Sukkerfri plommesaft

God fredag!

Eg er litt på plommekøyret om dagane, sånn blir det når det er plommesesong og eg har fått 15-20 kilo plommer av naboane! Oppskriftene må også delast før plommesesongen er over, så derfor må det berre bli litt ekstra plommefokus på bloggen i desse dager 🙂

Så, idag er det enda en ny oppskrift med plommer i fokus: plommesaft! Sukkerfri, passe søt, passe syrlig og skikkelig god. Plommesaft er superenkelt å lage, og du kan smakstilsette den på ulike måter akkurat som du vil:

Du trenger:
3 kg plommer
15 dl vatn*
400-500 g sukrin gold, eller anna søtning*
1-2 lime eller sitron, safta
Valfri smakstilsetning: eg brukte 2 kanelstenger, 3 stjerneanis og 2 ts ekte vaniljepulver*

Slik gjer du:
1. Skyll plommene og ha dei over i en passelig kjele. Tilsett vatn og smakstilsetning.

2. Kok opp og la det småkoke i 30-60 minutt.

3. Sil plommene av plommesafta. Bruk eit dørslag og gjerne eit klede/kaffefiler, slik at safta blir heilt klar og fri for fruktkjøtt.

4. Ha plommesafta tilbake i ein kjele. Tilsett søtning (smak til) og limesaft/sitronsaft, og la safta få eit lite oppkok.

5. Avkjøl og hell over på flasker. Oppbevarast i kjøleskapet, og blandast med vatn til servering.

TIPS OG ALTERNATIVER!
Mengde vatn: du kan fint justere ned mengden vatn og få ein meir konsentert saft. Forskjellen blir rett og slett blandingsforholdet mellom ferdig saft og vatn ved servering.

Søtning: du kan bruke den søtningen du liker og foretekker. Personlig liker eg best sukrin gold eller sukrin+ som sukkerfri alternativ. Hugs også at plommer kan vere både sure og søte, så du må smake til kor mykje søtning du treng, også ut ifra kor søtt du sjølv liker det.

Valgfri smakstilsetning: du treng ikkje noko ekstra smakstilsetning, men vil du ha litt ekstra smak i safta, så er det veldig godt. Kanelstenger, stjerneanis, vaniljestang/vaniljepulver er nokre alternativ.

Med oppskrifta ovenfor ift. mengde vatn, så blei blandingsforholdet 1/3-1/4 plommesaft i glasset, resten vatn. Her må du smake deg litt fram og finne det blandingsforholdet du liker best 🙂

Plommesaft kan du fint lage av fryste plommer også. Eg har inntrykk av at veldig mange har litt for mykje plommer dei sliter med å få brukt. Frys dei ned, og lag for eksempel plommesaft eller plommesylte av dei seinare♥

Eg er ikkje heilt ferdig med plommesesongen enda… Eg har eit par oppskrifter til på lager, som eg skal dele neste veke. Eg har også tenkt å prøve meg på plomme- og eplesaft, det synes eg høyres godt og spennande ut 🙂

God helg alle sammen♥

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

6 kommentarer

  1. Hva slags plommer er dette?

    1. Aner ikkje, eg har fĂ„tt av ulike naboer 🙂

  2. Hvor lenge holder den seg i kjĂžleskapet? Kan den fryses?

    1. Den skal holde seg ei veke eller to 🙂 Her forsvant den pĂ„ ei veke. Kan frysast!

  3. Hva gjÞr du med de kokte plommene etterpÄ? Kan de brukes til noe?

    1. Dei er ihjelkokte og smaklause, eg brukte dei ikkje til noko – men kan godt hende det er mulig 🙂