Linda Stuhaug

Annonse

15. februar 2019

15 spørsmål & 15 svar

15 spørsmål & 15 svar
God fredag!
Eg ønska helga velkommen med eit litt utradisjonelt innlegg idag, nemlig spørsmål & svar. Det tikka inn massevis av spørsmål på instastory på onsdag, og eg har plukka ut 15 av desse som eg svarer på i dagens innlegg 🙂 Nokon av spørsmåla vil eg ta for meg som egne innlegg framover – det er spørsmål som krever lengre svar, og det er vell på tide å få i gang vekas spørsmål igjen, som eg hadde kvar veke fram til nyåret… Over til dagens!
♦ Er du alltid motivert for å lage mat? Nei, overhode ikkje. Og eg kan love dokke at de trur eg lager mykje meir mat enn kva eg faktisk gjer. La meg ta eit eksempel; dei siste vekene har vore ekstemt hektiske med lange dager jobbing og lite fri, og i slike perioder så er eg vertfall ikkje motivert for å lage mat. Eg kan telle på en hand kor mange middager eg har laga dei siste 3 vekene. Og når eg først har laga middag, så har det blitt typiske 10-15 minutters middager med for eksempel ferdige fiskekaker.
Så nei, eg er ikkje alltid motivert for å lage mat. Det er noko som går i berg-og-dalbaner, men stort sett så er eg veldig glad i å stå på kjøkkenet og eksprimentere med oppskrifter 🙂
♦ Kva liker du best å trene, og kva årstid foretrekker du best å trene i? Eg trivast alltid best utendørs, og synes kvar årstid har sin sjarm. På vinteren og utover våren går eg mykje toppturer, langrenn + litt fjellski. Når toppturssesongen nærmer seg slutten utover våren starter sykkelsesongen. Det går mest i landeveissykling, men også litt terrengssykling. Utover sommaren fortsetter eg med syklinga, men går også mykje på fjellet, alt fra dagsturer til langturer på 7-9 dager. Når vi går mot høst fortsetter eg også litt med sykling, men synes også at fjellet på høsten er heilt nydelig (så lenge været er med oss!). Så går vi mot vinteren igjen, syklinga blir lagt på hylla og skia leita fram. Slik ruller det og går, i tillegg til at eg elsker å springe utendørs gjennom heile året 🙂
Så må vi ikkje gløyme styrketrening og litt ymse anna trening som følger meg kvar veke, kvar årstid, år etter år.
♦ Holder du deg unna nokon matvarer? Eller ete du alt du vil? Eg ete absolutt alt eg vil, men i ulike mengder.
♦ Veit du om nokon som produserer glutenfri lomper? Nei, dessverre. Det er derfor eg tipser om å bake lompene sjølv (oppskrift her) då du kan bake dei glutenfri 🙂 Men kan hende nokon av mine andre følgere veit om glutenfri lompeprodusent?
♦ Prepper du ofte mat for veka? Dette var eg veldig flink til når eg budde i Oslo og studerte, men det har sklidd litt ut det siste halvåret. Så nei, eg kan ikkje påstå at eg er noko flink til å preppe mat for veka. Men eg passer alltid på å ha tilgjengelig gode råvarer i kjøleskapet, og i kjøkkenskapet har eg (nesten) alltid heimelaga knekkebrød, brente mandler, mandelsmør og slike oppskrifter som eg ete til det daglige. I frysaren har eg også (nesten) alltid heimelaga proteinrundstykker eller Funksjonell mat sin brødmiks som rundstykker.
Når det er sagt, så lager eg som regel klar matpakken kvelden i forveien, så eg kan vell sei at det er det nærmaste matprepping eg kjem 🙂
♦ Kor høg er du? 170 cm.
♦ Verste matmyten du høyrer? Åh, det er så mange… Dessverre. Men for å dra fram ein av desse matmytene så er det at ein går opp i vekt av å ete seint på kvelden. Det har ingenting å sei kortid på døgnet du ete maten din, så lenge kaloriinntaket ditt er i balanse med forbruket. Så i utgansgpunktet har det ingenting å sei om du ete kveldsmaten din klokka 19 eller klokka 22. Det handler rett og slett om det totale kaloriinntaket iløpet av dagen uansett korleis ein snur og vender på det 😉
♦ Holder avokadoen seg like fin i lompene dagen etter? Ja. Eg har vertfall aldri hatt nokon problem med det. Eg lager ofte klare lompene kvelden før, pakker inn i aluminiumsfolie, legger lompene i en matboks i kjøleskapet. Avokadoen inni lompene er like fin til lunsj dagen etterpå 🙂
♦ Har du eit anstrengt forhold til mat eller slitt med spiseforstyrrelser tidligare? Ja, dette har eg delt informasjon om i nokre innlegg tidligare. Eg har også delt heile historie mi fra å vere overvektig og usunn til å bli undervektig med eit veldig forstyrra syn på kosthold & trening, deretter bli normalvektig igjen med min store lidenskap for sunn mat, helse, kosthold og trening i boka mi♥
♦ Kva studerer du? Eg var ferdig å studere i juni 2018. Resultatet er en Bachelor i Samfunnsernæring og idag jobber eg som min egen sjef under mitt eget aksjeselskap. Samtidig har eg eit kontor på Helsehuset Førde/Spenst Førde der eg samarbeider litt med Spenst sentera i fylket. Nokre stikkord om det eg driver med; blogg, bok, foredrag, kurs, ernæringskonsultasjoner. Eg har skrevet eit eget innlegg om det eg jobber med HER visst du ønsker å lese meir 🙂
♦ Teller du kalorier? Nei, eg teller ikkje kalorier. Det la eg på hylla for mange år sidan. Eg sjelden gang innimellom rekner eg kanskje ut kalorier i ei oppskrift av nysgjerrighet, eller fordi eg berre har lyst. Då kan eg også dele det i blogginnlegget. Men det betyr overhode ikkje at eg teller kalorier eller har noko fokus på kaloirer.
Les gjerne innlegget mitt «DET ER HEILT FORBANNA UAKTUELT» om du vil vite meir om kvifor eg ikkje teller kaloirer, eller kvifor eg ikkje svarer på kalorispørsmål her på bloggen.
♦ Har du nokon merkelige matkombinasjoner du er veldig glad i? Tja, spørst kva man legger i merkelig. Men dei matkombinasjonane eg har fått mest merkelige tilbakemeldinger på er: → Makrell i tomat & cottage cheese (i lomper med pepper og agurk. Nam!) → Banan & majones (helst på knasande sprø knekkebrød!) → Taco med banan (ja, som en del av «grønnsakene»!) → Curry-retter med banan (for eksempel wok, topper då woken med bananbiter!)
Denne banana altså… Det er den som stort sett får gjennomgå 😉 Eg har nok mange andre merkelige matkombinasjoner som eg ete, men det var desse eg kom på i farten!
♦ Kva kjøper du deg når du skal kose deg? Is! Eg elska is!
♦ Kva motiverer deg til å lage oppskrifter? Eg har alltid elska å lage mat, og det var vore naturlig for meg å lage mat og oppskrifter. Å eksprimentere på kjøkkenet gir meg (stort sett…) mykje energi og glede, og noko ekstra motivasjon utover det trengst ikkje 🙂
♦ Kommer kokebok nr 2? Eg håper det! Det kjem definitivt ei kokebok nr 2 🙂 Men når? Det får tida vise!
Så… No er eg faktisk litt nysgjerrig! Er det nokon av svara som overraska deg? Kva er den verste matmyten du høyrer? Har du en merkelig matkombinasjon du vil dele?
Del gjerne i kommentarfeltet! God helg♥

God fredag!

Eg ønska helga velkommen med eit litt utradisjonelt innlegg idag, nemlig spørsmål & svar. Det tikka inn massevis av spørsmål på instastory på onsdag, og eg har plukka ut 15 av desse som eg svarer på i dagens innlegg 🙂 Nokon av spørsmåla vil eg ta for meg som egne innlegg framover – det er spørsmål som krever lengre svar, og det er vell på tide å få i gang vekas spørsmål igjen, som eg hadde kvar veke fram til nyåret… Over til dagens!

♦ Er du alltid motivert for å lage mat?
Nei, overhode ikkje. Og eg kan love dokke at de trur eg lager mykje meir mat enn kva eg faktisk gjer. La meg ta eit eksempel; dei siste vekene har vore ekstemt hektiske med lange dager jobbing og lite fri, og i slike perioder så er eg vertfall ikkje motivert for å lage mat. Eg kan telle på en hand kor mange middager eg har laga dei siste 3 vekene. Og når eg først har laga middag, så har det blitt typiske 10-15 minutters middager med for eksempel ferdige fiskekaker.

Så nei, eg er ikkje alltid motivert for å lage mat. Det er noko som går i berg-og-dalbaner, men stort sett så er eg veldig glad i å stå på kjøkkenet og eksprimentere med oppskrifter 🙂

♦ Kva liker du best å trene, og kva årstid foretrekker du best å trene i?
Eg trivast alltid best utendørs, og synes kvar årstid har sin sjarm. På vinteren og utover våren går eg mykje toppturer, langrenn + litt fjellski. Når toppturssesongen nærmer seg slutten utover våren starter sykkelsesongen. Det går mest i landeveissykling, men også litt terrengssykling. Utover sommaren fortsetter eg med syklinga, men går også mykje på fjellet, alt fra dagsturer til langturer på 7-9 dager. Når vi går mot høst fortsetter eg også litt med sykling, men synes også at fjellet på høsten er heilt nydelig (så lenge været er med oss!). Så går vi mot vinteren igjen, syklinga blir lagt på hylla og skia leita fram. Slik ruller det og går, i tillegg til at eg elsker å springe utendørs gjennom heile året 🙂

Så må vi ikkje gløyme styrketrening og litt ymse anna trening som følger meg kvar veke, kvar årstid, år etter år.

♦ Holder du deg unna nokon matvarer? Eller ete du alt du vil?
Eg ete absolutt alt eg vil, men i ulike mengder.

♦ Veit du om nokon som produserer glutenfri lomper?
Nei, dessverre. Det er derfor eg tipser om å bake lompene sjølv ( oppskrift her) då du kan bake dei glutenfri 🙂 Men kan hende nokon av mine andre følgere veit om glutenfri lompeprodusent?

♦ Prepper du ofte mat for veka?
Dette var eg veldig flink til når eg budde i Oslo og studerte, men det har sklidd litt ut det siste halvåret. Så nei, eg kan ikkje påstå at eg er noko flink til å preppe mat for veka. Men eg passer alltid på å ha tilgjengelig gode råvarer i kjøleskapet, og i kjøkkenskapet har eg (nesten) alltid heimelaga knekkebrød, brente mandler, mandelsmør og slike oppskrifter som eg ete til det daglige. I frysaren har eg også (nesten) alltid heimelaga proteinrundstykker eller Funksjonell mat sin brødmiks som rundstykker.

Når det er sagt, så lager eg som regel klar matpakken kvelden i forveien, så eg kan vell sei at det er det nærmaste matprepping eg kjem 🙂

♦ Kor høg er du?
170 cm.

♦ Verste matmyten du høyrer?
Åh, det er så mange… Dessverre. Men for å dra fram ein av desse matmytene så er det at ein går opp i vekt av å ete seint på kvelden. Det har ingenting å sei kortid på døgnet du ete maten din, så lenge kaloriinntaket ditt er i balanse med forbruket. Så i utgansgpunktet har det ingenting å sei om du ete kveldsmaten din klokka 19 eller klokka 22. Det handler rett og slett om det totale kaloriinntaket iløpet av dagen uansett korleis ein snur og vender på det 😉

♦ Holder avokadoen seg like fin i lompene dagen etter?
Ja. Eg har vertfall aldri hatt nokon problem med det. Eg lager ofte klare lompene kvelden før, pakker inn i aluminiumsfolie, legger lompene i en matboks i kjøleskapet. Avokadoen inni lompene er like fin til lunsj dagen etterpå 🙂

♦ Har du eit anstrengt forhold til mat eller slitt med spiseforstyrrelser tidligare?
Ja, dette har eg delt informasjon om i nokre innlegg tidligare. Eg har også delt heile historie mi fra å vere overvektig og usunn til å bli undervektig med eit veldig forstyrra syn på kosthold & trening, deretter bli normalvektig igjen med min store lidenskap for sunn mat, helse, kosthold og trening i boka mi♥

♦ Kva studerer du?
Eg var ferdig å studere i juni 2018. Resultatet er en Bachelor i Samfunnsernæring og idag jobber eg som min egen sjef under mitt eget aksjeselskap. Samtidig har eg eit kontor på Helsehuset Førde/Spenst Førde der eg samarbeider litt med Spenst sentera i fylket. Nokre stikkord om det eg driver med; blogg, bok, foredrag, kurs, ernæringskonsultasjoner. Eg har skrevet eit eget innlegg om det eg jobber med HER visst du ønsker å lese meir 🙂

♦ Teller du kalorier?
Nei, eg teller ikkje kalorier. Det la eg på hylla for mange år sidan. Eg sjelden gang innimellom rekner eg kanskje ut kalorier i ei oppskrift av nysgjerrighet, eller fordi eg berre har lyst. Då kan eg også dele det i blogginnlegget. Men det betyr overhode ikkje at eg teller kalorier eller har noko fokus på kaloirer.

Les gjerne innlegget mitt «DET ER HEILT FORBANNA UAKTUELT» om du vil vite meir om kvifor eg ikkje teller kaloirer, eller kvifor eg ikkje svarer på kalorispørsmål her på bloggen.

♦ Har du nokon merkelige matkombinasjoner du er veldig glad i?
Tja, spørst kva man legger i merkelig. Men dei matkombinasjonane eg har fått mest merkelige tilbakemeldinger på er:
→ Makrell i tomat & cottage cheese (i lomper med pepper og agurk. Nam!)
→ Banan & majones (helst på knasande sprø knekkebrød!)
→ Taco med banan (ja, som en del av «grønnsakene»!)
→ Curry-retter med banan (for eksempel wok, topper då woken med bananbiter!)

Denne banana altså… Det er den som stort sett får gjennomgå 😉 Eg har nok mange andre merkelige matkombinasjoner som eg ete, men det var desse eg kom på i farten!

♦ Kva kjøper du deg når du skal kose deg?
Is! Eg elska is!

♦ Kva motiverer deg til å lage oppskrifter?
Eg har alltid elska å lage mat, og det var vore naturlig for meg å lage mat og oppskrifter. Å eksprimentere på kjøkkenet gir meg (stort sett…) mykje energi og glede, og noko ekstra motivasjon utover det trengst ikkje 🙂

♦ Kommer kokebok nr 2? Eg håper det!
Det kjem definitivt ei kokebok nr 2 🙂 Men når? Det får tida vise!

Så… No er eg faktisk litt nysgjerrig!
Er det nokon av svara som overraska deg?
Kva er den verste matmyten du høyrer?
Har du en merkelig matkombinasjon du vil dele?

Del gjerne i kommentarfeltet! God helg♥

Annonse

22 Kommentarer

R

R I K K E

17. februar 2019

Beste lunsjkomboen: Knekkebrød med leverpostei, kokt egg og gastromat-krydder! NAM<3

Linda Stuhaug

17. februar 2019

Åh, det trur eg virkelig på er en god kombinasjon 😀

T

Tone Eline

16. februar 2019

Ja til kokebok nr 2

Linda Stuhaug

17. februar 2019

😀

M

Marigona

15. februar 2019

Håper bok nr 2 kommer i nærmeste tid! Du inspirerer med så mange gode retter 🙂 Alltid din blogg jeg titter innom om jeg har lyst å prøve ny matrett evt for å få inspirasjon til noe. He ei fin helg! 🙂

Linda Stuhaug

17. februar 2019

Så kjekt å lese, Marigona – tusen takk for en veldig hyggelig tilbakemelding!! 🙂 <3 Ha en nydelig søndagskveld!

B

Britha Lerberg Ødemark

15. februar 2019

Jeg liker ikke banan, men resten av familien digger «bønnesalat» til indisk mat, laget etter oppskrift fra min grandtante som bodde i India i over 50 år. Bland bananskiver med rosiner, kokosmasse og strimla rødløk ☺. Selv nøyer jeg meg med rødløken og kokos . Kjevla bakeri på Hamar produserer glutenfrie lomper, men de koster en formue.

Linda Stuhaug

17. februar 2019

Aha! Det var en fin miks, haha 😀 Supert tips, Britha! Veit du kor desse er å få tak i? 🙂 Er det dagligvare, eller helsekost?

S

Silje

15. februar 2019

Hurra for bok nummer 2!! 🙂

Linda Stuhaug

15. februar 2019

Ikkje sant 😀 Har vell alltid sagt at den kjeme, men når er vell spørsmålet, hehe 🙂

T

Tove Mette Johnsen

15. februar 2019

Da gledes det to kokebok nr 2. Digger oppskriftene dine. At de er enkle og lette å få til for de fleste.. Godt også at du ikke er opptatt av kalorier… Masse fine inspirasjon

Linda Stuhaug

15. februar 2019

Tusen takk Tove Mette, det er hyggelig å lese 😀 Håper eg kan fortsette å inspirere!

K

Kristin

15. februar 2019

Jeg har tatt opp igjen rutinen med å lage planlegge neste uke med treninger og middager (er få lett å utsette trening og lage/kjøpe noe annet til middag hvis jeg ikke har banka en plan opp på veggen. Denne uken var tre av middagene fra bloggen din . Den ene lunsjen og den frokosten likeså. Fløyelsmjuk havregrøt (den bare e-r s-å g-o-d) og søtpotetmos. Takk for alle oppskrifter og inspirasjoner

Linda Stuhaug

15. februar 2019

Så hyggelig Kristin 😀 Veldig, veldig kjekt å vere til inspirasjon! Fløyelsmjuk havregraut er en stor favoritt, og søtpotetmos passer jo til så mykje 🙂 Håper eg kan fortsette å inspirere deg <3

K

Kristin

15. februar 2019

Glemte å svare på spørsmålet. Jeg syns ikke det er noen rar kombinasjon selv, men har fått reaksjoner på kaviar med hvitost på, og hvitost med syltetøy på. Kjempegodt!

Linda Stuhaug

15. februar 2019

Hæ? Det er vell vanlig, er det ikkje? Haha! Eg ete vertfall kvitost med kaviar og kvitost med syltetøy støtt og stadig 🙂 Spesielt førstnevnte!

I

Ingvild

15. februar 2019

Værste matmyten eg hører at Pepsi max (lett brus) er skadeleg, at ein heller bør drikke «normal» brus. Det er ikkje ein rar mat kombinasjon, men eg liker best mat uten saus, dressing osv, da eg føler det stjeler ein del av smaken.

Linda Stuhaug

15. februar 2019

Ja, dette med kunstig søtning er jo så enorme diskusjoner på… Eg er ikkje noko glad i saus, men eg er veldig glad i gode dressinger 🙂 Men enig i at det fort kan «stjele» litt av smaken! Men så synes eg også at det løfter en del retter 😀

T

Thea

15. februar 2019

Vil bare si at jeg liker veldig godt disse litt mer personlige innleggene mellom alle oppskriftene, synes det er kjekt! 🙂 Jeg ble kanskje mest overrasket over hvor få middager du har laget i det siste, haha! Den verste matmyten jeg vet om er denne fobien mot karbohydrater som er der ute blant enkelte, at det er nærmest umulig å leve et sunt liv med brød og pasta. Alt med måte selvfølgelig, men hallo. Mine rareste matvaner er – Jeg har syltet rødløk på alt som ikke er søtt – Jeg steker egg i salsa til frokost nesten hver eneste dag :p Takk for at du deler så mange gode oppskrifter, er innom bloggen din hver gang jeg skriver handleliste for uka, finner så mye fin inspirasjon hos deg!

Linda Stuhaug

15. februar 2019

Så kjekt du liker innlegga, Thea 🙂 Det er ikkje alltid så lett å vite kva lesarane ønsker, men slike type innlegg blir jo ofte tatt godt imot også, så det er kjekt. Ikkje noko å skryte av på middagsfronten i det siste nei… Men no blir det mindre hektisk framover, og eg håper å få tilbake kjøkkengleden 🙂 Og eg er heilt enig med deg – fobien for karbohydratet er også en matmyte som må knusast. Dei aller fleste av oss tåler fint karbohydrater i kostholdet, uten at ein skal overdrive inntaket heller! Håper eg kan fortsette å inspirere deg, veldig hyggelig med kommentar fra deg Thea 😀 <3

S

Sissel Sellgren

15. februar 2019

Liker så godt dine oppskrifter og at du ikke er opptatt av kalorier!! Hilsen en voksen dame som har prøvd mange»kurer»

Linda Stuhaug

15. februar 2019

Hyggelig å lese, Sissel! Kalorier er ikkje nøkkelen til suksess (for dei aller fleste). God fredag til deg 🙂

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg