Linda Stuhaug

Annonse

Sukkerfri bringebærmuffins med kvit sjokoladeglasur

Hei!
Det er fortsatt sesong for både bringebær og jordbær, og med det vil eg dele nokre supre, saftige og skikkelig gode muffinser som er litt grovare og magrare – perfekt til både kvardag og helg! Eg har brukt bringebær, men du kan sjølvsagt bruke jordbær, eller eventuelt andre typer frukt/bær etter smak og behag 🙂
Muffinsane er sukkerfri og kan fint lagast glutenfri (les tips) for dei som treng det! Litt fleire tilpasninger krevast for å få muffinsane melkefri, men det er absolutt ein mulighet det også♥
Muffinsrøre, 8 stk 2 egg 130 g original kesam * 1 ss smør, smelta * 40 g havremjøl * 40 g speltmjøl eller kveitemjøl * 50 g sukrin gold * 25 g sukrin+ * 1 ts ekte vaniljepulver (evt. frø fra 1 vaniljestang) 1 ts bakepulver ferske eller frosne bringebær
Kvit sjokoladeglasur 50 g kremost naturell * 50 g sukkerfri, kvit sjokolade * 4 ts sukrinmelis eit dryss ekte vaniljepulver (kan sløyfast)
Slik gjer du: 1. Sett ovnen på 180 grader over­ og undervarme. Bland saman ingrediensane utanom bringebær til muffinsrøra og rør til ei jamn, glatt røre. Juster med litt ekstra tørrvare eller vatn om nødvendig for ei passe tjukk muffinsrøre.
2. Fordel litt røre i 8 muffinsformer, legg 2–3 store bringebær i formene før du toppar med resten av muffinsrøra. Steik midt i ovnen i 15–20 minutt, eller til muffinsane er gjennomsteikte. Avkjøl på rist.
3. Smelt sukkerfri kvit sjokolade, gjerne med 1 ts Cocosa om du har. Rør inn kremost, Sukrinmelis og ekte vaniljepulver. Fordel over muffinsane, enten med skei eller sprøytepose.
4. Oppbevar muffinsane i kjøleskap til servering.
Tips og alternativerHavemjøl kan du lage sjølv ved å blende havregryn til havremjøl i blendar/foodprosessor.
→ For glutenfri muffins: bytt ut spelt/kveitemjøl med anna, valgfri glutenfri tørrvare.
For melkefri muffins: her krever det litt fleire tilpasninger. Bytt ut kesam med kokosyoghurt, smør med melkefri margarin. Bruk melkefri kremost (for eksempel Tofutti naturell) til glasuren. Du kan lage glasuren uten kvit sjokolade, eller du kan bruke melkefri kvit sjokolade.
→ Har du ikkje kvit sjokolade? Du kan fint lage glasuren uten også. Bruk litt meir philadelphia og sukrinmelis.
→ Sukrin+ og sukrin gold kan byttast med anna søtning tilsvarande 100 g sukker.
→ Som nevnt; bytt gjerne bringebær med andre typer frukt/bær, eventuelt anna smakstilsetning (sjokolade, nøtter…).
PS! Bildene i innlegget er tatt av superfotograf Jon Marius Nilsson 😀
Idag skal eg faktisk ha nokre timer på kjøkkenet etter gammalt, for å lage opp litt nye oppskrifter til dokke! Det er faktisk 6-7 veker (!) sidan sist, med unntak av ein salatoppskrift. Alle oppskrifter eg har delt i heile sommar har med andre ord vore laga på forhånd. No gleda eg meg til nokre timer på kjøkkenet og bak speilrefleksen – det blir også litt meir av no framover 🙂
God helg alle sammen♥

Hei!

Det er fortsatt sesong for både bringebær og jordbær, og med det vil eg dele nokre supre, saftige og skikkelig gode muffinser som er litt grovare og magrare – perfekt til både kvardag og helg! Eg har brukt bringebær, men du kan sjølvsagt bruke jordbær, eller eventuelt andre typer frukt/bær etter smak og behag 🙂

Muffinsane er sukkerfri og kan fint lagast glutenfri (les tips) for dei som treng det! Litt fleire tilpasninger krevast for å få muffinsane melkefri, men det er absolutt ein mulighet det også♥

Muffinsrøre, 8 stk
2 egg
130 g original kesam *
1 ss smør, smelta *
40 g havremjøl *
40 g speltmjøl eller kveitemjøl *
50 g sukrin gold *
25 g sukrin+ *
1 ts ekte vaniljepulver (evt. frø fra 1 vaniljestang)
1 ts bakepulver
ferske eller frosne bringebær

Kvit sjokoladeglasur
50 g kremost naturell *
50 g sukkerfri, kvit sjokolade *
4 ts sukrinmelis
eit dryss ekte vaniljepulver (kan sløyfast)

Slik gjer du:
1. Sett ovnen på 180 grader over­ og undervarme. Bland saman ingrediensane utanom bringebær til muffinsrøra og rør til ei jamn, glatt røre. Juster med litt ekstra tørrvare eller vatn om nødvendig for ei passe tjukk muffinsrøre.

2. Fordel litt røre i 8 muffinsformer, legg 2–3 store bringebær i formene før du toppar med resten av muffinsrøra. Steik midt i ovnen i 15–20 minutt, eller til muffinsane er gjennomsteikte. Avkjøl på rist.

3. Smelt sukkerfri kvit sjokolade, gjerne med 1 ts Cocosa om du har. Rør inn kremost, Sukrinmelis og ekte vaniljepulver. Fordel over muffinsane, enten med skei eller sprøytepose.

4. Oppbevar muffinsane i kjøleskap til servering.

Tips og alternativer
Havemjøl kan du lage sjølv ved å blende havregryn til havremjøl i blendar/foodprosessor.

→ For glutenfri muffins: bytt ut spelt/kveitemjøl med anna, valgfri glutenfri tørrvare.

For melkefri muffins: her krever det litt fleire tilpasninger. Bytt ut kesam med kokosyoghurt, smør med melkefri margarin. Bruk melkefri kremost (for eksempel Tofutti naturell) til glasuren. Du kan lage glasuren uten kvit sjokolade, eller du kan bruke melkefri kvit sjokolade.

→ Har du ikkje kvit sjokolade? Du kan fint lage glasuren uten også. Bruk litt meir philadelphia og sukrinmelis.

→ Sukrin+ og sukrin gold kan byttast med anna søtning tilsvarande 100 g sukker.

→ Som nevnt; bytt gjerne bringebær med andre typer frukt/bær, eventuelt anna smakstilsetning (sjokolade, nøtter…).

PS! Bildene i innlegget er tatt av superfotograf Jon Marius Nilsson 😀

Idag skal eg faktisk ha nokre timer på kjøkkenet etter gammalt, for å lage opp litt nye oppskrifter til dokke! Det er faktisk 6-7 veker (!) sidan sist, med unntak av ein salatoppskrift. Alle oppskrifter eg har delt i heile sommar har med andre ord vore laga på forhånd. No gleda eg meg til nokre timer på kjøkkenet og bak speilrefleksen – det blir også litt meir av no framover 🙂

God helg alle sammen♥

Annonse

6 Kommentarer

k

kristin

14. juli 2020

Hei Linda! Skal bake disse idag, men hvor mye bær er det man skal ha i?

Linda Stuhaug

14. juli 2020

2-3 store bringebær pr. muffins brukte eg 🙂 Det står i framgangsmetoden 🙂

k

kristin

14. juli 2020

Takk!

Linda Stuhaug

15. juli 2020

Håper dei smaker 🙂

M

Malene

9. august 2019

God helg! Det er aldri feil å dra frem gamle slagere, men nye oppskrifter er også spennede! 🙂

Linda Stuhaug

9. august 2019

Så absolutt 🙂 God helg!

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg