, og alle planane vi hadde gjort oss måtte endrast på minuttet. Kaotisk, men likevell så utrulig fint, og en megastor tillitserklæring. Ein kveld som har gått i minneboka for resten av livet!
*
ÅRETS FINASTE TUR Det er umulig å velge ut ein, eg har hatt så mange fine turer i 2018, blant anna desse to; en på ski, og en til fots!
*
ÅRETS STØRSTE GLEDE Etter tre år som fulltidsstudet på Samfunnsernæring i Oslo kunne eg endelig levere Bacheloroppgava mi og sei meg ferdig med studiane! Knekt rose og uhøgtidelig diplom, men eg var så sjukt lykkelig denne dagen 🙂 Endelig var tre intense år over, og endelig var eg eit steg nærmare å kunne flytte heim igjen.
*
ÅRETS ENERGITAKAR Juni til september (med litt pause i juli) var eit einaste stort flyttekaos. Eg skulle samle tre heimer (!) til en, og ikkje minst selge leiligehta mi i Oslo. Sommarne brukte eg altså på å fly att og fram fra Vestlandet til Østlandet, forberede salget, køyre flyttelass etter flyttelass mellom Oslo og Førde, selge leiligheta, sortere og kaste ting og tang, klare å få alle tinga mine på en plass, gjere min nye heim til ein heim. I desse månedane budde eg i bager og esker, heile flytteprosessen tok enormt mykje tid og energi, og når eg var ferdig med alt som heitte flytting i slutten av september følte eg meg 100 kilo lettare!
*
ÅRETS MEST BRUKTE MATVARE Lomper! Ikkje overraskande for dei fleste, trur eg. Eg ete lomper KVAR DAG, stort sett med godt pålegg til frukost, lunsj eller kveldsmat. Her ser du ein av mine favoritter; makrell i tomat, cottage cheese, agurk og pepper♥
*
ÅRETS BURSDAG 28.februar og min 24-års dag tilbringte eg på fjellet i godt selskap, strålande sol og knallblå himmel. Kunne ikkje hatt en bedre bursdag, eg!
*
ÅRETS FLAUSE I oktober holdt eg foredrag for MS foreninga Sogn og Fjordane…. MED SMEKKEN ÅPEN! Ein heil time stod eg å prata om sunn mat og matglede, til eg etter foredraget satt meg ned og skulle signere nokre bøker, og såg at smekken min stod på vidt gap. Altså… Er det mulig? Dei aller fleste hadde også sett det, for det kom mange bort å fortalte det etterpå 😉 Eg tok det heldigvis med eit smil og tenkte at det kunne vore verre!
*
ÅRETS UFLAKS I påska strålte sola fra knallblå himmel kvar einaste dag, og eg var ute i sola 5-8 timer dagen på ski på fjellet. Nydelig! Mot slutten av påskeveka smurte eg meg som alltid med 50+ i fjeset før dagens tur, og klarte å legge igjen alt av solkrem heime. Det endte med solblemmer i heile ansiktet, og det var så vondt at eg ikkje visste kor eg skulle gjere av meg. Etter mange tips fra følgere på instagram smurte eg meg med yoghurt for å lindre;
…. Haha! Og ikkje nok med det, solblemmer i heile ansiktet skulle ikkje stoppe meg til å gå på fjellet neste dag;
Og det blir ENDA bedre!!!
Altså. Eg ler meg ihjel!
*
ÅRETS GØYASTE DAG Åh, det er definitivt dagen eg hadde med mi gode venninne Mathilde på Tomtermais gård! Vi koste oss SÅ mykje der vi gjekk å plukka grønnsaker ute i åkeren og fylte opp handlekorga inne i gardsbutikken… Vi var der i timesvis! Eit slikt tilbud er heilt unikt, og eg blir så glad langt inn i hjerterota at nokon driver gård på denne måten, med en visjon om å levere grønnsaker direkte til oss forbrukere.
*
ÅRETS KJEKKASTE FOREDRAG I oktober holdt eg foredrag for Norsk Cøliakiforening avdelng Sogn og Fjordane, og det var så kjekt! Eg lagde massevis av naturlig glutenfri smaksprøver og inspirerte folk til å leve meir naturlig glutenfritt. Veldig stas, og eg er takknemlig som får slike muligheter som dette 🙂
*
ÅRETS ALLER MEST POPULÆRE OPPSKRIFT PÅ BLOGGEN Denne overraska meg faktisk litt – men årets aller mest populære oppskrift er faktisk søtpotetfries!
Slik lager du garantert sprø søtpotetfries – innlegg her
*
ÅRETS TV I januar i forbindelse utgivelse av boka mi fekk eg komme på besøk til God Morgen Norge, og det var så kjekt! Som gjest fortalde eg først og fremst litt om veien hit eg er idag, vi snakka om boka mi, og deretter lagde eg søtpotetpizza på kjøkkenet med Wenche. Les heile innlegget mitt om God Morgen Norge her♥
*
ÅRETS TURANBEFALING I sommar var vi på langtur i Skarvheimen der vi gjekk hytte til hytte i 7 dager. Dette skal eg skrive eit blogginnlegg om, for det er ein langtur eg virkelig kan anbefale! Årets beste ferie er alltid denne veka vi går på fjellet om sommaren♥
*
ÅRETS KULASTE BEDRIFTSBESØK I jaunuar fekk eg komme på besøk til Buer sine lokaler i Askim, og det var ein så sjukt kul dag for LompeLinda! Eg fikk servert lunsj, fekk omvisning i lokala og ikkje minst sjå korleis dei laga lompene sine fra start til slutt. Eg er jo Buer sin største fan, og har vore det i 8-9 år no, så de kan tru eg storkoste meg skikkelig!
Så, det var en liten oppsummering av mitt 2018-år, no gleder eg meg virkelig til å ta fatt på 2019 og alt året har å by på. Det blir eit spennande år som eg gleder meg til å ta dokke med på 🙂
Bloggen blir jo sjølvsagt med meg på ferden, men sannsynligvis i litt mindre grad enn 2018. 6-7 oppdateringer i veka blir nok redusert til 4-5, men med ekstra fokus på kvalitet og stor matglede, pluss litt ekstra! Nyt dagen godtfolk! Og igjen: godt nyttår♥

