Linda Stuhaug

Annonse

29. oktober 2019

Enkel, heimelaga tomatsuppe

Enkel, heimelaga tomatsuppe
God tirsdag!
På høst og vinterstid er eg ekstra glad i supper til middag. Eg lager gjerne ein stor, stor porsjon så vi enten har middag i fleire dager, eller fryser ned til ein lettvint middag som kun treng oppvarming seinare 🙂
Tomatsuppe er vell ein av dei mest familievennlige suppene som kan lagast. Det er ofte ein slager hos barna, men smaker like godt for oss voksne.
Heimelaga tomatsuppe er utrulig enkelt å lage, går relativt kjapt og er en super måte å bruke opp diverse grønnsaksrester på. Eg bruker alltid sjølvkokt kraft (denne gangen av storfe), men har du ikkje det, så anbefaler eg å kjøpe for eksempel Stange Kyllingkraft eller Jacobs kraft på dagligvarebutikken. Supper blir mykje bedre på både smak og næringsinnhold ved bruk av kraft, men er det vanskelig å få tak i – så går det sjølvsagt fint å bruke fond/buljong også.
Du trenger, ca. 4-6 personer 1 løk, grovhakka 2 gulrøtter, grovhakka 1 skive sellerirot, grovhakka 800 g hermetiske hakka tomatar 3 ss tomatpuré 8-10 dl kyllingkraft, storfekraft, lammekraft eller fond 1⁄2 potte frisk basilikum, finhakka 200 g kokoskrem 1 ts honning smør eller olje til steiking salt og pepper
Tilbehør til servering Kokte egg
Slik gjer du: 1. Steik løk i smør eller olje til løken er blank. Tilsett gulrøtter, sellerirot, brokkolistilk, hakka tomatar, tomatpuré og 8 dl kraft/fond. Kok opp og la det småkoke til grønsakene er heilt møre, 15–25 minutt. Køyr suppa glatt med stavmiksar.
2. Tilsett basilikum, kokoskrem og smak til med salt, pepper og honning. Juster eventuelt med ekstra væske om du ønsker ein tynnare konsistens på suppa.
3. Server suppa med kokte egg, eventuelt anna tilbehør du liker.
Tips og alternativerKokoskrem kan sjølvsagt byttast med creme fraiche eller fløyte.
Ikkje heng deg opp i dei ulike grønnsakene. Bruk det du liker og har tilgjengelig. Løk kan fint byttast med vårløk, sellerirot kan fint byttast med kålrot… Grønnsakene er for å gi suppa ekstra smak og en fyldigare konsistens.
→ Ja, eg har (som de kanskje ser i steg-for-steg bildene) brukt brokkolistilk istedenfor sellerirot. Det var det eg hadde denne gangen, og det fungerte ypperlig 🙂
Lyst på ein meir spicy tomatsuppe? Tilsett nokre fedd finhakka kvitløk og 1-2 finhakka chili.
Eg hadde også over litt finraspa parmesan på toppen – skikkelig godt!
Velbekomme – håper det frister 🙂

God tirsdag!

På høst og vinterstid er eg ekstra glad i supper til middag. Eg lager gjerne ein stor, stor porsjon så vi enten har middag i fleire dager, eller fryser ned til ein lettvint middag som kun treng oppvarming seinare 🙂

Tomatsuppe er vell ein av dei mest familievennlige suppene som kan lagast. Det er ofte ein slager hos barna, men smaker like godt for oss voksne.

Heimelaga tomatsuppe er utrulig enkelt å lage, går relativt kjapt og er en super måte å bruke opp diverse grønnsaksrester på. Eg bruker alltid sjølvkokt kraft (denne gangen av storfe), men har du ikkje det, så anbefaler eg å kjøpe for eksempel Stange Kyllingkraft eller Jacobs kraft på dagligvarebutikken. Supper blir mykje bedre på både smak og næringsinnhold ved bruk av kraft, men er det vanskelig å få tak i – så går det sjølvsagt fint å bruke fond/buljong også.

Du trenger, ca. 4-6 personer
1 løk, grovhakka
2 gulrøtter, grovhakka
1 skive sellerirot, grovhakka
800 g hermetiske hakka tomatar
3 ss tomatpuré
8-10 dl kyllingkraft, storfekraft, lammekraft eller fond
1⁄2 potte frisk basilikum, finhakka
200 g kokoskrem
1 ts honning
smør eller olje til steiking
salt og pepper

Tilbehør til servering
Kokte egg

Slik gjer du:
1. Steik løk i smør eller olje til løken er blank. Tilsett gulrøtter, sellerirot, brokkolistilk, hakka tomatar, tomatpuré og 8 dl kraft/fond. Kok opp og la det småkoke til grønsakene er heilt møre, 15–25 minutt. Køyr suppa glatt med stavmiksar.

2. Tilsett basilikum, kokoskrem og smak til med salt, pepper og honning. Juster eventuelt med ekstra væske om du ønsker ein tynnare konsistens på suppa.

3. Server suppa med kokte egg, eventuelt anna tilbehør du liker.

Tips og alternativer
Kokoskrem kan sjølvsagt byttast med creme fraiche eller fløyte.

Ikkje heng deg opp i dei ulike grønnsakene. Bruk det du liker og har tilgjengelig. Løk kan fint byttast med vårløk, sellerirot kan fint byttast med kålrot… Grønnsakene er for å gi suppa ekstra smak og en fyldigare konsistens.

→ Ja, eg har (som de kanskje ser i steg-for-steg bildene) brukt brokkolistilk istedenfor sellerirot. Det var det eg hadde denne gangen, og det fungerte ypperlig 🙂

Lyst på ein meir spicy tomatsuppe? Tilsett nokre fedd finhakka kvitløk og 1-2 finhakka chili.

Eg hadde også over litt finraspa parmesan på toppen – skikkelig godt!

Velbekomme – håper det frister 🙂

Annonse

4 Kommentarer

M

Mari

6. november 2019

Lagde denne i går, veldig god! 😀

Linda Stuhaug

7. november 2019

Fantastisk, Mari 😀

L

Lise

30. oktober 2019

Snadder. Jeg bruker ofte søtpotet i tomatsuppen mi, den synes jeg gir en god dybde i smaken

Linda Stuhaug

31. oktober 2019

Nam! Det skal prøvast 😀

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg