Linda Stuhaug

Annonse

24. april 2019

Kyllingspyd med mangosalat & guacamole

Kyllingspyd med mangosalat & guacamole
For eit fantastisk vær det er i desse dager♥
Lyse dager, knallsol og fine temperaturer gjer at eg har lyst på lette, friske måltider. Kyllingspyd med mangosalat & guacamole er eit perfekt slikt måltid, og passer like godt på grillen som i steikeovnen 🙂 Eg har ikkje starta grillsesongen heilt enda, så denne gangen blei steikeovnen brukt, men om ikkje så alt for lenge blir nok akkurat den samme retten laga med grill i fokus!
Eg har laga denne middagen på den enklaste og raskaste måten. Smakfulle kyllingspyd med krydder, og ikkje så mykje hokus pokus med marinering og slikt. Det kan du sjølvsagt gjere dersom du ønsker det, men det uteblei hos meg denne gangen 🙂 Kyllingspyda blei likevell smakfulle og gode, med nydelig tilbehør av mangosalat og guacamole som gjorde middagen komplett;
Kyllingspyd med mangosalat og guacamole, 3-4 personer
Kyllingspyd 3 store kyllingfileter valfritt krydder (eg brukte grovkverna chili, kvitløk, pepper og urtesalt)
→ Skjer kyllingfilet på tvers og tre på spyd. Krydre godt og steik på grillen eller i ovnen på 180 grader, over-undervarme til kyllingen er gjennomstekt.
Mangosalat 1 stor, moden mango 1 agurk 2 stilker vårløk 1 chili safta fra 1/2-1 lime
→ Skjer mango og agurk i bitar, finhakk vårløk og chili. Bland saman med limesaft og sett kjølig.
Guacamole 2 avokado 2 fedd finhakka kvitløk salt, pepper, litt limesaft
→ Mos avokadoen med finhakka kvitløk, smak til med salt, pepper og limesaft. Sett kjølig.
Enkelt, eller kva? Sunt og smakfullt er det også, så då blir det ikkje bedre 🙂
Til lunsj, middag eller grillmåltidet – passer til det meste.
Velbekomme og nyt denne solfylte onsdagen!

For eit fantastisk vær det er i desse dager♥

Lyse dager, knallsol og fine temperaturer gjer at eg har lyst på lette, friske måltider. Kyllingspyd med mangosalat & guacamole er eit perfekt slikt måltid, og passer like godt på grillen som i steikeovnen 🙂 Eg har ikkje starta grillsesongen heilt enda, så denne gangen blei steikeovnen brukt, men om ikkje så alt for lenge blir nok akkurat den samme retten laga med grill i fokus!

Eg har laga denne middagen på den enklaste og raskaste måten. Smakfulle kyllingspyd med krydder, og ikkje så mykje hokus pokus med marinering og slikt. Det kan du sjølvsagt gjere dersom du ønsker det, men det uteblei hos meg denne gangen 🙂 Kyllingspyda blei likevell smakfulle og gode, med nydelig tilbehør av mangosalat og guacamole som gjorde middagen komplett;

Kyllingspyd med mangosalat og guacamole, 3-4 personer

Kyllingspyd
3 store kyllingfileter
valfritt krydder (eg brukte grovkverna chili, kvitløk, pepper og urtesalt)

→ Skjer kyllingfilet på tvers og tre på spyd. Krydre godt og steik på grillen eller i ovnen på 180 grader, over-undervarme til kyllingen er gjennomstekt.

Mangosalat
1 stor, moden mango
1 agurk
2 stilker vårløk
1 chili
safta fra 1/2-1 lime

→ Skjer mango og agurk i bitar, finhakk vårløk og chili. Bland saman med limesaft og sett kjølig.

Guacamole
2 avokado
2 fedd finhakka kvitløk
salt, pepper, litt limesaft

→ Mos avokadoen med finhakka kvitløk, smak til med salt, pepper og limesaft. Sett kjølig.

Enkelt, eller kva? Sunt og smakfullt er det også, så då blir det ikkje bedre 🙂

Til lunsj, middag eller grillmåltidet – passer til det meste.

Velbekomme og nyt denne solfylte onsdagen!

Annonse

4 Kommentarer

E

Elise

25. april 2019

Dette smakte utrolig godt!

Linda Stuhaug

25. april 2019

Så kjekt å lese, Elise 😀

I

Ida

25. april 2019

Digg! Og så lettvint 😀

Linda Stuhaug

25. april 2019

Ja, virkelig 😀

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg