Linda Stuhaug

Annonse

Turanbefaling: Vetvika – ei nydelig, skjult naturperle

Turanbefaling: Vetvika – ei nydelig, skjult naturperle
Hei fintfolk!
Dette innlegget har vore publisert tidligare, men etter å ha vore i Vetvika fleire ganger i ettertid har eg valgt å oppdatere innlegget med fleire, nye bilder og litt ny tekst. Vetvika er nemlig ei nydelig, skjult naturperle av dei sjeldne her i Sogn og Fjordane. Ein fin sommardag her er ingenting anna enn fantastisk, og når kvelden kjem og sola går ned i det åpne hav, så er det kun ordet magisk som kan beskrive det ein ser…. Ein turanbefaling til Vetvika er på sin rette plass, og eg håper at fleire får augene opp for denne fantastiske vika♥
Mitt forrige innlegg med turanbefaling blei tatt veldig godt imot, så det gav meg absolutt meirsmak å bruke litt god tid på slike innlegg når tilbakemeldingane var så gode. «Turanbefaling: Norge på tvers» ligger også i arkivet om du vil lese det 🙂
Dagens turanbefaling finner vi heime i trivselsfylket Sogn og Fjordane, derfor er nok ikkje innlegget og turen like aktuell for så mange. Men, eg har jo mange lesere og følgere heimefrå som kanskje får lyst å ta turen til Vetvika iløpet av sommaren, eller kanskje ein gang i framtida.
Vetvika blir kalla for eit naturhardt paradis og er ein av dei vestlegaste naturperlene vi har. Du blir møtt av ei krittkvit sandstrand omgjeven av asurblått hav og høge fjell…
Det går ingen veger opp hit – du må enten komme med båten inn vika, eller gå over fjellet. Den store naturopplevelsen ligger virkelig i å gå over fjellet, mot Karihaugen og gå nærmare og nærmare det åpne hav. Du kjem etterkvart fram på kanten og får ei fantastisk utsikt ned i vika♥
Turen til Vetvika kan du fint gå som ein dagstur – gjerne rundtur – men har ein tid og lyst anbefaler eg virkelig å ta ei overnatting i telt. Som nevnt er solnedgangen her heilt magisk på ein fin sommardag!
Turbeskrivelse (med hjelp frå UT!) (PS! Heile turen er godt merka med jamne mellomrom, 50-60 meter mellom merkepinnane, så uproblematisk for ukjende å ta turen)
→ Vetvika ligger i Bremanger kommune. Kjør til Svarstad på Bremangerlandet og parker bilen.
Frå parkeringa følger ein grusvegen opp mot fjernsynssendaren på Steinfjellet i ca. 3 kilometer. Ved Rabben tek ein av på ein sti til høgre like ved ei hytte. Herfra følger ein stien i ca. 1 kilometer, før stien skiller seg (følg med!).
Når stien skiller seg anbefaler eg å ta til venstre opp bratta i retning Karihaugen. Du går opp til ei høgde på ca. 600 moh, før terrenget flater seg ut og begynner å gå nedover igjen. Du kjem nærmare og nærmare det åpne hav og Vetvika, før du til slutt kjem fram på kanten får ei nydelig utsikt over vika♥
Første gang vi kom var det tjukk tåke, så letta det opp litt etter litt… Heilt fantastisk!
 Så er det berre å starte på Vikabakkane ned mot vika. Her er det nokså bratt, og kan vere krevjande for folk f.eks dårlige kne. Men, det er uproblematisk for folk flest å gå nedover her så lenge ein følger merkepinnane. Vi har møtt på både eldre og barn i desse bakkane.
→ Du er no framme i Vika. Her kan ein nyte ein god lunsj, ta eit bad, tenne bål, nyte livet… og har du med deg telt er det nok av plass å boltre seg på. Dei aller fleste velger å telte nede i vika, på grasslettene bak sandstransa (vi har både telta nede i Vika og oppi Vikabakkane, som du kan sjå på bildene).
Nede i Vika – bilde tatt opp mot Vikabakkane!
→ Når du skal gå tilbake til bilen kan du enten gå same vegen som du kom, eller du kan gå om Ura – då blir det ein rundtur, og det er absolutt det eg anbefaler.
→ Frå Vika følger ein merkepinnane til Solheim og langs nordsida av Solheimsvatnet. Her kjem du til Ura og her er det god sti. Stien held seg slakt stigande forbi nokre sel på sørsida av Fåvatnet, og etterkvart møter du igjen stien der den skilte seg. Herfra følger du stien mot grusvegen og går nedover mot bilen.
Det er ca. 16 kilometer om du går turen til Vetvika som ein rundtur. Det er ca. 7 kilometer over Karihaugen til Vika, og ca. 9 kilometer om Ura heim igjen.
Eg var i Vetvika før første gang i 2017, og sist gang for berre to veker sidan: eg tok nemlig 17.mai feiringa her i år! Eg kjem definitivt til å reise tilbake iløpet av sommaren, med telt, primus, turmat og godt selskap. Det er ingenting som er bedre enn å nyte helgene utendørs!
Håper de liker innlegget, og at fleire har lyst å ta turen 🙂 ♥ Spørr meg sjølvsagt om det er noko de lurer på, så skal eg svare så godt eg kan!