God 1.nyttårsdag kjære, fine følgere – og godt nyttår♥

I år som i fjor har eg lyst å ta en liten oppsummering av året som er forbi. 2018 har vore eit lærerikt og krevande år der eg har gitt ut mi første kokebok, fullført bachelorgraden mi i Samfunnsernæring, flytta frå Oslo etter tre år, kom meg heim igjen til det vakre Vestland og starta å jobbe for fullt. Å sjå tilbake på året synes eg er veldig fint, og eg håper også at de liker innlegget 🙂

ÅRETS HØGDPUNKT (inneholder egenreklame)
Eg kan faktisk ikkje nevne noko anna her enn at eg gav ut mi aller første kokebok med offentlig lansering den 2.januar 2018♥ Det er noko av det største eg har gjort i heile mitt liv, og eg var (og er!) så stolt! Og dei gode nyhetane kom på rad og rekke etter lanseringsdato; «Opptur med sunn mat» blei ein bestselgar kun etter nokre få dager, og det var virkelig over all forventning. I tillegg låg boka mi på topplista over bestselgande bøker i heile 8 veker! Så stas!

Skulle du ha lyst til å kjøpe boka mi inn i det nye året, så kan du bestille den fra Frisk Forlag si heimeside HER

*

ÅRETS MEST KAOTISKE KVELD (inneholder egenreklame)
Når vi er inne på dette med boka mi og lansering, så må eg nesten nevne kvelden for LANSERINGSFEST som årets mest kaotiske kveld. Eg hadde igrunn ikkje lyst å ha lanseringsfest, og var skikkelig redd for at det ikkje skulle komme nokon. Når vi oppretta arrangementet og folk begynte å vise sin interesse, så håpte eg på at det kom 20-30 stk. Vi leigde eit lokale der det skulle vere god plass til 60-70 stk…

