Annonse
16. september 2019
Fylte, grove pannekaker med krema spinat
Hei mandag!
Er dokke klare for ei ny (våt) veke? Her på Vestlandet har det bøtte ned heile helga, og det ser ikkje ut til å gi seg med det første. Men, det er berre å gjere det beste ut av det 🙂
Uansett, dagens oppskrift er fylte, grove pannekaker. Fylte pannekaker passer med det aller meste av fyll, og denne gangen blei det krema spinat. Saftig, godt og veldig enkelt!
Til ca. 4 personer
Grov pannekakerøre
4 egg
5 dl melk
160 g havremjøl
100 g sikta speltmjøl/kveitemjøl
2 ts bakepulver
1 liten ts salt
Krema spinatfyll
400 g fersk spinat
1 boks crème fraîche (300 g)
salt, pepper og muskatnøtt
raspa ost
Slik gjer du:
1. Start med å sette på ovnen på 225 grader over- og undervarme. Visp lett sammen ingrediensane til pannekakerøra, la den svelle i minst 5 minutt.
2. Steik tynne og gylne pannekaker på litt over middels varme. Sett til side.
3. Lag deretter spinatfyllet. Ha spinaten i ei steikepanne (gjerne i to omganger) til den faller sammen. Tilsett crème fraîche og la det surre eit par minutt. Smak til med salt, pepper og muskat.
4. Fyll pannekakene med spinatfyllet, rull saman og legg i ei ildfast form. Topp med ost og gratiner midt i ovnen til osten er godt smelta. Server straks.
Du kan servere pannekakene som dei er, eller med ekstra tilbehør i form av noko grønt 🙂 Dei passer ikkje berre som en egen rett på middagsbordet, men også som tilbehør til for eksempel suppe. Du kan også lage små pannekaker (eller dele dei opp) og servere som ein tapasrett på tapasbordet♥
En deilig, kjøttfri start på veka 🙂
Håper alle får en finfin mandag!
Annonse
16 Kommentarer
Victoria
5. oktober 2020
Linda Stuhaug
6. oktober 2020
Tanja
19. september 2019
Linda Stuhaug
20. september 2019
Anonym
17. september 2019
Linda Stuhaug
18. september 2019
Anne
17. september 2019
Linda Stuhaug
17. september 2019
Susanne
16. september 2019
Linda Stuhaug
17. september 2019
Malene
16. september 2019
Linda Stuhaug
17. september 2019
Jen
31. januar 2020
Linda Stuhaug
1. februar 2020
Thea
23. februar 2020
Linda Stuhaug
23. februar 2020
SKRIV EN KOMMENTAR