Annonse
18. januar 2019
Gelegodis med mango & sitron
/ bildene er tatt av Jon Marius Nilsson
Hei godtfolk!
Tenk at det er fredag igjen! Og eg titter innom med oppskrift på gelegodis med mango & sitron. Desse lagast på 1-2-3 med få ingredienser, og passer like godt som sunn helgesnacks som kvardagssnacks. Det er ikkje første gang eg deler oppskrift på gelegodis her på bloggen, men det er første gang akkurat denne varianten ser bloggens lys. Syrlige, mykje smak og knallgode!
Du treng, 12-15 biter
200 g fersk mango i biter
1,5 dl ferskpressa sitronsaft
1 ss sukrin+ (eller 2 ss anna, valgfri søtning, for eksempel honning eller sukrinmelis)
20 g gelatinpulver
Slik gjer du:
1. Mos mango og sitronsaft med ein stavmiksar til det er klumpfritt. Ha over i ein kjele og tilsett sukrin+ og gelatinpulver.
2. Kok forsiktig opp under omrøring. Fordel massen i små silikon former eller ei brødform/matboks med bakepapir.
3. Sett i kjøleskapet til dei har stivna, ca. 2 timar. Oppbevarast i kjøleskap.
Ønsker du å lage andre smaksvarianter kan du sjølvsagt gjere det. Kva med bringebær eller blåbær? Mango & lime eller appelsinsaft? Her er det berre å bruke fantastien!
Nyt til mellommåltid, snacks, kveldskos eller det du måtte ønske 🙂
Velbekomme og god helg♥
Annonse
16 Kommentarer
Joachim
10. mars 2019
Linda Stuhaug
11. mars 2019
Martine
21. januar 2019
Linda Stuhaug
21. januar 2019
Sunniva
18. januar 2019
Linda Stuhaug
20. januar 2019
Ida
18. januar 2019
Linda Stuhaug
20. januar 2019
Rut
27. januar 2020
Linda Stuhaug
28. januar 2020
Eva
18. januar 2020
Linda Stuhaug
19. januar 2020
Solveig
8. april 2020
Madelén
24. mars 2021
Linda Stuhaug
25. mars 2021
Linda Stuhaug
9. april 2020
SKRIV EN KOMMENTAR