Hei fintfolk!

Dette innlegget har vore publisert tidligare, men etter å ha vore i Vetvika fleire ganger i ettertid har eg valgt å oppdatere innlegget med fleire, nye bilder og litt ny tekst. Vetvika er nemlig ei nydelig, skjult naturperle av dei sjeldne her i Sogn og Fjordane. Ein fin sommardag her er ingenting anna enn fantastisk, og når kvelden kjem og sola går ned i det åpne hav, så er det kun ordet magisk som kan beskrive det ein ser…. Ein turanbefaling til Vetvika er på sin rette plass, og eg håper at fleire får augene opp for denne fantastiske vika♥

Mitt forrige innlegg med turanbefaling blei tatt veldig godt imot, så det gav meg absolutt meirsmak å bruke litt god tid på slike innlegg når tilbakemeldingane var så gode.  «Turanbefaling: Norge på tvers» ligger også i arkivet om du vil lese det 🙂

Dagens turanbefaling finner vi heime i trivselsfylket Sogn og Fjordane, derfor er nok ikkje innlegget og turen like aktuell for så mange. Men, eg har jo mange lesere og følgere heimefrå som kanskje får lyst å ta turen til Vetvika iløpet av sommaren, eller kanskje ein gang i framtida.

Vetvika blir kalla for eit naturhardt paradis og er ein av dei vestlegaste naturperlene vi har. Du blir møtt av ei krittkvit sandstrand omgjeven av asurblått hav og høge fjell…

Det går ingen veger opp hit – du må enten komme med båten inn vika, eller gå over fjellet. Den store naturopplevelsen ligger virkelig i å gå over fjellet, mot Karihaugen og gå nærmare og nærmare det åpne hav. Du kjem etterkvart fram på kanten og får ei fantastisk utsikt ned i vika♥

Turen til Vetvika kan du fint gå som ein dagstur – gjerne rundtur – men har ein tid og lyst anbefaler eg virkelig å ta ei overnatting i telt. Som nevnt er solnedgangen her heilt magisk på ein fin sommardag!

Turbeskrivelse (med hjelp frå UT!)
(PS! Heile turen er godt merka med jamne mellomrom, 50-60 meter mellom merkepinnane, så uproblematisk for ukjende å ta turen)

→ Vetvika ligger i Bremanger kommune. Kjør til Svarstad på Bremangerlandet og parker bilen.

Frå parkeringa følger ein grusvegen opp mot fjernsynssendaren på Steinfjellet i ca. 3 kilometer. Ved Rabben tek ein av på ein sti til høgre like ved ei hytte. Herfra følger ein stien i ca. 1 kilometer, før stien skiller seg (følg med!).



