Knasande sprø, rista kikerter

Har du prøvd å lage rista kikerter før? Kanskje du ikkje har fått dei heilt knasande sprø?

Med denne framgangsmetoden garanterer eg deg at kikertene blir skikkelig sprø og gode!

Du trenger:
350 g kikerter i lake
valgfritt krydder (les tips!)

Slik gjer du:
1. Sett ovnen på 150 grader over–og undervarme. Skyll kikertene i eit dørslag. Spre kikertene over tørkepapir og sørg for at dei blir heilt tørre.

2. Ha kikertene over i ein bolle, tilsett krydder og bland godt. Spre dei krydra kikertene over eit steikebrett med bakepapir.

3. Steik kikertene midt i ovnen i ca. 60 minutt. Vend litt undervegs. Sett deretter på varmluft og steik kikertene i 15 minutt til, eller til kikertene er godt gylne, uten at dei er svidd.

4. Avkjøl kikertene og oppbevar i ei glasskrukke.

Tips!

Eg liker at desse kikertene smakar mykje. Min favorittkombinasjon av krydder er eit godt dryss spisskumin, grovkverna chili og kvitløk, paprikakrydder, salt og pepper. Kikertene er gode berre med salt og pepper også, men det kjem naturligvis an på kva du skal bruke dei til. Prøv deg fram og finn din favoritt!

Rista kikerter står seg månedsvis i glass. Lag gjerne ein stor, stor porsjon og oppbevar i kjøkkenskapet 🙂

Rista kikerter er nydelig som topping på supper eller ingrediens i smakfulle salater. Det gir både smak og deilig crunch. I tillegg passer rista kikerter som snacks eller mellommåltid 🙂

Rista kikerter som topping på sellerirot- og pastinakksuppe. Ein deilig kjøttfri høstmiddag♥

Prøv rista kikerter du også! Det er superenkelt å lage, skikkelig digg og løfter einkvar suppe- eller salatrett! 

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

10 kommentarer

  1. Må det gjennomsiktige «laget» utapå kikertene av før man har de i ovnen?

    1. Det «slipper» av seg sjølv når du tørker kikertene 🙂 Gjer ingenting at det er litt på visst det henger igjen etter tørking.

  2. Tror du det ville vært godt med Taco krydder på?

    1. Så absolutt 😀

  3. MÅÅ jeg bruke varmluft på ovnen de siste 15 min? Har ikke varmluft…

    1. Og det er de kikertene som ligger i væske du bruker?

    2. Neida, det går nok fint uten, men kanskje du må justere steiketida 🙂

  4. Eg la kikertene utover ei plate med tørkehåndkle i bunn, men etter eit og eit halvt døgn var dei framleis fuktige. Korleis får du dei så tørre at laget utpå slepp, berre på den tida det tek ovnen å verte varm?

    1. Litt fuktige vil dei sjølvsagt vere. Det skal ikkje ta eit og eit halvt døgn å få desse tørre… Det tok meg eit par minutter i kjøkkenhandkle 🙂 Ikje tenk så mykje på at lager uttapå må sleppe. På nokre typer kikerter slipper dei fortare enn andre. Kva merke brukte du? 🙂