Når det begynte å dukke opp folk 1,5 time før arrangemente starta blei eg ganske så stressa. Når lokalet nesten var fullt 45 minutter før det starta, vart eg enda meir stressa. Når lokalet var STAPPFULLT 25 minutt før det starta, vart eg vertfall stressa! Det dukka opp minst 200 personer som ville vere med på lanseringsfest for boka mi, og eg var heilt overvelda og sjokkert. Det var nærmast umulig å gå gjennom lokalet, og folk stod omtrent oppå kvarandre. Det stod folk i ytterdøråpningen, og det kom enda fleire ute som dessverre ikkje kom inn, fordi det var så fullt. Verken eg eller forlaget hadde ein villaste fantasi om at det skulle komme så mange. Det var eit einaste stort kaos, og alle planane vi hadde gjort oss måtte endrast på minuttet. Kaotisk, men likevell så utrulig fint, og en megastor tillitserklæring. Ein kveld som har gått i minneboka for resten av livet!

*

ÅRETS FINASTE TUR
Det er umulig å velge ut ein, eg har hatt så mange fine turer i 2018, blant anna desse to; en på ski, og en til fots!



*

ÅRETS STØRSTE GLEDE
Etter tre år som fulltidsstudet på Samfunnsernæring i Oslo kunne eg endelig levere Bacheloroppgava mi og sei meg ferdig med studiane! Knekt rose og uhøgtidelig diplom, men eg var så sjukt lykkelig denne dagen 🙂 Endelig var tre intense år over, og endelig var eg eit steg nærmare å kunne flytte heim igjen.

*

ÅRETS ENERGITAKAR
Juni til september (med litt pause i juli) var eit einaste stort flyttekaos. Eg skulle samle tre heimer (!) til en, og ikkje minst selge leiligehta mi i Oslo. Sommarne brukte eg altså på å fly att og fram fra Vestlandet til Østlandet, forberede salget, køyre flyttelass etter flyttelass mellom Oslo og Førde, selge leiligheta, sortere og kaste ting og tang, klare å få alle tinga mine på en plass, gjere min nye heim til ein heim. I desse månedane budde eg i bager og esker, heile flytteprosessen tok enormt mykje tid og energi, og når eg var ferdig med alt som heitte flytting i slutten av september følte eg meg 100 kilo lettare!


*

ÅRETS MEST BRUKTE MATVARE
Lomper! Ikkje overraskande for dei fleste, trur eg. Eg ete lomper KVAR DAG, stort sett med godt pålegg til frukost, lunsj eller kveldsmat. Her ser du ein av mine favoritter; makrell i tomat, cottage cheese, agurk og pepper♥

*

ÅRETS BURSDAG
28.februar og min 24-års dag tilbringte eg på fjellet i godt selskap, strålande sol og knallblå himmel. Kunne ikkje hatt en bedre bursdag, eg!

*

ÅRETS FLAUSE
I oktober holdt eg foredrag for MS foreninga Sogn og Fjordane…. MED SMEKKEN ÅPEN! Ein heil time stod eg å prata om sunn mat og matglede, til eg etter foredraget satt meg ned og skulle signere nokre bøker, og såg at smekken min stod på vidt gap. Altså… Er det mulig? Dei aller fleste hadde også sett det, for det kom mange bort å fortalte det etterpå 😉 Eg tok det heldigvis med eit smil og tenkte at det kunne vore verre!

*

ÅRETS UFLAKS
I påska strålte sola fra knallblå himmel kvar einaste dag, og eg var ute i sola 5-8 timer dagen på ski på fjellet. Nydelig! Mot slutten av påskeveka smurte eg meg som alltid med 50+ i fjeset før dagens tur, og klarte å legge igjen alt av solkrem heime. Det endte med solblemmer i heile ansiktet, og det var så vondt at eg ikkje visste kor eg skulle gjere av meg. Etter mange tips fra følgere på instagram smurte eg meg med yoghurt for å lindre;

…. Haha! Og ikkje nok med det, solblemmer i heile ansiktet skulle ikkje stoppe meg til å gå på fjellet neste dag;

Og det blir ENDA bedre!!!

Altså. Eg ler meg ihjel!

*

ÅRETS GØYASTE DAG
Åh, det er definitivt dagen eg hadde med mi gode venninne Mathilde på Tomtermais gård! Vi koste oss SÅ mykje der vi gjekk å plukka grønnsaker ute i åkeren og fylte opp handlekorga inne i gardsbutikken… Vi var der i timesvis! Eit slikt tilbud er heilt unikt, og eg blir så glad langt inn i hjerterota at nokon driver gård på denne måten, med en visjon om å levere grønnsaker direkte til oss forbrukere.




*

ÅRETS KJEKKASTE FOREDRAG
I oktober holdt eg foredrag for Norsk Cøliakiforening avdelng Sogn og Fjordane, og det var så kjekt! Eg lagde massevis av naturlig glutenfri smaksprøver og inspirerte folk til å leve meir naturlig glutenfritt. Veldig stas, og eg er takknemlig som får slike muligheter som dette 🙂



*

ÅRETS ALLER MEST POPULÆRE OPPSKRIFT PÅ BLOGGEN
Denne overraska meg faktisk litt – men årets aller mest populære oppskrift er faktisk søtpotetfries!

Slik lager du garantert sprø søtpotetfries – innlegg her

*

ÅRETS TV
I januar i forbindelse utgivelse av boka mi fekk eg komme på besøk til God Morgen Norge, og det var så kjekt! Som gjest fortalde eg først og fremst litt om veien hit eg er idag, vi snakka om boka mi, og deretter lagde eg søtpotetpizza på kjøkkenet med Wenche. Les heile innlegget mitt om God Morgen Norge her♥

*

ÅRETS TURANBEFALING
I sommar var vi på langtur i Skarvheimen der vi gjekk hytte til hytte i 7 dager. Dette skal eg skrive eit blogginnlegg om, for det er ein langtur eg virkelig kan anbefale! Årets beste ferie er alltid denne veka vi går på fjellet om sommaren♥

*

ÅRETS KULASTE BEDRIFTSBESØK
I jaunuar fekk eg komme på besøk til Buer sine lokaler i Askim, og det var ein så sjukt kul dag for LompeLinda! Eg fikk servert lunsj, fekk omvisning i lokala og ikkje minst sjå korleis dei laga lompene sine fra start til slutt. Eg er jo Buer sin største fan, og har vore det i 8-9 år no, så de kan tru eg storkoste meg skikkelig!



Så, det var en liten oppsummering av mitt 2018-år, no gleder eg meg virkelig til å ta fatt på 2019 og alt året har å by på. Det blir eit spennande år som eg gleder meg til å ta dokke med på 🙂

Bloggen blir jo sjølvsagt med meg på ferden, men sannsynligvis i litt mindre grad enn 2018. 6-7 oppdateringer i veka blir nok redusert til 4-5, men med ekstra fokus på kvalitet og stor matglede, pluss litt ekstra!

Nyt dagen godtfolk! Og igjen: godt nyttår♥

Annonse

4 Kommentarer

I

Ida Sofie

2. januar 2019

Shit for et år du har hatt! Utrolig imponerende og veldig fortjent at du får til så mye. Enig med kommentaren over – virkelig et forbilde og det blir spennende p følge deg videre inn i 2019 😀 Godt nytt år!

Linda Stuhaug

3. januar 2019

Tusen takk Ida Sofie – det er hyggelig å lese <3 Gleder meg til å ta dokke med på 2019 😀 Godt nyttår til deg også!

T

Toril

2. januar 2019

Du er så imponerende, virkelig et forbilde. Takket være deg er det nesten alltid lomper i min handlekurv Godt nytt år! Gleder meg til å følge deg gjennom 2019

Linda Stuhaug

2. januar 2019

Tusen takk, Toril! Det er utrulig hyggelig å lese 🙂 Gleder meg til å inspirere mykje i 2019!

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg