Linda Stuhaug

Annonse

Saftige, naturlig søte matmuffins

Saftige, naturlig søte matmuffins
Riktig god torsdag!
Er det noko eg merker de virkelig setter pris på for tida, så er det sunne og lettvinte oppskrifter til både frukost, lunsj, middag og snacks. En stor bonus er det om det er oppskrifter som de kan lage og ha over fleire måltider/dager.
Desse saftige, naturlig søte matmuffinsane er perfekte til nettopp dette. Her har eg brukt overmoden banan for å gi matmuffinsane sødme og saftighet, så dei er passelig søte – men ikkje for søte. I tillegg er dei naturlig proteinrike, 100% grove og veldig, veldig gode 🙂
Matmuffinsane passer like godt til frukost som lunsj/matpakken, turmat og kveldsmat.
Litt av tanken er at du skal kunne ete desse søte matmuffinsane som dei er. Dei er såpass saftige og smakfulle i seg sjølv at du ikkje treng noko ekstra pålegg, men du kan sjølvsagt dele matmuffinsane på langs og nyte dei med pålegg også 🙂
Litt av tanken er også at du skal kunne piffe opp matmuffinsane etter smak og behag. Under deler eg grunnoppskrifta som du kan variere med tilleggsingredienser i deiga/på toppen. Her kan du bruke alt fra frukt, bær, nøtter, frø, syltetøy, ulike krydder m.m. Korleis du velger å piffe opp matmuffinsane vil naturligvis ha betydning for ferdig resultat på både smak og konsistens. Dagens variant med valnøtter i deiga og litt ekstra valnøtter+bananbiter på toppen var enkel, men veldig god.
Grunnoppskrift på søte matmuffins, 12 stk 1 stor, moden banan 250 g cottage cheese (evt. 200 g kesam eller 200 g kokoskrem for melkefri variant) 2 egg 1 ts bakepulver 1 ts kanel 1 ss honning (kan droppast, evt. anna valgfri søtning) 100 g havregryn 100 g havremjøl
Valgfri topping/ekstraingredienser i deiga – eg har brukt 80 g hakka valnøtter i deiga, og ekstra banan på toppen
Slik gjer du: Mos banan, cottage cheese og egg klumpfritt med stavmiksar. Rør inn bakepulver, kanel og honning, etterfulgt av havregryn og havremjøl. Tilsett eventuelt ekstraingredienser i røra om du ønsker det. La deiga svelle i 5-10 minutt.
Fordel deiga i 12 muffinsformer, helst muffinsbrett som du smører lett med olje/smør. Fordel valgfri topping på muffinsane. Eg har brukt bananbiter og litt ekstra valnøtter som eg trykte lett ned i matmuffinsane.
Steik på 180 grader, over-undervarme i 15-20 minutt, eller til dei er gylne og gjennomstekt. Avkjøl på rist.
Matmuffinsane holder seg saftige og gode i 2-3 dager. Oppbevar i en boks eller plastpose i brødskuffen 🙂 Muffinsane kan også frysast og tas opp etterkvart. La dei tine over natta eller varm dei forsiktig opp i ovnen/mikrobølgeovnen.
Nokon kjenner nok igjen oppskrifta fra mine tidligare frukostmuffinser som eg har delt i veldig mange ulike varianter tidligare;
Alt for mange hang seg opp i at dette var frukostmat, sjølv om det står beskrevet i innlegget at dei passer til alt anna enn frukost også 🙂 Derfor blei dagens nye vri kalla matmuffins, for desse kan virkelig nytast til dei fleste måltid!
Håper det frister♥

Riktig god torsdag!

Er det noko eg merker de virkelig setter pris på for tida, så er det sunne og lettvinte oppskrifter til både frukost, lunsj, middag og snacks. En stor bonus er det om det er oppskrifter som de kan lage og ha over fleire måltider/dager.

Desse saftige, naturlig søte matmuffinsane er perfekte til nettopp dette. Her har eg brukt overmoden banan for å gi matmuffinsane sødme og saftighet, så dei er passelig søte – men ikkje for søte. I tillegg er dei naturlig proteinrike, 100% grove og veldig, veldig gode 🙂

Matmuffinsane passer like godt til frukost som lunsj/matpakken, turmat og kveldsmat.

Litt av tanken er at du skal kunne ete desse søte matmuffinsane som dei er. Dei er såpass saftige og smakfulle i seg sjølv at du ikkje treng noko ekstra pålegg, men du kan sjølvsagt dele matmuffinsane på langs og nyte dei med pålegg også 🙂

Litt av tanken er også at du skal kunne piffe opp matmuffinsane etter smak og behag. Under deler eg grunnoppskrifta som du kan variere med tilleggsingredienser i deiga/på toppen. Her kan du bruke alt fra frukt, bær, nøtter, frø, syltetøy, ulike krydder m.m. Korleis du velger å piffe opp matmuffinsane vil naturligvis ha betydning for ferdig resultat på både smak og konsistens. Dagens variant med valnøtter i deiga og litt ekstra valnøtter+bananbiter på toppen var enkel, men veldig god.

Grunnoppskrift på søte matmuffins, 12 stk
1 stor, moden banan
250 g cottage cheese (evt. 200 g kesam eller 200 g kokoskrem for melkefri variant)
2 egg
1 ts bakepulver
1 ts kanel
1 ss honning (kan droppast, evt. anna valgfri søtning)
100 g havregryn
100 g havremjøl

Valgfri topping/ekstraingredienser i deiga – eg har brukt 80 g hakka valnøtter i deiga, og ekstra banan på toppen

Slik gjer du:
Mos banan, cottage cheese og egg klumpfritt med stavmiksar. Rør inn bakepulver, kanel og honning, etterfulgt av havregryn og havremjøl. Tilsett eventuelt ekstraingredienser i røra om du ønsker det. La deiga svelle i 5-10 minutt.

Fordel deiga i 12 muffinsformer, helst muffinsbrett som du smører lett med olje/smør. Fordel valgfri topping på muffinsane. Eg har brukt bananbiter og litt ekstra valnøtter som eg trykte lett ned i matmuffinsane.

Steik på 180 grader, over-undervarme i 15-20 minutt, eller til dei er gylne og gjennomstekt. Avkjøl på rist.

Matmuffinsane holder seg saftige og gode i 2-3 dager. Oppbevar i en boks eller plastpose i brødskuffen 🙂 Muffinsane kan også frysast og tas opp etterkvart. La dei tine over natta eller varm dei forsiktig opp i ovnen/mikrobølgeovnen.

Nokon kjenner nok igjen oppskrifta fra mine tidligare frukostmuffinser som eg har delt i veldig mange ulike varianter tidligare;

Alt for mange hang seg opp i at dette var frukostmat, sjølv om det står beskrevet i innlegget at dei passer til alt anna enn frukost også 🙂 Derfor blei dagens nye vri kalla matmuffins, for desse kan virkelig nytast til dei fleste måltid!

Håper det frister♥

Annonse

8 Kommentarer

A

Anita

10. februar 2019

De var skikkelig gode!! Lagde grunnoppskriften denne gang, og skikkelig søte og gode!! Skal lages flere ganger.

Linda Stuhaug

10. februar 2019

Fantastisk, Anita! Kjekt du liker oppskrifta 😀

F

Fru M.

7. februar 2019

Takk for fin oppskrift. Eg lagde muffinsane med eplebitar, og fiber sirup gold i staden for honning. Eg brukte to epler og lagde muffinsane i silikonformer, dei trengte på 25 minutt i min ovn før dei var ferdige.

Linda Stuhaug

8. februar 2019

Kjekt du likte oppskrifta, Fru M 🙂 Alle ovner er forskjellige og nettopp derfor skriver eg «eller til dei er gjennomstekt» 😉

F

Fru M.

8. februar 2019

Ja, nettopp! Min ovn har mulig litt for lav temperatur. I tillegg har eg erfaring med at muffinsar treng litt ekstra tid i silikonformer, kanskje noko med at dei ikkje leiar varme på same viset som eit muffinsbrett. Uansett, no er dei testa ut i matpakka til to kresne barn også, og også hjå dei vart det tommel opp

Linda Stuhaug

10. februar 2019

Det er veldig kjekt å lese! Alltid kjekt når oppskriftene også faller i smak hos dei små 🙂

I

Ingvil

27. mai 2020

Blir det samme resultat hvis jeg erstatter havregryna med mer havremel? 🙂

Linda Stuhaug

28. mai 2020

Nja, det kan bli litt forskjell på konsistensen, men det går heilt fint å bruke kun havremjøl 🙂

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg