Linda Stuhaug

Annonse

19. september 2019

Mine beste matpakketips for deg som vil ha en fargerik, sunn og digg matpakke!

Mine beste matpakketips for deg som vil ha en fargerik, sunn og digg matpakke!
Kva er mine beste matpakketips?
Det er eit spørsmål eg ofte får fra dokke. Sjølv er eg 100% avhengig av riktig påfyll midt på dagen. Matpakken skal gi meg overskudd og energi, økt konsentrasjon og en mage i balanse, og det gjelder absolutt fleire enn berre meg 🙂
Så, idag får dokke mine fire beste matpakketips som sikrer deg en fargerik, sunn og digg matpakke kvar einaste dag. Det trenger absolutt ikkje vere komplisert, tvert imot – små triks kan utgjere ein stor forskjell!
LAG MATPAKKE OM KVELDEN Mitt beste tips er å lage klar matpakken kvelden i forvegen, det blir fort travelt om morgonen. Er matboksen klar, er det berre å ta den med seg i veska eller sekken. Det aller meste held seg fint ei natt i kjøleskap, gjerne pakka i aluminiumsfolie eller bakepapir.
Inspirasjonsinnlegg: «8 sunne matpakker du kan klargjere kvelden i forvegen»
*
PIFF OPP BRØDSKIVENE Om du går for brødskiver, er det enkelt å piffe dei opp så dei både blir fargesprakande og meir næringsrike. Fyll på med salatblad, mykje herleg pålegg og kutta grønsaker. Pakk sistnevnte i aluminiumsfolie og ha det ved sida. Diverse middagsrestar og middagstilbehør fungerer også fint som pålegg: Fiskekaker, karbonadar, potetsalat eller brokkolisalat kan fint toppe ei brødskive. Elles kan brødskivene også å bytast ut med lomper, wraps, grove pitabrød eller heimelaga knekkebrød.
PS! Hugs så grovt brød som mulig, helst 4/4 på brødskalaen!
*
KLARGJERING AV OPPSKRIFTER Har du litt ekstra tid til å stå på kjøkkenet ein dag? Lag opp ein stor ladning av ei eller fleire lunsjoppskrifter du kan ha i kjøleskapet og ta med i matpakken. Matmuffins, eggemuffins og omelettar er gode alternativ. Du kan også lage opp grove rundstykke, scones eller pizzahorn som kan frysast ned og takast opp kvelden før eller på morgonen. Med litt ekstra grønt på sida så har du alt du trenger 🙂
Omelettmuffins – oppskrift her / grove pizzahorn – oppskrift her / saftige speltscones med havre – oppskrift her.
*
LAG EKSTRA MIDDAG Har du restar igjen etter middagen? Ha dei over i ein boks, sett i kjøle­ skapet og matpakken er klar! Det meste av middagsmat smaker like godt kaldt som varmt om du ikkje har mogelegheit til å varme den på jobben/skulen.
Oppskrift: alt-i-en panne middag med karbonadedeig og quinoa.
Så, det var nokre av mine beste matpakketips! Første tips trumfer dei alle, og henger sammen med resten av tipsa også. Lager du matpakken klar kvelden før, så er du garantert sikra ein fargerik, sunn og digg lunsj 🙂
Har du nokre gode matpakketips? Del gjerne!

Kva er mine beste matpakketips?

Det er eit spørsmål eg ofte får fra dokke. Sjølv er eg 100% avhengig av riktig påfyll midt på dagen. Matpakken skal gi meg overskudd og energi, økt konsentrasjon og en mage i balanse, og det gjelder absolutt fleire enn berre meg 🙂

Så, idag får dokke mine fire beste matpakketips som sikrer deg en fargerik, sunn og digg matpakke kvar einaste dag. Det trenger absolutt ikkje vere komplisert, tvert imot – små triks kan utgjere ein stor forskjell!

LAG MATPAKKE OM KVELDEN
Mitt beste tips er å lage klar matpakken kvelden i forvegen, det blir fort travelt om morgonen. Er matboksen klar, er det berre å ta den med seg i veska eller sekken. Det aller meste held seg fint ei natt i kjøleskap, gjerne pakka i aluminiumsfolie eller bakepapir.

Inspirasjonsinnlegg: « 8 sunne matpakker du kan klargjere kvelden i forvegen»

*

PIFF OPP BRØDSKIVENE
Om du går for brødskiver, er det enkelt å piffe dei opp så dei både blir fargesprakande og meir næringsrike. Fyll på med salatblad, mykje herleg pålegg og kutta grønsaker. Pakk sistnevnte i aluminiumsfolie og ha det ved sida. Diverse middagsrestar og middagstilbehør fungerer også fint som pålegg: Fiskekaker, karbonadar, potetsalat eller brokkolisalat kan fint toppe ei brødskive. Elles kan brødskivene også å bytast ut med lomper, wraps, grove pitabrød eller heimelaga knekkebrød.

PS! Hugs så grovt brød som mulig, helst 4/4 på brødskalaen!

*

KLARGJERING AV OPPSKRIFTER
Har du litt ekstra tid til å stå på kjøkkenet ein dag? Lag opp ein stor ladning av ei eller fleire lunsjoppskrifter du kan ha i kjøleskapet og ta med i matpakken. Matmuffins, eggemuffins og omelettar er gode alternativ. Du kan også lage opp grove rundstykke, scones eller pizzahorn som kan frysast ned og takast opp kvelden før eller på morgonen. Med litt ekstra grønt på sida så har du alt du trenger 🙂

Omelettmuffins – oppskrift her / grove pizzahorn – oppskrift her / saftige speltscones med havre – oppskrift her.

*

LAG EKSTRA MIDDAG
Har du restar igjen etter middagen? Ha dei over i ein boks, sett i kjøle­ skapet og matpakken er klar! Det meste av middagsmat smaker like godt kaldt som varmt om du ikkje har mogelegheit til å varme den på jobben/skulen.

Oppskrift: alt-i-en panne middag med karbonadedeig og quinoa.

Så, det var nokre av mine beste matpakketips! Første tips trumfer dei alle, og henger sammen med resten av tipsa også. Lager du matpakken klar kvelden før, så er du garantert sikra ein fargerik, sunn og digg lunsj 🙂

Har du nokre gode matpakketips? Del gjerne!

Annonse

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg