Annonse
1. oktober 2019
Det handler virkelig om så mykje meir enn berre kropp
Det er rart med det…
Når ein på nytt rusker opp i si eiga historie, så innser ein også kor langt ein egentlig har komt. Korleis mål, drømmer og ambisjoner har endra seg. Kva som har ført ein hit ein står idag, med alt ein driver med, alt ein elska, og alt ein står for.
Det er 1 år og over 30 kilo mellom bilde 1 & 2.
Det er 8 år og nokre ekstra kilo mellom bilde 2 & 3.
Men ein ting er sikkert med denne livsstilsendringa eg har vore gjennom. Det handler ikkje berre om at eg la om livsstilen min og gjekk frå overvektig til undervektig til normalvektig. For det handler virkelig om så mykje meir enn berre kropp.
Det handler om reisa frå å hate friluft, fjelltur, trening og bevegelse, til tvangstrening, doble treningsøkter og en kropp som var overtrent. Ei reise som ender med at naturen, fjellet, trening og bevegelse er noko av det kjæraste eg har og driver med. Eg kan ikkje sjå for meg livet uten, og det gir meg så ekstremt mykje.
Det handler om reisa frå å ha eit turbulent forhold til mat, med mykje dårlig samvittighet og overernæring, til kaloritelling og underernæring. Ei reise som ender med ernæringutdannelse, ein stor lidenskap for kosthold og matglede langt inn i hjerterota. Med fokus på sunn og digg mat, men med masse rom for å kose seg – uten eit snev av dårlig samvittighet.
Det handler om reisa frå ambisjonane om å bli verdensberømt kokk, til at kjøkkenet og matlaging blei terapi og behandling. Ei reise som ender med ein matblogg, kokebok og muligheten til å spre oppskrifter, matglede og min store lidenskap med alle dokke som følger meg. Eg lever faktisk av dette, og det er heilt surrealistisk.
Eg kunne fortsatt i evigheter. Det har vore ein lang, krevande og kronglete veg, men eg vil på ingen måte vere foruten desse lærdommane og erfaringane. Av og til tar eg meg sjølv i å tenke ”tenk visst”. Men ein kjem ingen vei med det. Istedenfor kan eg tenke tilbake på ein livsstilsendring og ei fortid som har ført meg hit eg er i dag. Nettopp med alt eg driver med, alt eg elska, og alt eg står for. Med ekte livsglede og takknemlighet for alt det historia mi har gitt meg♥
Annonse
14 Kommentarer
Carolin
5. oktober 2019
Carolin
5. oktober 2019
Linda Stuhaug
6. oktober 2019
Runa
2. oktober 2019
Linda Stuhaug
3. oktober 2019
Egil Andersen
2. oktober 2019
Linda Stuhaug
3. oktober 2019
Skogfruen
2. oktober 2019
Linda Stuhaug
3. oktober 2019
Anonym
1. oktober 2019
Linda Stuhaug
2. oktober 2019
Tina
1. oktober 2019
Linda Stuhaug
2. oktober 2019
Pål
14. juli 2022
SKRIV EN KOMMENTAR