Når stien skiller seg anbefaler eg å ta til venstre opp bratta i retning Karihaugen. Du går opp til ei høgde på ca. 600 moh, før terrenget flater seg ut og begynner å gå nedover igjen. Du kjem nærmare og nærmare det åpne hav og Vetvika, før du til slutt kjem fram på kanten får ei nydelig utsikt over vika♥

Første gang vi kom var det tjukk tåke, så letta det opp litt etter litt… Heilt fantastisk!

 Så er det berre å starte på Vikabakkane ned mot vika. Her er det nokså bratt, og kan vere krevjande for folk f.eks dårlige kne. Men, det er uproblematisk for folk flest å gå nedover her så lenge ein følger merkepinnane. Vi har møtt på både eldre og barn i desse bakkane.


→ Du er no framme i Vika. Her kan ein nyte ein god lunsj, ta eit bad, tenne bål, nyte livet… og har du med deg telt er det nok av plass å boltre seg på. Dei aller fleste velger å telte nede i vika, på grasslettene bak sandstransa (vi har både telta nede i Vika og oppi Vikabakkane, som du kan sjå på bildene).

Nede i Vika – bilde tatt opp mot Vikabakkane!


→ Når du skal gå tilbake til bilen kan du enten gå same vegen som du kom, eller du kan gå om Ura – då blir det ein rundtur, og det er absolutt det eg anbefaler.

→ Frå Vika følger ein merkepinnane til Solheim og langs nordsida av Solheimsvatnet. Her kjem du til Ura og her er det god sti. Stien held seg slakt stigande forbi nokre sel på sørsida av Fåvatnet, og etterkvart møter du igjen stien der den skilte seg. Herfra følger du stien mot grusvegen og går nedover mot bilen.



Det er ca. 16 kilometer om du går turen til Vetvika som ein rundtur. Det er ca. 7 kilometer over Karihaugen til Vika, og ca. 9 kilometer om Ura heim igjen.



Eg var i Vetvika før første gang i 2017, og sist gang for berre to veker sidan: eg tok nemlig 17.mai feiringa her i år! Eg kjem definitivt til å reise tilbake iløpet av sommaren, med telt, primus, turmat og godt selskap. Det er ingenting som er bedre enn å nyte helgene utendørs!

Håper de liker innlegget, og at fleire har lyst å ta turen 🙂 ♥
Spørr meg sjølvsagt om det er noko de lurer på, så skal eg svare så godt eg kan!

Annonse

46 Kommentarer

G

Gunn Helsem Leine

8. mai 2021

Hei! Er det mulegheit å få opp hengekøy der i området?

Linda Stuhaug

9. mai 2021

Hei! Det trur eg dessverre ikkje. Det er minimalt med tre i Vetvika :/

G

Grete Aa Sandal

26. juli 2019

Heisann! Korleis er tilgangen til drikkevatn i Vetvika??

Linda Stuhaug

29. juli 2019

Hei! Det renner ei elv frå toppen og ned i Vika, så det er ikkje noko problem med drikkevatn i utgangspunktet 🙂 Litt usikker på kor stor denne elva er no som det er så tørt…

S

Solveig

11. juli 2019

Hei! Skal til Vetvika i helga, kva «likte du best» av å telte oppe på fjellet og å telte nede i Vika?:)

Linda Stuhaug

11. juli 2019

Eg likte absolutt best å telte oppe på fjellet, men det er ikkje så enkelt. Det er mykje myr og vanskelig å finne tørt og flatt parti 🙂

E

Erlend

21. juni 2019

Hei Linda, Det ser ut som en fantastisk tur. Jeg lurer på om jeg skal få med meg min sønn på 10 år og ta turen nå til sommeren. Tror du det går greit for en tiåring å gå eller er det for bratt?

Linda Stuhaug

23. juni 2019

Neida, trur det sakl gå bra. Vi har vertfall møtt på mange barn i desse bakkane, både yngre og eldre enn 10 år 😀

I

Ingvild

12. juni 2019

Ååå jaa flere turtips <3 <3

Linda Stuhaug

12. juni 2019

Det vil absolutt komme 😀

S

Siri

2. juni 2019

Ser ut som en utrolig flott tur! Men hvor lang tid bruker man ca fra bilen og ut til vika?

Linda Stuhaug

2. juni 2019

Vil variere veldig fra person til person, og ikkje minst kva vei du går. Vi brukte mellom 2 og 3 timer (eg såg ikkje så nøye på klokka) 🙂

U

Urd

1. juni 2019

For en nydelig tur <3 Vi har tenkt mye på å dra til vestlandet og Bremanger, da mannen i huset har slekt der, og etternavnet hans og ungene sitt kommer derfra. Lurer litt på hvordan denne turen er å ta med unger? Oppleves det som risikabelt og bratt nå man går, er det overkommelig? Da tenker vi jo å telte (minst) ei natt før vi går turen tilbake 🙂

Linda Stuhaug

1. juni 2019

Ja, det er virkelig en fin tur altså! Kjem litt an på kor gamle ungane er? Vi har møtt på mange barn iløpet av dei gangane vi har vore der, litt vanskelig å tippe alder på dei, men dei har vore kanskje 7-8 år 🙂

T

Trine

31. mai 2019

Så fint turtips! 😀 fikk virkelig lyst til å dra dit. Hva har du i sekken på en sånn tur? Sv mat, drikke, klær osv.?

Linda Stuhaug

1. juni 2019

Takk for det Trine 🙂 Eg har med meg det eg trenger til dei måltida vi skal ha iløpet av turen, alltid ull, ytterjakke, varme mellomlagskle, shorts, t-skjorte… Ikkje noko avansert eller fancy, det kjem jo og veldig an på værmeldingane ift. temperatur kva som burde pakkast med 🙂

S

Sonja

31. mai 2019

Kor monge timar brukte du til Vetvika?:)

Linda Stuhaug

1. juni 2019

Over Karihaugen brukte vi vell mellom 2-3 timer heilt ned i Vetvika (eg såg ikkje så veldig nøye på klokka) 🙂

I

Ingrid

31. mai 2019

Ahhh, for ein tur! Den vil eg ta i sommar. Tusen takk for deling og nydelige bilder

Linda Stuhaug

1. juni 2019

Hyggelig å inspirere, Ingrid 😀

f

fruensvilje

31. mai 2019

utrolig vakkert der da,der har jeg ikke vært,men jeg er oppvokst i Måløy og vi brukte refvik sanden eller halsørsanden om somrane :=) takk for en fantastisk fin tur

Linda Stuhaug

1. juni 2019

Absolutt fine strender det også 😀 Eg har vore mykje på Grotlesanden i oppveksten min, då vi hadde hytte/fritidshus i Otteren 😀

R

Ragnhild Larsen

27. juli 2021

Utrolig vakkert. Ukjente perler for oss som bor i sørøst! Frister.

Linda Stuhaug

28. juli 2021

Anbefalast <3

K

Kjell Arne

5. juli 2023

Hei, og flott reisebrev :) Hvis en skal komme dit med båt, er det lokale skippere som kan frakte en? Sjekket du noe opp rundt dette, eller har du tips til hvem vi kan høre med og hvor? :)

Linda Stuhaug

5. juli 2023

Hei! Det veit eg dessverre ikkje noke om, må nok sannsynligvis snakke med lokale folk vil eg tru :)

G

Grethe

18. juli 2023

Tusen takk for dette nydelige turtipse vi er 4damer og to små huner som skal gå den i august . Vi lurer også på å gå Hornelen ser du har gått den er det klatring der ? Kan en ha med hund ?

Linda Stuhaug

19. juli 2023

Nei, det er ingen klyving på Hornelen! God tur😃

T

Tine

21. mai 2023

Hei. Ser helt supert ut🤗 Vi er på veg til Bremanger om fire uker. Og vi har veldig lyst på denne overnattingsturen. Tenker du det er greit å ha med hund,(Samojed på 28 kg) der det er bratt?

Linda Stuhaug

23. mai 2023

Det er litt bratt, men det skal gå heilt fint med hund😃 god tur!

Ø

Ørjan

7. juni 2020

Hei! Renner det bekker med drikkevann nedover til Vetvika slik at man slipper å ta med vann?

Linda Stuhaug

7. juni 2020

Hei! Yes, det gjer det 🙂

I

Ingrid

6. juni 2020

Det ser helt fantastisk ut. Håper å komme meg dit i sommer! Vet du om et er mulig å gå fra Grotlesanden til Vetvika? Jeg leste at om man går til Vetenplatå kan man velge å gå nordover for å få utsikt over Vetvika, men lurer på om det er mulig å komme ned til selve stranden derfra? 🙂

Linda Stuhaug

7. juni 2020

Hei! Nei, det veit eg ikkje. Har aldri høyrt om at det går an, men det kan jo hende det går ei rute over fjellet som eg ikkje veit om 🙂

Ø

Øyvind Heen

25. mars 2020

Flott beskrivelse og flotte bilder, legger det øverst på lista over «turer jeg skal ta» 🙂 Siden jeg sikkert vil ha tung sekk med mye foto, så må jeg spørre deg om hvor man starter fra. Er det mulig å kjøre et stykke på grusveien opp mot Steinfjellet?

Linda Stuhaug

26. mars 2020

Hei! Nei, det går ikkje an å køyre. Det er bom ganske tidlig og denne får du deg ikkje forbi. Kjekt innlegget inspirerte 😀

A

Astrid

9. august 2018

Turanbefalinger er veldig gøy å lese og tar med meg alle tips til neste sommer 😀

Linda Stuhaug

9. august 2018

Fantastisk 😀 Satse på en like fin sommar neste år!!

S

Sonja

9. august 2018

Følger deg mest på insta, tror jeg må lede mer av bloggen også både for turtips og oppskrifterStemmer for turtips til Hornelen

Linda Stuhaug

9. august 2018

Så kjekt du vil følge meg her også, Sonja 🙂 Eg deler jo mykje forskjellig på dei ulike kanalane! Turtips til Hornelen skal eg absolutt prøve å få til 🙂

T

Tone

9. august 2018

Hei! Jeg syns bloggen din er veldig fin å lese for tiden. Veldig god atmosfære:) Aldri vært i Sogn og Fjordane, men ser utrolig vakkert ut der! Hilsen Tone

Linda Stuhaug

9. august 2018

Tusen takk, Tone! Så koselig kommentar å få <3 Jobber meg sakte, men sikkert tilbake etter en rolig juli måned her på bloggen, men no bobler eg over av ideer og tanker som eg gleda meg til å dele framover! God torsdag vidare til deg 🙂

M

Maren

9. august 2018

Helt fantastisk fint i Vetvika!! Litt av ei perle. Gikk dit under varmeperioden i slutten av mai, sov ute under åpen himmel i vika med nært 18-20 grader. Fikk med oss solnedgangen på toppen da vi startet veldig sent etter jobb. Helt magisk! Virkelig en tur jeg anbefaler. Fikk også besøkt Hornelen som var luftig og fint! Synes det er helt topp med turtips, og vil gjernr ha flere!!! Spesielt i flotte Sogn og Fjordane, da jeg tror det ligger mange flotte, men litt skjulte turperler der. Er ikke fra Sogn og fjordane selv, men besøker det nesten en gang i mnd. Utrolog vakker natur, som behøver mer skryt!!!

Linda Stuhaug

9. august 2018

Åh, det høyres heilt fantastisk ut Maren! Sove under åpen himmel er herlig – så lenge været og temperaturen er på plass (og myggen held seg unna, hehe…). Eg gjekk også Hornelen i fjor og det er en kanonfin tur det også, kanskje eg skulle tatt ein turanbefaling der og!! Fleire turtips kjem vertfall, eg har SÅ mange eg vil dele 😀

O

Ole Martin

12. mars 2024

Hei! Takk for flott turtips. Vi vurderer denne turen med overnatting i sommer, men har med ei jente på 9 år med variabel motivasjon for å gå, og da spesielt på lange grusparti. Av bildet ser grusveien ut til å holde god nok kvalitet til å sykle, stemmer det?

Linda Stuhaug

12. mars 2024

Tja, det trur eg. Men det er ganske bratt eit stykke. Hadde ikkje ville sykla opp den bratta sjølv😊

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg