Gelegodis, yoghurt panna cotta & grønn smoothie

Annonse / innlegg i samarbeid med Lerum

Hei!

Håper alle har ei nydelig veke så langt 🙂 Idag titter eg innom med tre nye, spennande og smakfulle oppskrifter til dokke:

→ Gelegodis med bringebær & appelsin
→ Yoghurt panna cotta med skogsbær
→ Grønn smoothie med spinat, mango & appelsin

Alle tre oppskriftene er laga med Lerum saft Utan tilsett sukker. Lerum har utvikla denne safta med tanke på å oppnå mest mulig frukt og bær i produkta – med heile 97% råsaft! Den er ikkje tilsatt sukker, safta gir kun 7-11 kaloriar pr. dl ferdig drikk og safta finnes i 5 ulike smaker;

Eg har tatt utgangspunkt i Lerum Appelsinsaft utan tilsett sukker & Lerum Husholdningssaft utan tilsett sukker og laga tre oppskrifter som passer perfekt no når vi går mot sommaren! 

Gelegodis med bringebær & appelsin, ca. 20 biter
200 g ferske eller frosne bringebær
1 dl Lerum appelsinsaft (utan tilsett sukker)
1 dl vatn
20 g gelatinpulver

Slik gjer du:
Visst du bruker frosne bringebær: la dei tine litt. Mos deretter bringebær, saft og vatn klumpfritt med stavmiksar. Ha over i en kjele og tilsett gelatinpulver. Varm opp på medium varme medan du rører, trekk kjelen til side rett før blandinga begynner å koke.

Hell over i ønska silikonformer. Sett i kjøleskapet til gelegodisen har stivna, det tar nokre timer.

Frisk og god, nyt gelegodisen som sunnare snacks♥

*

Yoghurt panna cotta med skogsbær, 2 porsjoner
200 g frosne skogsbær
200 g naturell yoghurt
2 ss sukrin+ (eller anna søtning tilsvarande 4 ss sukker)
0,5 dl Lerum Husholdningssaft eller skogsbærsaft (utan tilsett sukker)
4 plater gelatin

Slik gjer du:
1. Ha skogsbær, sukrin+ og saft i ein kjele. Kok opp under omrøring. Mos blandinga med stavmiksar.

2. Bløytlegg gelatinplatene i kaldt vatn i 3–4 minutt til dei er mjuke. Knip ut vatnet og smelt i den varme bærblandinga.

3. Tilsett yoghurt og bland godt. Hell over i 2 porsjonsformer. Sett i kjøleskap i 3–4 timar, eller til den er stivna. Kan med fordel lagast dagen før.

4. Server med ein klatt søta naturell yoghurt og gjerne litt friske bær eller granateple.

Yoghurt panna cottaen passer like godt til kaffikoppen, som mellommåltid eller kveldskos 🙂 

*

Grønn smoothie med spinat, mango & appelsin
150 g fryst mango
4-5 terninger fryst spinat
0,5 -1 dl Lerum appelsinsaft (utan tilsett sukker)
150 g naturell yoghurt

Valgfri topping, eg brukte banan, valnøtter og granateple

Slik gjer du:
Ha alle ingrediensane i en blendar og kjør til jevn, klumpfri smoothie. Du kan også bruke stavmiksar. Smak til med saft, og juster eventuelt konsistensen med meir væske om nædvendig.

Hell smoothien over i ei skål, ha over valgfri topping og nyt straks♥

Smoothien passer like godt til frukost, lunsj, mellommåltid eller kveldsmat!

*

Mi favorittsaft er definitivt med smaken av appelsin – både til oppskrifter, men også til drikke. Eg har smakt dei alle sammen og gir denne 10/10! Har du smakt Lerum sin serie Utan tilsett sukker? Kva er din favoritt? 

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

2 kommentarer

  1. Takk, Linda! Visste ikkje om den safta. Er den også utan kunstig søtning?

    1. Supergode! Men dei er nok søta med sukralose 🙂