Annonse
15. februar 2019
15 spørsmål & 15 svar
God fredag!
Eg ønska helga velkommen med eit litt utradisjonelt innlegg idag, nemlig spørsmål & svar. Det tikka inn massevis av spørsmål på instastory på onsdag, og eg har plukka ut 15 av desse som eg svarer på i dagens innlegg 🙂 Nokon av spørsmåla vil eg ta for meg som egne innlegg framover – det er spørsmål som krever lengre svar, og det er vell på tide å få i gang vekas spørsmål igjen, som eg hadde kvar veke fram til nyåret… Over til dagens!
♦ Er du alltid motivert for å lage mat?
Nei, overhode ikkje. Og eg kan love dokke at de trur eg lager mykje meir mat enn kva eg faktisk gjer. La meg ta eit eksempel; dei siste vekene har vore ekstemt hektiske med lange dager jobbing og lite fri, og i slike perioder så er eg vertfall ikkje motivert for å lage mat. Eg kan telle på en hand kor mange middager eg har laga dei siste 3 vekene. Og når eg først har laga middag, så har det blitt typiske 10-15 minutters middager med for eksempel ferdige fiskekaker.
Så nei, eg er ikkje alltid motivert for å lage mat. Det er noko som går i berg-og-dalbaner, men stort sett så er eg veldig glad i å stå på kjøkkenet og eksprimentere med oppskrifter 🙂
♦ Kva liker du best å trene, og kva årstid foretrekker du best å trene i?
Eg trivast alltid best utendørs, og synes kvar årstid har sin sjarm. På vinteren og utover våren går eg mykje toppturer, langrenn + litt fjellski. Når toppturssesongen nærmer seg slutten utover våren starter sykkelsesongen. Det går mest i landeveissykling, men også litt terrengssykling. Utover sommaren fortsetter eg med syklinga, men går også mykje på fjellet, alt fra dagsturer til langturer på 7-9 dager. Når vi går mot høst fortsetter eg også litt med sykling, men synes også at fjellet på høsten er heilt nydelig (så lenge været er med oss!). Så går vi mot vinteren igjen, syklinga blir lagt på hylla og skia leita fram. Slik ruller det og går, i tillegg til at eg elsker å springe utendørs gjennom heile året 🙂
Så må vi ikkje gløyme styrketrening og litt ymse anna trening som følger meg kvar veke, kvar årstid, år etter år.
♦ Holder du deg unna nokon matvarer? Eller ete du alt du vil?
Eg ete absolutt alt eg vil, men i ulike mengder.
♦ Veit du om nokon som produserer glutenfri lomper?
Nei, dessverre. Det er derfor eg tipser om å bake lompene sjølv ( oppskrift her) då du kan bake dei glutenfri 🙂 Men kan hende nokon av mine andre følgere veit om glutenfri lompeprodusent?
♦ Prepper du ofte mat for veka?
Dette var eg veldig flink til når eg budde i Oslo og studerte, men det har sklidd litt ut det siste halvåret. Så nei, eg kan ikkje påstå at eg er noko flink til å preppe mat for veka. Men eg passer alltid på å ha tilgjengelig gode råvarer i kjøleskapet, og i kjøkkenskapet har eg (nesten) alltid heimelaga knekkebrød, brente mandler, mandelsmør og slike oppskrifter som eg ete til det daglige. I frysaren har eg også (nesten) alltid heimelaga proteinrundstykker eller Funksjonell mat sin brødmiks som rundstykker.
Når det er sagt, så lager eg som regel klar matpakken kvelden i forveien, så eg kan vell sei at det er det nærmaste matprepping eg kjem 🙂
♦ Kor høg er du?
170 cm.
♦ Verste matmyten du høyrer?
Åh, det er så mange… Dessverre. Men for å dra fram ein av desse matmytene så er det at ein går opp i vekt av å ete seint på kvelden. Det har ingenting å sei kortid på døgnet du ete maten din, så lenge kaloriinntaket ditt er i balanse med forbruket. Så i utgansgpunktet har det ingenting å sei om du ete kveldsmaten din klokka 19 eller klokka 22. Det handler rett og slett om det totale kaloriinntaket iløpet av dagen uansett korleis ein snur og vender på det 😉
♦ Holder avokadoen seg like fin i lompene dagen etter?
Ja. Eg har vertfall aldri hatt nokon problem med det. Eg lager ofte klare lompene kvelden før, pakker inn i aluminiumsfolie, legger lompene i en matboks i kjøleskapet. Avokadoen inni lompene er like fin til lunsj dagen etterpå 🙂
♦ Har du eit anstrengt forhold til mat eller slitt med spiseforstyrrelser tidligare?
Ja, dette har eg delt informasjon om i nokre innlegg tidligare. Eg har også delt heile historie mi fra å vere overvektig og usunn til å bli undervektig med eit veldig forstyrra syn på kosthold & trening, deretter bli normalvektig igjen med min store lidenskap for sunn mat, helse, kosthold og trening i boka mi♥
♦ Kva studerer du?
Eg var ferdig å studere i juni 2018. Resultatet er en Bachelor i Samfunnsernæring og idag jobber eg som min egen sjef under mitt eget aksjeselskap. Samtidig har eg eit kontor på Helsehuset Førde/Spenst Førde der eg samarbeider litt med Spenst sentera i fylket. Nokre stikkord om det eg driver med; blogg, bok, foredrag, kurs, ernæringskonsultasjoner. Eg har skrevet eit eget innlegg om det eg jobber med HER visst du ønsker å lese meir 🙂
♦ Teller du kalorier?
Nei, eg teller ikkje kalorier. Det la eg på hylla for mange år sidan. Eg sjelden gang innimellom rekner eg kanskje ut kalorier i ei oppskrift av nysgjerrighet, eller fordi eg berre har lyst. Då kan eg også dele det i blogginnlegget. Men det betyr overhode ikkje at eg teller kalorier eller har noko fokus på kaloirer.
Les gjerne innlegget mitt «DET ER HEILT FORBANNA UAKTUELT» om du vil vite meir om kvifor eg ikkje teller kaloirer, eller kvifor eg ikkje svarer på kalorispørsmål her på bloggen.
♦ Har du nokon merkelige matkombinasjoner du er veldig glad i?
Tja, spørst kva man legger i merkelig. Men dei matkombinasjonane eg har fått mest merkelige tilbakemeldinger på er:
→ Makrell i tomat & cottage cheese (i lomper med pepper og agurk. Nam!)
→ Banan & majones (helst på knasande sprø knekkebrød!)
→ Taco med banan (ja, som en del av «grønnsakene»!)
→ Curry-retter med banan (for eksempel wok, topper då woken med bananbiter!)
Denne banana altså… Det er den som stort sett får gjennomgå 😉 Eg har nok mange andre merkelige matkombinasjoner som eg ete, men det var desse eg kom på i farten!
♦ Kva kjøper du deg når du skal kose deg?
Is! Eg elska is!
♦ Kva motiverer deg til å lage oppskrifter?
Eg har alltid elska å lage mat, og det var vore naturlig for meg å lage mat og oppskrifter. Å eksprimentere på kjøkkenet gir meg (stort sett…) mykje energi og glede, og noko ekstra motivasjon utover det trengst ikkje 🙂
♦ Kommer kokebok nr 2? Eg håper det!
Det kjem definitivt ei kokebok nr 2 🙂 Men når? Det får tida vise!
Så… No er eg faktisk litt nysgjerrig!
Er det nokon av svara som overraska deg?
Kva er den verste matmyten du høyrer?
Har du en merkelig matkombinasjon du vil dele?
Del gjerne i kommentarfeltet! God helg♥
Annonse
22 Kommentarer
R I K K E
17. februar 2019
Linda Stuhaug
17. februar 2019
Tone Eline
16. februar 2019
Linda Stuhaug
17. februar 2019
Marigona
15. februar 2019
Linda Stuhaug
17. februar 2019
Britha Lerberg Ødemark
15. februar 2019
Linda Stuhaug
17. februar 2019
Silje
15. februar 2019
Linda Stuhaug
15. februar 2019
Tove Mette Johnsen
15. februar 2019
Linda Stuhaug
15. februar 2019
Kristin
15. februar 2019
Linda Stuhaug
15. februar 2019
Kristin
15. februar 2019
Linda Stuhaug
15. februar 2019
Ingvild
15. februar 2019
Linda Stuhaug
15. februar 2019
Thea
15. februar 2019
Linda Stuhaug
15. februar 2019
Sissel Sellgren
15. februar 2019
Linda Stuhaug
15. februar 2019
SKRIV EN KOMMENTAR