Sukkerfri kake-i-kopp med rabarbra

God fredag!

Idag er vi i det søte hjørnet med kake-i-kopp aka mikrokake på menyen♥ Eg har delt mange varianter av denne type kake før, men det er nettopp det som er så fint med grunnoppskrifta; den kan varierast i det uendelige!

Ingrediensane rører du sammen, så tilsetter du den smakstilsetninga du vil ha. Oppskrifta er sukkerfri, veldig enkel og den er klar til servering på 2-3 minutt 🙂

Min variant idag er med sukkerfritt rabarbrasyltetøy (oppskrift her). Eg tilsatte 1 stor, god spiseskei med sylte i midten av kaka før steiking. Koppkake med rabarbra – prøv dette du også om du har rabarbrasyltetøy! Visst ikkje, så kan du sjølvsagt bruke anna syltetøy, eller eventuelt heilt anna smakstilsetning 🙂

Sukkerfri kake-i-kopp med rabarbra, 1 porsjon
1 egg
70 g kesam (3 ss)
20 g havremjøl (2 ss)
10 g speltmjøl, eller anna tørrvare (1 ss)
2 ss sukrin gold (evt. 2 ss anna, valgfri søtning)
1⁄2 ts bakepulver
eit dryss ekte vaniljepulver (om du har)
smakstilsetning: eg har brukt 1 ss sukkerfritt rabarbrasyltetøy

Slik gjer du:
1. Bland saman ingrediensane til ei jevn og klumpfri kakerøre. Hell røra over i ein kopp eller lita skål (ha litt avstand til kanten, kaka vil heve litt under steiking). Tilsett sylta i midten av kakerøra.

2. Steik i mikrobølgeovnen i 2–3 minutt, eller til mikrokaka er gjennomsteikt. Følg med undervegs.

3. Et kaka varm, lun eller vent til den er kald. Serverast med det tilbehøret som passar til den kaka du lager 🙂 Eg synes det er godt med en klatt kesam/vaniljekesam♥

TIPS FOR VARIASJON!
→ Rabarbrasylte kan byttast med kva som helst anna sylte. Blåbær? Eple? Jordbær?
→ Istedenfor syltetøy kan du smakstilsette med noko heilt anna. Sjokoladepålegg? Peanøttsmør? Mandelsmør? Sjokoladebiter? Nøtter?
→  Du kan også tilsette smakstilsetning i sjølve kakerøra. Kakao for sjokoladekake? Raspa gulrot for gulrotkake? Eple for eplekake? Friske bringebær for bringebærkake?

Med andre ord, sjå på grunnoppskrifta, bruk fantastien og lag gjerne din egen vri på mikrokaka 🙂

Håper det frister!
Gi meg gjerne en tilbakemelding om du prøver 🙂

God helg♥

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *