Vegetarboller med enkel, digg quinoasalat & tzatziki

Hei mandag!
Ny veke, ny kjøttfri oppskrift. Ser ikkje denne tallerken skikkelig god ut? 

Dei som følger meg på instagram @lindastuhaug veit at eg elsker å handle datovarer. Eg plukker med meg det meste, fryser ned det som må frysast, og oppbevarer i kjøleskapet det som ikkje er kritisk. Deretter stoler eg på sansane mine og smaker, lukter og ser om maten er fin, og det er den i 99% av tilfella.

For litt sidan kom eg over Tine sine VGTRboller på halv pris, og eg var rask med å plukke den med meg. Eg har ikkje prøvd denne enda (det er vell en matnyhet i år) så eg var veldig spent. Eg synes det er så kjekt å prøve ut slike matnyheter! Vegetarbollane serverte eg med en enkel, digg quinoasalat og tzatziki, og her har de oppskrift;

Du treng, 2 personer
♦ 1 pk VGTR boller
♦ smør til steiking
♦ tzatziki som tilbehør

Quinoasalat
♦ 1,5 dl quinoa
♦ 1 pk, 200 g fetaost blokk
♦ 1 pk, 65 g baby leaf mix (evt. ruccola/spinat eller lignande)
♦ 1 gul paprika
♦ 1 granateple

Slik gjer du:
1. Skyll quinoa godt under rennande vatn. Kok opp 3 dl vatn og la quinoaen småkoke under lokk i 15 minutt. Avkjøl.

PS! Quinoaen kan du med fordel koke kvelden før/på morgonen og sette i kjøleskapet, så er denne vegetarmiddagen ferdig på veldig kort tid!

2. Når quinoaen er avkjølt: tilsett fetaost og kna den inn. Tilsett deretter baby leaf mix, paprika i biter og granateplekjerner. Smak til med salt og pepper, eventuelt andre krydder du liker.

3. Steik vegetarbollane i smør på middels varme i 5-6 minutt. Snu vegetarbollane underveis så alle sider får steikeskorpe.

4. Server vegetarbollane med quinoasalaten og kjøpt eller heimelaga tzatziki (oppskrift under), eventuelt anna type dressing etter smak og behag. Nyt!

Heimelaga tzatziki
200 g kesam, gresk yoghurt eller rømme
1-2 fedd kvitløk, pressa eller finhakka
1/2 agurk
salt og pepper

Slik gjer du: 
Skjær vekk den midterste, blaute delen av agurken. Riv resten av agurken på grovsida av eit rivjern. Bland sammen med resten av ingrediensane og smak til med salt og pepper.

Så lurer de kanskje på kva eg synes om vegetarbollane? Heilt ærlig – terningskast 6! Desse synes eg virkelig var gode både på smak og konsistens, og eg kjem garantert til å kjøpe dei igjen. Det er jo veldig enkelt å lage vegetarboller sjølv også, men desse er eit supert kjøttfritt alternativ som er ekstra lettvint 🙂 I tillegg inneholder dei 66% grønnsaker og 30% ost, så også næringsmessig gir eg dei en tommel opp.

Eg har også sett at Tine har laga VGTR deig med samme ingredienser, så denne skal også prøvast etterkvart. I mellomtida skal eg kanskje prøve å lage desse vegetarbollane i en heimelaga variant 🙂 Nam!

Har du teste ut VGTRbollane? Kva synes du, og korleis serverte du dei? 

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

8 kommentarer

  1. Vgtr bollene testet vi for litt siden, og de var supergode!! Vi er ikke vegetarianere, så det var bare for å prøve. Det minnet litt om falafel, kanskje? Terningkast 6 herfra også!
    Oppskriften din på tilbehør skal prøves!

    1. Eg er langt ifra vegetarianer, men lika å prøve og og eksprimentere med vegetarmiddager 🙂 Prøv dette tilbehøret, så godt!

  2. Ja, dei er testa. I tomatsuppe med egg. Samd i at dei var heilt topp!

    1. Mm, digg topping på suppe! Det var en god ide 😀

  3. Solfrid Hellevang

    Hei eg hadde onepotpasta til vegetarbollane,kjempegodt

    1. Høyres supergodt ut!

  4. Hvilken butikk kjøper du de vegetarbollene ?

    1. Eg fant dei på Bunnpris, men har sett dei på fleire butikker 🙂