Annonse
8. mai 2019
Kvifor baker eg sukkerfritt?
Som mange av dokke veit så har eg alltid trivast på kjøkkenet. Eg har alltid elska å eksprimentere med både salte & søte oppskrifter, mat i alle kategorier. Kjøkkenet har vore mitt fristed sida eg var lita jente, og heile vegen har eg hatt like mykje glede av å ete maten eg har laga. Visst vi ser vekk ifrå ein liten periode i midten av tenåra…
Når eg var 16 år var eg midt i ei livsstilsendring. Etter eit år med intens slanking, vektnedgang på 30 kilo, alt for lite mat og alt for mykje trening, så var det gått litt for langt. Eg stod på kanten og måtte velge kva veg eg skulle tippe; ut mot stupet, eller snu og vende tilbake. Eg valgte sistnevnte.
Tru det eller ei, men det er faktisk mykje av grunnen til at eg starta å bake sukkerfritt. Sjølv om eg hadde tatt valget om å komme meg ut av en ektrem besettelse, så var mat og kosthold veldig, veldig sårt i lang tid. Eg måtte finne tilbake til gleden med å både lage og ete mat. Eg måtte ta eit skritt av gangen og føle meg komfortabel med det eg skulle lage og ete.
Å lage sunnare, sukkerfri alternativ til det søte blei ein del av terapien min. Det var noko eg fikk glede av, det var noko eg følte meg komfortabel med, det var noko eg kunne ete uten å føle at eg måtte springe meg halvt ihjel dagen etterpå. Det var og løysinga på mange situasjoner der eg kunne føle meg svært utilpass – som familiemiddager, selskaper og høgtider. Då lagde eg heller noko søtt og sukkerfritt som alle kunne forsyne seg av.
Mykje har endra seg sidan starta å bake sukkerfritt som 16-åring. I starten var det mykje fokus på minst mulig kalorier, men det var noko eg sakte, men sikkert bevegde meg ut ifrå. Når eg var 19 år starta eg opp denne bloggen. Eg var komt veldig langt både mentalt og fysisk på 3 år, med ein meir balansert og avslappa livsstil. Eg kunne fint kose meg med både kake, dessert, is og godteri uten at eg følte noko skam. Men, det å bake sukkerfritt var noko som fortsatt fulgte meg. Det var sukkerfri søtsaker eg likte å eksprimentere med på kjøkkenet (i tillegg til vanlig mat, sjølvsagt). Det var min greie å bake sukkerfritt, og når eg starta opp ein blogg med fokus på sunn mat og sunnare alternativ, så var det ganske natulig at dette også blei min greie i bloggverden.
Og det har det fortsatt å vere. Gjennom 6 år har eg delt sukkerfri oppskrifter med dokke her på bloggen. Det er rett og slett mitt konsept å lage sukkerfri & sunnare alternativ til det søte; desserter, kaker og snacks. Eg veit at desse oppskriftene er grunnen til at mange av dokke faktisk følger meg idag, fordi de enten vil eller må leve sukkerfritt / kutte ned på sukker.
Men ein ting er heilt sikkert: du kan banne på at eg ikkje lever sukkerfritt sjølv.
→ Joda, eg deler sukkerfri oppskrifter her på bloggen, nettopp fordi det er min greie og det eg lika å eksprimentere med.
→ Joda, eg velger stort sett sukkerfritt til kvardags, fordi sukker gjer meg ukonsentrert, slapp, gir meg humørsvinginger og lite næring.
→ Joda, eg fant fint lage ei sukkerfri kake til eit selskap idag også, enten fordi blir etterspurt, fordi nokon må ha eit sukkerfritt alternativ eller fordi eg har lyst.
Men lever sukkerfritt? Niks. De som har fulgt meg over lengre tid veit dette veldig godt, for det har eg skrevet fleire ganger tidligare. Eg står sjelden på kjøkkenet og baker med sukker sjølv, men det er nok av helger og settinger der vi kunne skrevet SUKKER i panna på meg (gi meg is og eg er i himmelen!).
Men uansett om det gjelder sukkerfritt eller sukkerholdig; det er noko eg koser meg med når eg har lyst på det, ikkje når kalenderen eller settingen seier at det er lov. Eg bruker sunn fornuft, men setter ikkje begrensinger og restriksjoner i kostholdet mitt, og det trur eg er mykje av grunnen til at vanlig mat utgjer 95% av alt eg putter i munnen – fordi det er det eg har lyst på, det er det hode og kroppen min fungerer best på.
Så, kvifor baker eg sukkerfritt?
Sukkerfritt er min greie, min lidenskap og noko eg elsker å eksprimentere med – og det kjem eg til å fortsette med i lang, lang tid framover 🙂
Annonse
16 Kommentarer
Siri
19. mai 2019
Linda Stuhaug
19. mai 2019
Tina
9. mai 2019
Linda Stuhaug
9. mai 2019
Sandra
9. mai 2019
Linda Stuhaug
9. mai 2019
Cecilie
8. mai 2019
Linda Stuhaug
9. mai 2019
Vigdis
15. juni 2021
Linda Stuhaug
16. juni 2021
Bjørg
14. februar 2020
Linda Stuhaug
14. februar 2020
Anna
11. desember 2019
Linda Stuhaug
11. desember 2019
Margaret Bjørklund
5. desember 2020
Linda Stuhaug
6. desember 2020
SKRIV EN KOMMENTAR