Lompepizza med pesto & soltørka tomat

Hei du solfylte mandag♥

For en fantastisk start på veka med sol fra knallblå himmel. Blåmandag slik den skal vere 🙂

Vi starter som alltid veka med ein kjøttfri rett, og idag er det lompepizza på menyen! Lompepizza med pesto & soltørka tomat; superenkelt, superkjapt, supergodt.

Lompepizza med pesto & soltørka tomat
→ Smør lompene med grønn pesto
→ Ha over soltørka tomat i små biter
→ Deretter litt valgfri grønnsaker. Eg brukte mais og tomat – det var det eg hadde i kjøleskapet
→ Avslutt med raspa ost

Steik på 180-200 grader til osten er godt gyllen og kantane er sprø. Du kan bruke både over-undervarme og varmluft, sistnevnte går enda kjappare 🙂

Dette er berre en av mange, mange måter å lage vegetarisk lompepizza på, men er ein av dei bedre etter min smak. Kombinasjonen av pesto & soltørka tomat synes eg rett og slett er veldig god!

Men, kor mange lompepizza pr. person? 
Det varierer naturligvis fra person til person, og kva anna ein har som tilbehør. Eg liker å servere med ein stor, grønn salat med mykje godt oppi, og då er det litt mindre plass til lompepizza 😉 Så – tilpass antall lompepizza etter ditt behov og kva tilbehør du har. Er det rester igjen smaker lompepizzaen godt kald i matpakken dagen etterpå!

Du kan bruke akkurat dein lompene du liker og foretrekker. Det er ikkje noko revlusjonerande med speltlomper framfor potetlomper, med mindre du reagerer på kveitemjøl 😉 Vil du lage heimelaga lomper så finner du oppskrift her. Desse kan du fint lage glutenfri dersom du reagerer på gluten.

Er du aleine til middag, så vil eg absolutt sei at lompepizza er midt i blinken! Her er jo det berre å lage så mange pizzaer du trur du ete. Det er ofte det eg sjølv lager når eg skal lage middag kun til meg sjølv 🙂

Lompepizza er ingenting nytt her på bloggen, dei som har fulgt meg ei stund veit at det er mange fleire varianter i arkivet, både med og uten kjøtt 🙂 Her passer det meste av topping, men som kjøttfri variant så vil eg absolutt anbefale dagens♥

Håper alle får en herlig start på den nye veka!

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *